Hei, Fredag!

Hei, Fredag! I dag er det altså to veker til butikken opnar, og eg trur ikkje at eg overhovud forstår at det er så nære sjølv om det er det eg jobbar med heile dagen. I morgon har eg bryllaup i Bergen igjen, så i kveld må helga maksast, har eg tenkt. Om eg klarar det gjenstår jo å sjå. Men med Poirot og Ben&Jerry’s må det vel gå på eit vis?

Mamma skal passa Saga heile dagen i morgon, og ho er såååå pepp på det (Saga er verdens heldigaste barnebarn). Eg er ikkje like pepp, som har ein tendens til å gråta når eg ikkje får muligheten til å legga ho sjølv om kvelden. I framtida har eg tenkt at me må snakka mykje om det her, om å vera mamma og å starta AS. Det er beinhardt. Har hatt så mykje angst i år, meir enn i fjor og året før til sammen, som om psyken er i konstant protest mot planane mine.

Saga har vore sjuk denne veka óg, med feber som har gjort at ho berre vil sitta i fanget og berre vil eta mat frå posar, takk og pris at me er foreldre i 2017 og kan kasta pengar på problemet. Takk og pris for grautposar.

Forresten: apropos at me opnar butikken om berre to veker. Me skal ha fest. Og de må gjerne komma, dei som kan! Det blir punsj og kake og eg kjem sikkert til å vera sveitt og stressa og superglad! Det blir klokka 18:00, fredag 8. september i Oddebui (Øyragata). Om du vil komma, må du klikka deg inn hit og trykka på delta.

Det har vore enda ei veke av total jobbing på dagen, og møter på kvelden. Og mitt lille audmjuke lager er på veg til å sprengast av varer. Igjen, tusen takk til alle som bestiller. Håpar de veit kor mykje enklare de gjer denne prosessen for meg. For kvar og ein av dykk som legg igjen ein bestilling blir det enklare for meg å pusha meg sjølv, ta risikoar med grunnlag i all den deilige kunnskapen desse bestillingane gir meg. Så tusen, tusen takk. Skulle aldri ha turt å gjera dette utan dykk. Denne veka har det gått mest av ulike kolabitar(bringebær og salt lakris er heilt klart mest populær), Earl Grey-sjokoladen frå Coco og denne dagboka. Men ta ein titt der borte om du har lyst! I dag ligg det oppe mange nye ting frå House of Rym, og seinare i dag kjem det opp superfine papirvarer frå danske Kartotek. Det fine er at eg sålangt selger klart best på fredagar, det er jo sikkert fordi eg skriver litt her men det føles likevel så passande for ein fredagsbutikk.

Oh hi, Friday! I can’t even begin to understand that the shop opening is two weeks away. I can’t wrap my head around it, and it’s all I’m working on at the moment. Tomorrow I’m doing a wedding in Bergen again, so tonight has to be the max a weekend can be. If I can, that is. But with Poirot and Ben&Jerry’s that should be good, no?

My mother is watching Saga all day tomorrow and is very excited (she’s the luckiest grandbaby ever). I’m not so excited, I have a tendency to weep whenever I’m not the one putting her to bed. In the future I think we’ll have to talk a lot about this, being a mom and starting a new business. It’s really hard. I’ve had more anxiety this year, more than last year and the year before put together, like my psyche is constantly opposed to my plans.

Saga has been sick this week too, with a fever that have made her a lap baby, and only eating food out of pouches, thank god we’re parents of 2017 and can throw money at the problem. Thank god for porridge pouches.

It’s been a week of total work in the day and meetings in the evenings. And my humble storage room is going to burst at any moment. I’m so grateful to the people who have chosen to spend some money in my shop this far, it makes me feel so much safer and confident when it comes to ordering new fun stuff!

Eg følger Hovelsrud gård på Instagram, og dei la ut dette nydelege bildet av eit steinbygg og eg tenkjer at JA. Sånn må me óg ha på garden ein plass.

I saw this at Hovelsrud farm’s Instagram, and I thought YES. We have to have something similar here.

Likte veldig godt denne guiden hos NYTimes om korleis ein best tek vare på kleda sine.

Denne oppskrifta på fiskepai skal eg prøva i veka som kjem. Har blitt så sugen på å laga pai etter eg fekk Falcon Enamelware i nettbutikken min!

I’m going to try this recipe for fish pie in the upcoming week!

Beste Ban.Do har opna ein såkalla Self Expression Shop, som heilt enkelt er hjelp til å setta personlige preg på varer dei har. Men sååå mykje fint.

Ban.Do has opened a so-called Self Expression Shop, which is really just help to put a personal touch on their stuff. So many pretty things.

Ganni har fått såååå mykje fint i det siste. Altså, den kjolen er sjukt dreamy. Men eg trur det får bli eit par scrunchies på meg, altså.

Ganni have a lot of great stuff now. This dress is to die, but I think I’ll stick to getting a couple of scrunchies.

Anja Dahle, ein illustratør som eg er superfan av, har starta podcast med ei anna i Blokk Forlag om depresjon – men morsom! Ustabil heiter den. Høyr på den i helga.

I like this new funny podcast on depression! It’s in norwegian though.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Jeg synes du er tøff som gjør dette på tross av angsten. Det hadde vært så lett å holde seg til det kjente og trygge, men du utfordrer deg selv og gjennomfører drømmer og planer. Det er så fint!

  • ELSKER BLOGGEN DIN, MARIELL! Og jeg har ikke ord for hvor mye du imponerer og inspirerer meg. Jeg sliter selv med mye angst, og jeg hadde aldri klart alt det du klarer. Det er helt rått! Ta vare på deg selv oppi alt da <3

  • Takk for at du delte podcasten vår! <3 Og det med å drive firma samtidig som ein er mamma kan være tøft. Men ein trøyst er at det blir lettare når ungen er større, for da kan du fortelle kva du driv med! Edvard og eg gjekk forbi Tronsmo, og eg kunne peike i vinduet og seie "der er boka som mamma sitt forlag har gitt ut!" og han forstår kva jobben går ut på, og kvifor eg må reise vekk eller jobbe på kvelden. "Mamma lager bøker" <3

  • Vil veldig gjerne høre mer om foreldrerollen og det å drive for seg selv. Jeg har selv to små og jobber selvvalgt veldig mye samtidig som jeg forsøker å ikke la det gå fr mye utover barnas tid. Da får veldig mye annet ryke akkuratt nå eks. trenning og egentid, Og kjøper meg unna en del som ellers ville stjele tid fra dem. Lykke til med åpningen av butikken!

  • Så mange fine ting i butikken din! Tror det kommer en bestilling snart fra meg også, må bare bestemme meg for hva jeg skal ha først, hehe. Lurer forresten på om du kommer til å ta inn det honeycomb-teppet fra Houseofrym i grå? :)
    Bra linker også, liker skikkelig godt disse innleggene!

  • Lykke til med åpninga, me var innom Lærdal på vår veg til Sunnmøre forrige veke og tok ein titt på lokala. Det kommer til å bli bra, synd me bur så langt vekke til dagleg. Drar me nordover igjen skal Lærdal bli ein fast stopp.

  • Hei Mariell,
    Har et gravid/strømpebuksespørsmål, ikke noe med denne posten å gjøre;

    Jeg er gravid, og føler meg ikke fjong og fin for klærne passer ikke, og jeg bruker vanligvis å gå med bukser, men innser at jeg kanskje skal omfavne kjoler for de neste månedene. Men jeg plages med å finne gode strømpebukser, på generell basis, ikke bare nå. Du går mye med kjole og har kanskje noen gode tips? :D
    Leter etter slitesterke strømpebukser som sitter godt. Ellers mottas generelle gravidklærtips med takk! Liker ikke shopping…

    • Grattis!!! Dei beste strømpebuksene er dei i 200 denier frå ASOS, om vinteren legg eg dei i lag. Også hadde eg gravid-spanx over, for å holda dei oppe! Lindex har óg gode gravidstrømpebukser. :) Underbaraclara skreiv eit gravidgarderobe-innlegg for berre nokre dagar sidan!