Pluss / Minus i livet

PLUSS:
+ Saga som sov mellom oss halve natta, det er på plusslista sidan det skjer sjeldan og er så sjukt koseleg. Ho søv på tvers i senga, da, så det er ikkje så mykje plass til oss andre men eg søv med glede med små føtter i fjeset.
+ det ser ut som me får alle varene til julemarknaden i helga i tide. Eg gler meg til å servera gløgg til juleglade besøkande. Om du bur i nærområdet anbefalar eg å komma til Lærdal på laurdag, det kjem til å bli innmari triveleg.
+ det luktar pepperkake i huset fordi eg nettopp har satt deig. Skal stikka ut store hjarte til å ha i vindauget på butikken.
+ at eg endeleg har ordentlig komme inn i ei bok, har drive med den idiotiske greia å starta på fem ulike bøker. Men no! Blir ei kanskje ferdiglest!
+ om to veker reiser me til København for å besøka Frøy og sjå ho i Tryllefløyten på operaen. Kjem til å sprekka av kor stolt eg er!
+ Saga som har starta å sei SSSSSSSS og som no syng med når eg syng pussesangen. “Pusse, pusse, nå må vi pusse”.

 

MINUS:
– så umenneskeleg mykje stress i kroppen, ei konstant kaldsveitte og ein uro for alt som skal gjerast. Og kanskje hadde eg ikkje tatt heilt innover meg akkurat kor hardt det første året i ei bedrift er, men det kjenner eg på kroppen no. Korleis blir ein god til å deala med det?
– vintersko for born kostar så innmari mykje? Det bør folk sei til ein før ein får born. Men heldigvis er det tilbud på vintersko på Babyshop akkurat no, må berre ta mål av foten først.
– saknar typ 90% av folka i livet mitt akkurat no, og sakn er ei så trist kjensle.

PLUS:
+ Saga spent most of the night between us, it’s on the plus side because it happens so rarely and it’s so cosy. She sleeps the wrong way around which is nice, I like sleeping with tiny feet in my face.
+ it looks like we’ll get all the things we need for the christmas market that is happening this weekend. I can’t wait!
+ it smells like gingerbread in the whole house because I made a dough. Going to make big hearts to put in the window of the shop.
+ I finally have gotten really into a book, I’ve been doing this stupid thing recently where I’ve been reading five books at a time. No more!
+ in two weeks we’ll be going to Copenhagen to see Frøy and watch her in The Magic Flute at the opera. I’m going to burst from being so proud.
+ Saga has learned how to say SSSSSSSSS.

MINUS:
– such an insane amount of stress in my body, a constant clammy feeling, uneasy, about everything that needs to be done. And maybe I hadn’t really understood how hard the first year of a new business could be, but I feel it now. How does one learn to cope?
– winter shoes for children are SO expensive? People should tell you that before having kids. Luckily I’ll be able to get the pair I want in the sales this week.
– I’m really missing 90% of the people I love right now, and missing is such a sad feeling.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Barnesko ER så dyrt! Også veks dei ut av dei med ein gong. Edvard er plattfot, så me har fått beskjed om å ikkje bruke arvesko og. Mykje stress med å starte bedrift!!! Det ser så fint ut på instagram, men det er mykje stress behind the scenes.

  • Finn.no har utrolig mange billige barneskopar som nesten ikke er brukt! (Eller bare brukt i vogn.) jeg kjøper alle skoene til mini der, og de fleste sender i posten :)

  • Noe som kan hjelpe mot stress er litt meditasjon hver dag (eller når du rekker/har lyst/har tid), for eksempel ti minutter. Det høres kanskje ambisiøst og litt komplisert ut, men det er ikke noe du skal klare, bare gjøre. Jeg kan anbefale å prøve det gratis 30-dagers introprogrammet i appen Headspace. Det har hjulpet meg i slitsomme perioder. Det finnes sikkert andre gode apper også, men jeg liker veldig godt Headspace på grunn av stemmen og tilnærmingen. Verdt å sjekke ut!

  • Har funnet lite brukte sko til mi på finn.no til en brøkdel av utsalgspris. Kjøper generelt myyyye der, masse barneutstyr som knappt er brukt😁

  • https://www.babyshop.no/boots-cognac/p/181231
    Disse fra Bisgaard er fine og jeg har bare god erfaring med de, holder små barneføtter tørre og varme gjennom vinteren. Så også at det ligger noen ute på Finn.no fra typ 250,- og oppover, og ikke bli redd om de ser litt slitte ut på utsiden, det er kanskje Bisgaard sin eneste svakhet og fikses lett med litt skopuss. Det har uansett ikke noe å si på funksjonen. :)

  • Er så utruleg einig i at sakn er ei trist kjensle! Eg har ikkje tenkt så mykje på det tidlegare i livet mitt, men no når eg plutseleg har kjærast og han bur i ein annan by får eg kjenne på det ganske ofte. Kvar dag, nesten. Eg prøvar å seie til meg sjølv at eg er heldig som har folk som betyr så mykje for meg at eg saknar dei. I blant kan det hjelpe pittelitt. Masse lukke til med julemarknad. Så koseleg!

  • Bruker appen “headspace” til å takle stress (puste- og tankeøvelser, finnes i alt fra 1 min – 10 min) og husk på å ta deg tid til å ta vare på deg selv/gjøre ting som du setter pris på og som gir energi.

  • Nå klikket jeg meg inn i kommentarfeltet for å si at stress håndteres med appen Headspace, også ser jeg at to andre allerede har sagt det samme. Uansett. Gode tips kan ikke sies for ofte.