Hei, Fredag!

– inneheld reklame for eiga bedrift –

Hei, Fredag! Eg skal prøva å holda dette kort så eg ikkje får meir enn nødvendig kjeft frå Saga. Ho prøver å ta hendene mine av tastaturet og seier “nei mamma” når eg prøver å jobba med ho i nærleiken. I dag skal det komma mykje snø her, så eg må finna vinterskoa mine ein eller annan stad på loftet. Wish me luck! Jostein er i butikken no, men eg skal ned óg når det er sovetid for Saga. Me har nemlig første dag med ein person i språkpraksis hjå oss i dag, veldig spennande og fint. Han var skreddar i Syria og har faget i blodet, så eg trur me skal gjera mange spennande ting ilag framover.

Snart er alle julevarene våre her, og det er superspennande! Me kjem ikkje til å køyra dei for salg før julemarknaden, som startar 24.november, så hold utkikk! Me kjem til å legga opp ting i butikk og på nett samtidig den fredagen. Følg med på insta stories i dag (@heifredag!), så får de nokre sniktitt på kva det er som kjem.

Public service announcement: me kjem ikkje til å bestilla inn meir importerte varer no før jul (sjølv om det kjem eit lass av safrankarameller før julemarknaden!!!), så om du hadde augene på noko emalje eller såpe eller eit fint dyr eller anna fint å gi vekk i julegåve, så anbefalar eg å vera rask på ballen! Det er så tidkrevjande og kostnadstungt å importera, så me måtte berre bestemma oss for eit stoppunkt. Men det kjem framleis til å komma inn nye spennande ting før jul, berre ikkje refills av sånt me allereie har. Om de vil sikra dykk varer me har inne no men også venta på julevarene, kan de bestilla ting no også berre skriva i meldingsfeltet at me skal venta med å senda varene (så slepp de å betala for meir enn éi frakt, meinar eg). Her er link til nettbutikken.

Hi, Friday! I’ll try and keep this brief so I won’t get too much hassle from Saga. She tries to take my hands away from the keyboard and says “no mamma” when I try working with her around. Today it’s supposed to snow a lot, so I’ll have to try and find my winter shoes somewhere in the attic. Wish me luck! Jostein is in the shop now, but I’m going down there too when it’s time for Saga to sleep. It’s our first day of being a language practise today, very exciting. He used to be a tailor in Syria, and comes from a tailoring family, so I think we’ll get to some very exciting things together in the future.

Jostein og eg pløyde gjennom denne Netflix-serien denne veka, og åhhhhh den er så ubehagelig og bra. Handlar i utgangspunktet om ei nonne som blir drept i Baltimore i 1969, men ved minste dykk ned i livet hennar finn ein ut at ho underviste på ein katolsk high school med ein prest som misbrukte typ alle jentene som gjekk der. Om du likar true crime – TIPS.

Jostein and I plowed through this Netflix show this week, and it was so uncomfortable and great. It’s really about a nun who gets murdered in Baltimore in 1969, but diving into it a whole thing unveils of sexual abuse in the catholic community and the high school she worked at. If you like true crime, this is one to watch.

Elskar Greta Gerwig. Vart så glad av å lesa denne artikkelen.

I love Greta Gerwig. This article made me so happy.

Min perfekte kombo av Johanna Bradford + Small Talk. Yes! Så inspirerande.

My perfect combination of Johanna Bradford + Small Talk. Yes! Very inspiring.

Eg er SÅ pepp på sesong to av The Crown. Åttande desember oh yeah.

I’m so excited about season two of The Crown. December eight, oh yeah!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Hei Mariell! Hva er Best før-datoen på karamellene dere selger? Har lyst til å gi det i gave til jul, men holder de seg gode helt til den 24 om jeg bestiller nå?

    • Det er ti veker på dei! Dei me har no går ut typ AKKURAT til jul, men me har bestilt nye som kjem i løpet av neste veke og dei skal vara inn i det neste året. :)

  • Vil kjøpe julegaver fra butikken din, men ikke før lønning den 24.november. Vil det rekke fram til jul om jeg bestiller da? Jeg bor i Oslo

  • ELSKER bloggen din (som jeg har lest i hundre år, virker det som), og det å følge deg gjennom åpningen av butikken og alt! Skulle til å legge inn en bestilling nå, men så ombestemte jeg meg og vil vente til juleproduktene kommer , så jeg kan legge inn en større en :) Gleder meg så til å se hva som kommer!! Du er helt vanvittig flink og dyktig..for en drivkraft du har, den tror jeg mange misunner! Stå på, du er superwoman :)

  • Ellllsker bloggen din, det er et så trygt og godt sted å være! Tenkte bare å si ifra om at, iallefall på mobil, så går det ikke an å gå inn på kategorier eller søke på bloggen, fordi når man scroller seg ned til bunnen lastes det automatisk inn eldre innlegg så man aldri får trykka på kategorier og det er litt kjedelig :(