Mariell + Saga

Noko av det finaste me gjorde i London var ein laurdag på Broadway Market med Mariell. Som me har gjort tusen gongar før. Kaffi og Artwords og bilder av blomar og stappfull La Bouche. Me tok oss over til Violet Bakery der me sat ute, åt ostesmørbrød og kaker, og Saga insisterte på å gå tur med Tina, hunden til Mariell sin roomie. Så reiste me over til Liverpool Street for å gå innom Benk + Bo, som er Mariell sitt nye prosjekt i London. Er så sjukt stolt av ho, ho har brukt dei siste par åra på dette og om berre eit par dagar opnar dei. Så mange fine insta stories på instagrammen deira no.

Noko av det siste me gjorde med Mariell før me flytta var ein dag som såg nesten nøyaktig slik ut, utanom at eg hadde bursdag og at Saga var inni magen min. Sjå bilder her.

One of the loveliest things we did in London was a saturday in Broadway Market with Mariell. Like we’ve done a thousand times before. Coffee and Artwords and photos of flowers and a packed La Bouche. We went over to Violet Bakery where we dined al fresco, had grilled cheese and cake, and Saga insisted walking Tina the dog. Then we went over to Liverpool Street to stop by Benk + Bo, Mariell’s new project in London. I’m so proud of her, she’s spent the past few years working on this and in just a couple of days they open. So many lovely insta stories on their instagram right now.

One of the last things we did with Mariell before moving was a day almost identical to this, but it was my birthday and Saga was inside my belly. Photos here.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *