Mine eigne butikkfavorittar

– reklame for eigen butikk –

Fredag-favorittar

Noko av det finaste med å driva butikk er at me kan hjelpa oss sjølve å leva det livet me vil leva, og få tilgang på ting me ikkje hadde kunna hatt tilgang på om me ikkje kjøpte inn for vidaresalg. Det føles som verdens største luksus å shoppa i sin eigen butikk! Her er nokre av tinga me har heime som er frå butikken:

Håndkrem frå Morris & co

Denne håndkremen er himmelen akkurat no. Etter årevis av Aesop-håndkremar som går lekk i veska, er det no denne som er min go-to. Det finst to forskjellige, og eg syns denne er best.

Frukostblanding frå Imre Granola og marmelade frå Nordisk

Helgefrukosten er heilag. Og stjernene akkurat no er granola med nøtter og honning frå Imres Granola og marmelade med jordbær og hylleblomst frå Nordisk. SÅ god marmelade. Også eit eksempel på ei vare eg brukte å hamstra i Bergen før, men som eg no kjøper i min eigen butikk. Og granolaen er håndlaga i Oslo!

Kaffiglas frå Libbey og kaffi frå Langøra

Kvar morgon lagar Jostein cappucino til meg i desse glasa. Det har me gjort i mange år, og det var derfor me tok dei inn i butikken. Dei er like gode til drinkar og whiskey som dei er til varme drikkar (kaffi! te! gløgg!), og eg gler meg til å laga varm sjokolade med krem i dei óg i vinter!

Planner frå Rifle Paper co.

I denne planlegg eg kvardagen og jobblivet, føles trygt og bra med ein solid planleggar men som likevel er fin å sjå på.

Badeluksus frå Savon Stories

Ah, Savon Stories. Eg elskar dette selskapet, og det gjer óg alle som kjem inn i butikken. Folk snuser seg bortover bordet og mange plukkar med seg som gåver. Sjølv brukar eg desse akkurat no: håndsåpa med kashmir-rose, ansiktsvask for normal hud og to forskjellige såper i dusjen: med valmuefrø for eksfoliering, og med rosa leire for luksus.

Bakeformer frå Falcon Enamelware

Desse er så fine å setta på bordet, og dei får meg til å lengta mot England kvar gong eg brukar dei. Vil liksom berre laga paiar og crumbles. No i helga laga me lasagne i den største, perfekt storleik til det.

Plastmapper frå General Purpose

På reis til London nylig hadde me ei slik med ledningar i. Den er i perfekt storleik til fotojobb, det er plass til kameraladar, minnekortlesar, ekstra batteri og ekstra minnekort.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Me i Blokk Forlag skal kjøpe oss slike almanakkar når me er a jour med regnskapet, og regnskapsføraren har fått orden på alt så langt for 2017. Det har vore ein stor jobb, og me er enda ikkje heilt i mål, men då er det fint å ha ein premie å sjå fram mot! Og me skal bestille dei hjå deg :)

  • Er det en dato man bør bestille før, for å være sikker på å få ting før jul (forutsatt at Posten sine frister stemmer)?