Brødet som mettar all hunger

Det eg saknar aller mest ved å bu i by er dei heilt enkle tinga. Eit vinmonopol rundt hjørnet, franske små yoghurtar til helgefrukost, fancy juice, at ein kan finna alle krydder i heile verda på eit knips, at ein kan bestemma kva snittblomar ein vil ha. Øverst på lista tronar brødet, som me brukte å kjøpa på meteren på Fabrique i London og frysa ned. Eg vurderte seriøst å ta med meg eit heilt sånt i bagasjen frå London no, men det var ingen plass å gå på (for mange bøker – også ein ting eg saknar veldig).

Men, heldigvis har me funne ei løysing – me importerer brødet sjølve, frå Colonialen i Bergen. Dei har det beste surdeigsbrødet eg har smakt i Norge (Handwerk i Oslo er óg ekstremt bra) – det skal vera seigt og surt. Denne veka var mamma og lillesøster i Bergen, og klokka halv ni om morgonen reiste dei forbi i Strandgaten for å plukka opp fire deilige brød til oss. No har me frysen full ei lita stund, og eg føler meg langt bedre.

Og Saga likar det óg.

What I miss the most about living in a city is the very simple things. A place around where I live that sells wine, little french yoghurts for weekend breakfasts, fancy juice, that you can find any spice in the world in the blink of an eye, being able to pick any kind of flower. At the top of the list is the bread that we used to buy by the metre from Fabrique in London and freeze in slices. I seriously considered bringing one home in our luggage in october, but there was no room (too many books I guess – also a thing I really miss).

Luckily we have a solution – we import the bread ourselves, from Colonialen in Bergen. They have the best sourdough I have had in Norway (Handwerk in Oslo is also extremely good) – I want it chewy and sour. This week my mum and sister were in Bergen, and at eight thirty in the morning they stopped by Strandgaten to pick up four amazing breads for us. Now we have a freezer full for a while, and I am feeling much better.

Saga likes it too.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Surdeigsbrød er min absolutte favoritt óg, og det er faktisk ikkje så veldig vanskeleg å lage sjølv har eg funne ut (eg får sjeldan suksess med vanleg brød med gjær). Klart, det tek litt tid, men eigentleg veldig liten innsats ut over det – og det er noko meditativt med prosessen synast eg. Berre eit tips dersom frysaren går tom og det er lenge til neste Bergenstur. :)

    Eg brukar denne oppskrifta på surdeigsbrød av spelt til vanleg (både då eg laga startar og når eg no bakar brød): https://lyngstadernaering.no/2015/06/06/surdeigsbrod-av-100-spelt-lavfodmap/

  • Jeg jobber på Kaffemisjonen i Bergen, og vi bruker brødet til Colonialen. Føler meg ekstra heldig når jeg får ta med meg rester hjem!