Fem kjappe spørsmål!

I dag er litt ein kamp å komma seg gjennom, berre føler meg så tung i hovudet av ein eller annan grunn. Sjå forresten på instagram stories for ei pågåande liste over ting som har muntra meg opp i dag! @hjartesmil heiter eg der såklart. Eg fekk så mange fine spørsmål av dykk, derav alle desse fem som kom i samme kommentar. Her får du svar!♥

– Savner du noen gang livet i London?
Eg saknar vennene våre, kor tilgjengelig alt var og Amazon Prime, liksom. Men eg saknar ikkje jaget etter å alltid prøva nye ting, å alltid vera interessant. Elskar å vera kjedelig og sjå på TV. Paradoksalt nok var det faktisk óg eit roligare liv på mange måtar i London, men det er jo fordi livsmodellen er så annleis no. Livet med ein eittåring hadde alltid vore meir busy enn livet utan. Pluss at Jostein og eg mellom oss har fire bedrifter just nu, såklart.

– Hvordan ser en “vanlig” arbeidsdag ut nå? Med tanke på at du/dere driver med så mye forskjellig (butikk, fotooppdrag osv) og i tillegg har Saga å passe på. Synes alltid inspirerende å høre hvordan folk som jobber frilans legger opp dagene sine!
– Oi, hm. Kort svar: den finst ikkje, overhovud. Jostein og eg er konstant i kommunikasjon om kva me har på tapetet den dagen/timen/veka, så me aldri skal dobbeltbooke oss. Saga skal jo vera heime med oss til ho er to år, så nokon må alltid kunna vera med ho. Men eg kan jo dykka litt djupare: måndag til onsdag er det anten veldig hektisk eller veldig rolig (i alle fall mandag), for da tek me anten litt fri (sidan me no har open butikk torsdag-søndag) eller så har me veldig mykje jobb og må frenetisk jobba når Saga søv og balansere ho mellom oss. Ho søv minst to timar tidlig på dagen kvar dag, og dei to timane er gull, anten fordi ein treng åleinetid (som eg verkeleg gjorde i går, og sat ved symaskina frå ho sovna til ho vakna) eller fordi ein kan klara å bestiga enorme arbeidshaugar på to timar når ein har eit born. Har aldri vore så effektiv i mitt liv. Men eg har mareritt om natta om at ho skal hugsa eplemerket på baksida av skjermen min meir enn fjeset mitt når ho blir eldre, at ho ser det i alle Rorschach-bilete osv osv osv. For å ta dagen i dag som eksempel, i dag sov Saga til klokka 8 (takk gud) og me storkosa i senga til klokka var langt over 9, så åt me eggerøre og rundstykker til frukost, også gjorde me oss klare for utflukt til Sogndal. Der kjøpte me tre dinosaurar til Saga på bruktbutikken, eit nytt skjerf til meg og rosinbollar på Lustrabui. Saga sovna i bilen på veg heim, me la ut babycall også sat Jostein seg ved pianoet og eg ved dataen, og akkurat då ho vakna kom besteforeldrene hennar heim og kunne ta ho. Men forrige måndag var totally loco, eg grein av meg sminken og sveitten lukta stramt av stress, huset var eit takras (altså, ikkje tru at eg overdriv her for det gjer eg ikkje) og me fekk vekeslangt besøk nøyaktig når Saga hadde ein litt tøff time. Torsdagar og fredagar er mor til Jostein heime med AFP, og kan ofte ha Saga, så me prøver å vera ganske effektive då. Også er me greie med kvarandre om me treng å bruka nokre kveldstimar på jobbing! Det er ikkje lett, men for oss er det viktig, å ha ho heime når me tross alt kan.

– Har du noen tips og råd til andre som vurderer å jobbe frilans med kreative greier?
Ja, det har eg! Start i det små. Ikkje tenk at ein må slutta i ein trygg jobb og hoppa i det umiddelbart. Om eg skulle gått frå å vera ansatt til å bygge noko eige, ville eg ha brukt den fritiden eg hadde til disposisjon og byrja forsiktig: sjekka etterspørselen i det ein dreiv med og laga ein liten database av potensielle kundar. Og ikkje ver redd for å starta sjølv om du ikkje har kundar. Om du vil skriva, skriv nokre tekstar og legg dei opp på ei heimeside eller tilby til magasin. Om du vil fotografere, tilby å ta bilder av folk gratis så du kan bygga ein portefølje og ha noko å vise til. Framstill deg sjølv profesjonelt sjølv om du ikkje enno er det, med ein logo og gjennomtenkt tekst. Lær å skriva regnskap (Fiken!!!), du vil ikkje betala meir enn nødvendig til ein regnskapsfører. True story: i fjor skreiv eg rekneskapet sjølv med Fiken mesteparten av året, men eg hadde det så sinnsjukt travelt ved årsregnskapet at eg endte opp med å blåsa 10.000 kroner på regnskapsførar då. Sjukt surt, men whatever. Eg lærer óg nye ting heile tida sjølv om eg har vore frilans heile mitt aktive yrkesliv. Også, viktig tips: VER FRI om du er frilans. Heile poenget for meg er å kunna bygga vekene og månadane sjølv, så det er superviktig for meg å kunna bryta det opp og ikkje leva eit a4-liv. Det er fint å vera effektiv, men friheten er verkeleg det mest fantastiske og den bør nytast.

– Tips til bøker og film som passer om høsten?
De Urolige av Linn Ullmann, alt av Helle Helle. I haust skal eg lesa Murakami og ein eller annan murstein, kanskje ei Frantzen-bok. Om hausten vil eg sjå Woody Allen og Hitchcock. Ikkje så politisk korrekt, kanskje, men OH WELL.

– Hva har du på nattbordet?
Absolutt ingenting. Har ein eittåring som takk og pris likar å romstere rundt på soverommet vårt medan me halvsøv i morgontimane. Men gud, ja, det hadde jo vore fint å ha ei bok, ein håndkrem, hårbørste. Det er ein romantisk tanke. Men dei ligg på golvet, under klede som er anten reine eller ikkje (som oftast eksisterer dei saman i haug) eller gøymt unna frå lubne små hender.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Å, disse spørsmålene og svarene elsket jeg å lese! Vi skal også ha Y hjemme til hun blir 2 år. Ser for meg at det blir herlig fint, travelt og kaotisk. Inspirerende å se alt dere får til, heier så innmari på dere <3

  • Åh! Tusen takk for svar på spørsmålene mine! Dette var skikkelig fint å lese. Du er så flink til å skrive ærlig og ekte, både om det som er fint og det som er utfordrende <3

  • Spesielt spennende å lese om svarene angående å starte eget, og hvordan dere løser hverdagen med barn hjemme på heltid. Vet at det er litt av en kabal med jobb og barn på førskole så virkelig imponerende at dere får det til.

  • Åh, blir rent misunnelig på hvor frie dere er til å fylle dagene og likevel få jobbet så mye! Vi prøver oss også på planlegge uke for uke i høst, med permisjoner i opp- og nedtrapping. Dette med å jobbe kveld har jeg blandede følelser for, men innser at det må til!

    • Det har eg óg, spesielt sidan me veldig bevisst slutta med det for nokre år sidan, men no er det viktigare å få nokre familietimar på dagtid også heller jobba litt om kvelden, men berre når det trengst. :)

  • Nydelig alt sammen <3
    Ærlig, men oppmuntrende. Et slags drømmeliv (for meg i hvertfall) iblandet å grine vekk sminka. For sånn er livet dere! Er SÅ inspirert av butikken din, hver gang jeg går forbi et ledig lokale her i byen tenker jeg "Her kunne jeg holdt til og solgt fine ting eller gode kaker eller begge deler", en dag i fremtiden! (Tro meg, jeg forstår at det er ekstremt mye jobb og ser ikke lett på det i det hele tatt, men drømmer alikevel)

  • Hei!
    Beklager på forhånd for spørsmålet mitt, etter så mange klikk inn i din fantastiske Internett-verden skulle jeg vel ha ett bedre spørsmål. Leste at dere skal ha datteren deres hjemme til hun er to år, hvorfor det?

    Må igjen si at siden din, med dine tips, estetikk og tanker er bare så flott!