Grøne glitrande

Eg drog ut den store boksen vår med julepynt denne veka, for å finna fram til adventsstaken vår, også tenkte eg: me kan vel sjå litt på juletrepynten vår? Eg gler meg sånn til å få pynta treet vårt i år, men har jo allereie fått utløp for det sidan me har eit butikktre!

 

*

I pulled out the big box of christmas this week, to get a hold of our advent candle stick, and I thought: let’s look at my christmas tree baubles! I am so excited to decorate our tree this year, but I have already gotten to decorate our shop tree.

Me har to øskjer med pynt, og me har to hovudkategoriar: vintage og Liberty. Kvart år me budde i London kjøpte eg nokre julekuler i juleavdelingen på Liberty, det var ein stolt tradisjon som eg fulgte også i år då me var i London. Glitter har me i alle fargar, men det er ei stor kjelde til diskusjon i heimen: Jostein vil ha symmetri og eleganse, og eg vil berre kasta glitter mot treet og sjå kva som sit fast.

We have two boxes of decorations, and two main categories: vintage and Liberty. Every year we lived in London I would buy some baubles from the christmas shop at Liberty, it was a proud tradition that I kept also this year when we went to London. We have glitter in every color, it’s a big source of disagreement in our home: Jostein wants symmetry and elegance, and I just want to throw glitter at the tree and see what sticks.

Nokre favorittar. Jostein elskar skipet som eg kjøpte frå Artilleriet i fjor. Mine favorittar er dei oppe til høgre, dei er så gamle og skjøre. Jostein gjer morsomme ting som å sy tråd inn i ein trøffelboks og henga den på treet.

Some faves. Jostein loves the ship I got at Artilleriet last year. My faves are the ones at the top right, they’re so old and fragile. Jostein does funny things too like sewing thread into a truffle box and hanging it on the tree.

Denne krona har me mykje kjærleik for, me kjøpte den i Lucca på bryllaupsreise og den har me i toppen av treet. Ikkje noko stjerne her, nei.

*

This crown is very loved, we bought it in Lucca on our honeymoon and it’s at the top of our tree. 

Desse elsklingane kjøpte eg i fjor som ei juleoverrasking, julestrømper i William Morris-stoff frå Engelska Tapetmagasinet i Gøteborg. I Jostein sin sokk var det whiskey, Saga fekk tøfler og Ella’s Kitchen.

I bought these lovely ones last year as a christmas surprise, christmas stockings in William Morris fabric from Engelska Tapetmagasinet in Gothenburg. In Jostein’s stocking there was japanese whiskey, Saga got some booties and some Ella’s Kitchen.

I år har eg kjøpt desse tre frå Artilleriet. Ein kan faktisk køyra bilen, har Saga informert meg om. BRRMMMMMM seier ho og sklir den bortover golvet. Korleis skal dette gå?

This year I’ve bought these three from Artilleriet. You can actually drive the car, Saga told me. BRRMMMMMM, she says, and slides it across the floor. How are we going to do this?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *