Something else entirely

Det har vore stille her i det siste, ein litt annleis vibb. Eg har eksistert meir utanfor internett, med flyktige store tankar som kun kan fangast med penn og papir. Livet er kaotisk no, kanskje er det alltid det.

Men det finaste er at om alt går som det skal, seier me velkommen til enda ein ny liten person i juni. I København trippa me nervøst inn på ultralydklinikk, og då eg endeleg fekk sjå det hjartet slå så klarte eg endeleg å faktisk forstå det. Det er jo nokon der inne. Nokon som bur der Saga budde, men som overhovud ikkje er Saga. Eg har kjøpt kåpe som magen kan voksa i, ein liten pysj på Illums Bolighus.

Det kom på oss som ei overrasking, og midt oppi alt anna og gjennom all kvalme og trøytte dagar har eg ikkje klart å forholda meg til det på nokon ordentlig måte, det har vore ein rar graviditet så langt og eg håpar denne neste delen blir fin, så fin. Det føles bra no, meir landa, mindre kvalmt.

2018, altså. Me møter deg med pirr i magen.

It’s been a little quiet here lately, a little weird I think. I’ve existed more outside of the internet, with big thoughts that can only be captured by pen and paper. Life is chaotic right now, maybe it always will be.

But the best thing is that if everything goes to plan, we’ll be welcoming a new little person in june. In Copenhagen we nervously went to get an ultrasound, and when I finally saw the heart beating, it was like a stroke of clarity. There is someone in there. Someone living where Saga used to live, but they are so not Saga. I have bought a coat for my belly to grow and a tiny pair of pyjamas in Copenhagen.

It came as a total surprise, and in the midst of everything else, I haven’t been able to deal with it in any real way, it’s been a weird pregnancy so far and I hope this next bit will be lovely. It feels so much better now, more settled, less nausea.

2018. We’re welcoming you with butterflies the size of balloons.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *