It’s the small things

Det er vanskeleg å skriva no, med alt anna som skjer, som er så himla synd sidan eg vil fortella om og dokumentera absolutt alt. Oppå at butikken vår opnar neste veke, har Jostein hatt ein 48-timers migrene samtidig som S har tannframbrudd og ikkje vil sova på dagen. Så all min ledige tid, dei 45 minutta ho har sove, har gått med til telefonsamtalar ein ikkje kan ta når ein unge vil dra deg i håret og eta opp nasen din. Føler litt at det smuldrar opp. Føler mest at det går jo bra uansett. Her er uansett nokre små lyspunkt frå dei siste dagane, dei handlar alle om Saga. Alt handlar jo om Saga.

It’s difficult to write now with everything that is going on, which is such a shame because I want to tell you about everything and document everything too. On top of our shop opening next week, Jostein has had a 48 hour migraine this week at the same time that S is going through such pain with her teeth and doesn’t want to sleep in the day. So all of my spare time this week has gone to making the phone calls I can’t make when she’s awake pulling my hair, eating my nose. I feel like it’s crumbling a little. I also feel like everything will be fine. Here are some little nice things from the past few days, they’re all about Saga. Everything is about Saga.

Eg hadde kunstverkstad med S, som åt meir maling enn ho fekk på papiret, men resultatet vart så himla fint. Hennar første kunstverk.

I got a little creative with S, who ate more paint than she got on paper, but I love the result. Her first piece of art.

Kom ned i stova til dette synet her ein dag. Lesestund med Karsten og Petra-boka mi som eg hadde då eg var liten. Saga har lært at Løvungen seier WÆÆÆ.

I came down to see these two the other day, reading one of my favorite books as a kid. There is a lion in it, and now she knows how to say ROARRRR.

Av og til skvett eg til av at det ligg tre egg i panna. Som om ein bitteliten del av meg enda ikkje veit, heilt sikkert, at me er tre i familien no.

Sometimes I look into the pan to see three eggs and it catches me off guard. Like a tiny part of me still doesn’t believe that there are three of us now.

Dette var i dag, då Jostein prøvde å bysse ho i søvn igjen etter luren. Ho er blitt så himla lang.

This was today, Jostein trying to rock her back to sleep again after her nap. She is just so long.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Hei! Så utrolig stemningsfulle bilder! Og ja – kjenner så godt igjen meg selv i det du skriver. Av og til virker det som om ingenting går, men alt til slutt uansett handler om det lille menneske som er i livet ditt (!!!).
    Den store gule gulvpute – hvor er den fra? Prøver å lage en lesekrok på rommet til sønnen min, men finner ingen gulvputer som det går an å sitte og lese i. Hjelp! :)

    • Takk! <3 Den er kjøpt på Royal Design, frå merket Department (modell: pod)! Den er heilt fantastisk, er designa med ein kant som er høgare så det blir som ein rygg.