Fint akkurat no

Det er søndag og for første gong sidan lenge, søndagskjensle i huset. Eg har dusja, vaska håret lenge, me har ein heil kylling me skal steika i ovnen og ein heil pose plommer eg vil lage syltetøy av. Saga søv i vogna med eit ullteppe tulla rundt seg, og den der fantastiske lukta av september er på veg.

Opninga i helga gjekk over all forventning, og eg har vore så overvelda og stolt. Å føla at folk er interesserte og positive til noko som er så viktig for ein sjølv, det er ei uslåeleg kjensle. No vil eg berre utvikle konseptet vidare og gjera meir med det. Me må i alle fall bestille meir varer, og det kjapt. Og det er ei ganske gøy problemstilling å ha to dagar etter opningen. Me har mange nye varer som ikkje enno ligg i nettbutikken, og i løpet av dei neste dagane skal eg få lagt opp det meste, til dei som har spurt om det.

I går var eg på bryllupsfotografering i Stryn, som jo i utgangspunktet var ein sinnssjuk plan. Eg sat og duppa i bilen heile vegen dit, så var eg så himla PÅ og hadde ein utrulig fin dag på jobb med supergode herlege folk, før eg igjen sat meg i bilen og halvsov heile vegen heim igjen (obs, eg var ikkje sjåføren).

Medan eg var i Stryn var Fredrik, Christine og Ingvild bak kassa, og to besteforeldrepar tok seg av Saga. Kor heldig får ein bli i denne verda, liksom? I morgon kjem Veera på besøk, som me ikkje har sett sidan me flytta frå London i april i fjor. Det skal bli så himla fint, og me tek fri med det beste samvitet.

It’s sunday, and for the first time in a long time, I have all the sunday feelings. I’ve showered, really washed my hair, we have a chicken to roast in the oven and a bag of plums to make into jam. Saga is sleeping in her pram rolled up in a wool blanket, that smell of september in the air.

The shop opening this weekend went down so well, I’ve been so overwhelmed and proud. Feeling like people are interested and positive about something so important to me is an unbeatable feeling. Now I want to develop the concept further and do more with it. First thing is ordering more products, which is such a good problem to have two days after we’ve opened.

Yesterday I went to Stryn to shoot a wedding, which was an insane plan to begin with. I was half-sleeping and head bopping all the way, and then I was ON and had such a nice day at work with lovely good people, before I got in the car again and half slept all the way home again (ps I was not the driver).

While I was in Stryn, Fredrik, Christine and Ingvild were running the shop, and two sets of grandparents watched Saga. How lucky can you get? Tomorrow, Veera is coming to visit, we haven’t seen her since moving from London in april last year. Very much looking forward to that, and taking some time off too.

Ein blandingsbukett heime, me hadde for lite vasar. Hortensia frå Åse, som eg lagar kokebok med akkurat no, saman med ein bukett frå Avdem Gardsysteri.

A mixed bouquet at home, we don’t have enough vases. Hydrangeas from Åse, who I am shooting a cook book with at the moment, with one from Avdem Gardsysteri.

Då me kom heim frå Stryn i går, hadde Fredrik, Christine og Ingvild laga middag, kjøpt øl og hengt opp ballongar i vindauga. Som barnebursdag, berre bedre pga øl.

When we got home yesterday, Fredrik, Christine and Ingvild had made dinner, bought beer and put up balloons in the windows. Like a kid’s birthday party, only better because beer.

Saga fekk ein gåve i posten frå Boden. Saman med verdens finaste cardigan, fekk ho strømpebukser og strømper av beste slag: ribba/med dyrefjes på.

Saga received a gift in the post from Boden. With the cutest cardigan ever, there was also tights and socks of the best kind: ribbed/with animal faces on them.

Eg vart så glad då eg fann Lisen får ikke sove på eit loppemarked nylig, sidan det var ein av mine beste bøker som born. Men Saga elskar å riva i gamle bøker (kvifor!), og no trur eg at eg skal heller ramme inn denne sida og henga den på veggen på rommet hennar.

Saga loves tearing up old books (why!), so now I’m thinking I should frame this page and put it up in her room.

Her er eit lite bilde av det eine bordet i butikken! Lovar å ta bilder med kamera i neste veke. Det er så fint at alt føles så mykje roligare no.

A little sneaky shot of one of the tables in the shop. I’m going to take some photos with my proper camera next week. Everything feels so nice and relaxed now.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Grattis med butikk! Så gøy at det går bra! Frem for flinke folk! Jeg som skulle bestille grevlingsparebøsser (jepp, plural) må tydligvis svinge innom senere igjen :-) Har fått grevling i hagen og da må man jo ha grevlingbøsse – sier seg selv :-)

  • Ååå, bildet fra Lisen får ikke sove! Major flashbacks fra barndommen. Vil også finne den illustrasjonen og ramme den inn <3 ha en fin kveld!