Å reisa til London med ho

Me reiste til London med Saga. Eg såg etter oss der, og der var me. Me gjekk langsmed kanalen, me sat på lunsj på Broadway Market, me gjekk på ultralyd i Harley Street. Rundt kvart einaste hjørne såg eg ulike versjonar av oss der, me var der enda. Og derfor føltes det ikkje i det heile tatt som eg hadde trudd, rart og angstfylt, men det føltes heimleg. Og det var noko av det finaste som kunne ha skjedd, eg som ikkje trudde at London var heime lenger. Det er heime.

Før me reiste til London fekk me ein kasse heim med klede i gåve frå Mor og Meg, ein butikk i Bergen som eg alltid går til når eg vil finna fine klede av høg kvalitet til Saga. Har nemnt dei i forbifarten nokre gonger her på bloggen, og sidan dei har fått inn kundar i butikken på grunn av bloggen ville dei gjera eit samarbeid med oss (egentlig med Saga). Jatakk, sa me! Denne kjolen frå Serendipity var ei gåve frå dei. Fine barneklede er jo noko eg elskar å legga ned litt pengar på i håp om at dei skal vara gjennom både våre og andre folk sine ungar. Sånt ein kan vaska tusen gonger og det ser framleis bra ut.

We went to London with Saga. I looked for us there, and there we were. We were walking on the canal, having lunch at Broadway Market, going to ultra sounds in Harley Street. Around every corner was a glimpse of a different version of us, we were still there. And it didn’t feel like I had anticipated at all, weird and anxious, but it felt homely. And it was so great, because I didn’t really think London was home anymore. But it is.

Me budde hjå Veera dei første dagane, Saga sklei opp og ned teppegolvtrappene og vart ordentlig god til å gå ned trapper. Me gjekk til ein leikeplass på Hampstead Heath og hadde konstant kinoplanar som me avlyste. Det var så godt å berre slappa av, eta heimelaga mat eller bestilla inn frå puben i nabolaget, og sjå på fjernsyn og pusta ut. Ein skjønnar aldri kor gale det har vore før ein er ute av det, og London-turen fekk oss til å skjønna kor mykje stress me har levd under dei siste månadane.

We stayed with Veera the first few days. Saga went up and down the carpeted stairs and became quite a pro at walking down stairs. We went to a playground in Hampstead Heath and had constant plans to see a movie, but never went. It felt so good to just sink into domesticity, have home made food or order in from the pub in the neighbourhood. Watch TV and breathe. You never understand how bad things have been before you’ve left it, and the trip to London made us realize how much stress we’ve been living with for the past few months.

Denne pysjen som me óg fekk, er berre til å smelta av. Ikkje berre fordi den er så sinnsjukt mjuk, men óg fordi den er litt for stor. Det er noko av det søtaste eg veit når ho skal gå over dørstokkar i den og må dra den opp sjølv, ein fot av gangen.

These PJ’s are just to die. Not just because it’s so soft, but also because it’s slightly too big. It’s one of the cutest things I know, when she’s walking over something and needs to pull it up, one leg at a time.

Å få ta ho med på kafé, bestilla ting me veit korleis smakar, å la ho drikka dei siste dropane av ein gigantisk cappucino. Gå på Foyles og kjenna på alle barnebøkene, der eg gjekk og lengta etter ho, med ho, men då i magen. Det var så stort.

Og det var så himla godt å kjenna at eg aldri kunne ha budd der med ho. Så mykje høge lydar og kollektivtransport. Å få komma heilt rundt i den avgjerda, å flytta heim då me gjorde, til fuglekvitter og ro. Har jo aldri vore så takksam for eit valg før i mitt liv.

Getting to take her to cafés, ordering things knowing what they taste like, letting her drink the last drops of a giant cappucino. Going to Foyles and touching every single children’s book. Exactly where I walked around longing for her, with her, but in my belly. Felt so nice.

And it was so good feeling that I could never have stayed there with her. So many loud noises and public transportation. Feeling like the decision had made a full circle, moving home when we did, to birds singing and calm. I’ve never been more grateful about anything.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *