Korleis opnar ein butikk?

Eg har fått så mange spørsmål om butikken (<- link til nettbutikken), om prosessen. Fine folk som mailar som óg vil starta butikk, eller berre som er nysjerrige. Så eg har tatt meg tid og skrive det kanskje lengste blogginnlegget i verdshistoria. Om det er fleire spørsmål, still dei her. Eg svarar i kommentarfeltet, såklart. Så, to whom it may concern;

Heilt sidan Lillys butikk på barne-tv har eg hatt lyst til å driva butikk. Ikkje som at det har stått øverst på lista over potensielle yrke, men eg har alltid tenkt at det hadde vore gøy. Å vera den som bestemte kvar skapet skulle stå, korleis varene skal ligga på bordet, å setta på prislappar og maila med produsentar.

Dei siste ti åra har eg brukt utallige timar kvar veke på å source varer, kunstnarar, merker på internett. Berre fordi det er gøy, for å holda auget skarpt. Og utan at eg eingong visste om det bygde eg ein bank som i år skulle visa seg å vera livsviktig. Ein estetikkpakke.

I vinter fekk Jostein spørsmål frå Jon og Hallvard (of Sanden Pensjonat fame) om me kjente nokon som kunne tenka seg å starta ein concept store i krambua dei eigde, Oddebui. Det kom på eit perfekt tidspunkt, for i vekene før hadde Jostein og eg tenkt på eit anna lokale for eit anna prosjekt, og me var liksom opne for det. Så då Jostein sa det til meg den kvelden tente eg på ALLE pluggar, eg skreiv verdens lengste dokument av idéar, me hadde vår sedvanlige krangel om at Jostein kjem med skepsisen for fort, akkurat når eg er i min sweet spot av idéstraum, lista vart lenger. Eg skreiv eigne lister for jul, for påske, av brands. Også maila me Jon og meldte vår sterke interesse.

Dagen etterpå var me på synfaring. Det var byggemateriale overalt, eit fullstendig kaos som eg totalt såg forbi sidan eg kun såg på det gjennomstrøymande lyset, dei gamle veggane, golvet i andre etasje der ein kunne sjå spor etter eit heilt liv. Ein føler seg så knytta til folk i eit slikt bygg. Her åt dei middag, her var stova deira.

I utgangspunktet hadde me kun tenkt å ha ope fredagar. Sidan me ikkje egentlig har tid til å driva butikk, liksom. Men éin dag i veka kunne me vel ofra. Me bygde heile konseptet rundt det, ein butikk ein besøkte før helga. Men me har jobba tett med Arve i næringsutviklingen og med Tone (som eg ikkje klarar å tenka på utan å bli så glad og rørt) som er leiar i Levande Lokale-prosjektet som Lærdal er ein del av, og dei pusha oss på akkurat dette. Å ha ope. No ser eg jo at det var det einaste rette, Oddebui fortener det, og Gamle Lærdalsøyri fortener det. Me har berre hatt ope i ti dagar, og eg har ikkje nok hender til å telja folk som har vore innom og sagt kor glade dei blir av at det er lys i lokalet. No har butikken ope frå torsdag til søndag, men alltid er fredagskjensla der.

Og me er perfekte for Oddebui. Kontora i andre etasje er snart ferdigrenoverte (skal velga tapet no!) og då kjem me til å ha kontortid der óg, lys i andre etasje, lys kvar dag. Lys. Det er så himla viktig. Og eg er så stolt av at me er ein del av det. Me har vore heldige óg. Jon og Hallvard har vore ein drøm av nokre utleigarar (nesten alle møblar i butikken er på utlån frå dei), og me har hatt mulighet til å kunna utnytta oss av eit økonomisk momentum i kommunen akkurat no, med omstillingsmidlar og Levande Lokale som pågår. Me fekk litt pengar til kompetanseutvikling, me reiste til Paris og skreiv notatar om merker, tok bilder av varedisplay, butikklayout og fekk óg støtte til at eg kunne læra meg å bygga nettbutikk.

Prosessen har vore sjukt lang både for oss og for Oddebui, og eg innsåg fort at det å driva butikk er konstant arbeid. Å maila med distributørar og leverandørar tek opp enormt mykje tid til tross for at eg stort sett alltid veit veldig fort kva eg vil ha og kva eg ikkje vil ha. Alle varer skal passa inn i konseptet (som me kallar «helgevarer») og vera estetisk forsvarlige. Kvar dag snakkar eg med nokon, anten det er nokon som me handlar med, med DHL, med tollvesenet, med banken. Det er hardt arbeid, men det er óg så sinnsjukt gøy. På ein god dag føler eg at eg får shoppa på jobben. På ein dårlig dag føler eg at det kjem til å ta år å endra vanene til lærdølene nok til at dei faktisk går forbi og går innom oss.

Heldigvis er me ikkje avhengig av fottrafikk for å overleva. For eg har jo dykk som les her. Som alltid har vore så enormt støttande og peppande og YOU GO GIRL-folk. Det er jo det som blir den stødige drifta av butikken vår. Og det veit me godt. Me har ikkje gått inn i dette i blinde. Me har ein 12 sider lang forretningsplan som i detalj forklarer korleis me kan overleva nettopp fordi me har eit så unikt utgangspunkt. Og det at eg har så fine folk som har fulgt meg i så lang tid gjer óg at me kan tilby eit vareutvalg som aldri hadde overlevd i ei så lita bygd. Det er ikkje mange lokale som kjøper porselensdyr og skotsk sjokolade. Men det gjer de, og det elskar eg dykk for. De gjer det så fort at eg må bestilla meir berre veka etterpå.

Når det er ferdigrenovert ser det slik ut: butikklokale i første etasje. Trapp opp. Oppe er det eit lite kjøkken, to kontorrom og eit lite bad. Dei neste vekene skal dei legga vatn og kloakk, det har aldri vore vatn i Oddebui før. På det eine kontoret leiger eg, som enkeltpersonsforetak (bloggar/skribent/fotograf) og Jostein (i sitt AS) kontorplass og fotostudio. Det andre rommet er eit reint kreativt rom, og det kjem til å vera konstant i endring.

Me gjer ikkje dette for å tjena pengar. Eg er ikkje ansatt i aksjeselskapet, alle pengar me tjener går rett tilbake inn for å utvida. For å kunna ta inn større kvanta av kvart merke og dermed betala mindre for frakt per ting me kjøper. For å kunna gjera dei kreative tinga me skal, som me i alle fall ikkje tjener pengar på. Men for oss er det viktig å kunna bruka denne plattformen til å skapa nye produkt, nye idéar. Og ikkje minst, å kunna tilby det til andre som ikkje har dei same fordelane. For no har me husrommet til å kunna gjera det.

Det har vore beinhardt økonomisk. Sidan i vinter har eg brukt alle kronene mine på å kjøpa varer. Det har vore så sjukt gøy, men beinhardt. Eg starta forsiktig med å kjøpa varer allereie i mai, då designa eg óg Lærdalsfjøli som eg ikkje hadde pengar til å betala då eg bestilte den. Men me solgte ut nesten alle på Lærdalsmarknaden, og eg hadde råd til både å betala for dei og å byrja å bestilla andre varer. Oppstarten av nettbutikken var óg eit viktig økonomisk punkt, og den var egentlig nøkkelen som låste opp det heile og gjorde at me kunne ha eit så stort vareutvalg som me hadde i starten (den siste pakken med varer me venta på kom på dagen då me opna, og postmannen kom til butikklokalet med den sjølv om den var adressert heim fordi han visste at eg var i butikken – seriøst så fint og rørande).

Veka før me opna skipa eg og svigermor mi AS-et Hei Fredag AS, og det føles så bra at det ikkje er mine pengar lenger. Dei har ingenting med meg å gjera, og eg ser dei ikkje. Me fekk hjelp frå næringsutviklingen, nokre timar med revisor, som hjelpte oss med å flytta verdiane me hadde inn i aksjeselskapet, det var óg ein komplisert prosess. Og enda er me veldig i startfasen, eg har enno ikkje bankkort eingong. Svigerforeldrene mine har innvilga selskapet eit lån (eg prøvde i banken, dei sa «du spør om for lite, oppstartskostnaden blir for stor») som eg no brukar til å utvida enda meir.

The story of how I opened my shop. It’s just too long to translate right now, but please feel free to ask questions if you have any♥

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Det er så spennende og gøy å lese om butikken, vil alltid høre mer! Flytter til Gaular om et par uker, det blir definitivt en roadtrip til Lærdal en helg for å se butikken :D

  • Jeg kan ikke få sagt det nok – det er imponerende hva dere har fått til Mariell! Butikken er kjempefin. Liten, personlig, og har særpreg. Akkurat sånn jeg liker ;) Samme med nettbutikken. Og jeg tror det er lurt å ha åpent torsdag til søndag. Butikkene i Henningsvær gjør akkurat det samme (utenom sommeren når de har åpent hver dag), og det bidrar til at de får flere kunder.

  • Takk for at du deler! Spennende å lese om prosessen og hvordan å i det hele tatt starte en butikk. Jeg er ett år eldre enn deg og elsket også Lillys butikk! Jeg var så inspirert og pakket alle tingene mine i avispapir og “solgte” til lillebror :)))

  • Så fint innlegg, Mariell! Artig for ein butikknerd å lesa om ein annan butikknerd, som eg kjenner meg ganske mykje att i. Elskar òg når postdama/postmannen veit kvar ein oppheld seg og leverer direkte dit, det er verkeleg ein av mange gode med å bu i ei lita bygd. :)

  • Så fint at du deler med deg av denne prosessen, Interesant å få litt mer forståelse om arbeidet som ligger bak butikken. Jeg synes du har fått til et veldig fint konsept, som trengs i Norge!

  • Veldig spanande å lese om dette, i tillegg til det du skreiv om å starte for seg sjølv i forrige innlegg. Har veldig lyst til å legge turen innom Lærdal neste gong eg er heime på Sunnmøre, men enn så lenge får eg klare meg med nettbutikken :)

  • Så spennende lesning! Mer av dette! Hvordan er responsen fra de du kjøper av? Synes de det er stas? Det kan jeg tenke meg! Elsker utvalget av varer og har endelig bestilt (lønningsdag!). Gleder meg såpass mye at jeg vasket badet i går i påvente av ny håndsåpe.

  • Interessant og velskrevet også for oss som ikke drømmer om å starte butikk :-) har ikke fått handlet enda, men det blir, det blir!

  • Er så imponert, har følgt bloggen din i mange år og er berre heilt himmelfaren over kor stor driv du har👏🏼 Eit lite spørsmål, lurer på når du skal begynna å sende ut årdalsfjøli til dei som har forhåndsbestilt?😄 gleder meg sånn til å få den i hus, eit lite stykke heime når man ikkje bur i bygdi lenger.

  • Jeg er en av de som har mailet fordi jeg óg har planer om butikk. Vil bare si TUSEN TAKK! for et flott blogginnlegg ❤️ Dette var lærerikt, interessant og sykt inspirerende! Takk igjen! Og lykke til med videre drift av butikken – jeg heier på dere!