Verda er ein skandale

Her kjem eit boktips! På veg frå Bergen og tilbake, eg hadde bryllaupsoppdrag og me køyrte tur-retur, las eg denne boka høgt for Jostein. Eg sovnar sååååå ofte i bil og hadde fått den i gåve frå Samlaget eit par dagar før. Me lo oss heile vegen til Bergen, og på veg tilbake hadde eg lommelykt i tunnellane så me ikkje skulle gå glipp av noko.

Verda er ein skandale av Agnes Ravatn er ein essaysamling om å flytte frå by til bygd og alle dei rare og fine utfordringane som kjem med det. Me kjente oss sånn igjen, følte oss ofte nesten nakne i skildringane hennar.

Eg vil at alle skal lesa den, så mykje at eg har tatt den inn i min eigen butikk, så de kan kjøpa den hjå meg i dette nu, saman med så mange andre digge greier me har i nettbutikken.

PS: kom gjerne med boktips! Eg las ei heil bok på hytta (alle småbarnsforeldre veit at dette er stort), og føler meg i eit veldig groove.

Recommending a book! In norwegian! Yay! No. But I am very happy for every book recommendation you could offer me!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *