The telltale signs of autumn approaching

No kjem hausten. Kanskje får me framleis ein indian summer, kanskje til og med denne helga, men eg lengtar litt dit. For meg er hausten den der nye starten. Eg kjenner det på at eg:

– bestiller nye strømpebukser og kastar dei gamle stakkarane som ikkje klarte seg gjennom eit nytt år.
– lengtar mot ny parfyme. Kanskje blir det ein ny frå Armani, eller den samme gamle Miss Dior Cherie? Og ny sminke óg. Vil gjerne ha alt med gull frå Charlotte Tilbury.
– får lyst til å baka med plommer, pærer og epler. Laga havregraut med ovnsbakte vaniljeplommer og laga pæremos til å få oss gjennom vinteren.
– får sånn intens reiselyst, så intens at eg booka oss inn på ein tur til København i desember. Me skal sjå Frøy gjera Papagena i Tryllefløyten på operaen og kjøpa julegåver.
– sneglar mot gin og raudvin på vinmonopolet sine sider. Ønskar meg ei fin ginflaske til barskapet, og denne raudvinen, Le Naturel, trur eg me kjem til å drikka mange flasker av i haust. Det er ein ny favoritt.
– har lyst til å berre høyra på Chet Baker. Men enn så lenge ventar eg, utsetter det. Men snart skal det omfavnast.
– vil bestilla eit nytt skjerf. Kanskje det blir i år eg skal bestilla eit ikkje-svart Acne-skjerf. Grønt eller rosa eller noko.
– vil lesa tusen bøker. Som desse nye av Mari Tveita Stagrim og Runa Fjellanger. Også har eg bestilt meg den nye boka til Nicole Krauss (yay!). Et Lite Liv er ei slik bok eg tenkjer at eg aldri kjem til å komma meg gjennom, men kanskje? Merkelegare ting har skjedd.

Autumn is coming. Maybe there’s an indian summer somewhere, maybe even this weekend, but I’m longing for it. For me is autumn that new fresh feeling. I’m:

– ordering new tights and throwing away the old poor things that didn’t make it through another year.
– longing for a new perfume. Maybe a new one from Armani, or the same old Miss Dior Cherie? I want new makeup too. Everything with gold from Charlotte Tilbury.
– wanting to bake with plums, pears and apples. Make porridge with baked vanilla plums and make pear sauce to last us through an entire winter.
– wanderlusting. So much so that I’ve actually booked us tickets to go to Copenhagen in december. We’re going to see Frøy do Papagena in the The Magic Flute at the opera house and also shop for christmas presents.
– looking at gins and red wines to fill our cupboards for the winter. I want a new pretty gin bottle, and this red wine, Le Naturel. We’re going to drink a lot of bottles of that this season. A new favorite of mine.
– resisting the temptation to only listen to Chet Baker. I’ll wait a little longer for that, but soon. Very soon.
– thinking of getting an Acne scarf in a color that isn’t black. Maybe a green or a pink or something.
– wanting to read a thousand books. I’ve ordered Nicole Krauss’ new book (yay!) and I also want to get through A Little Life, but I don’t think I’m able to? Never say never.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Teikn på at hausten er like rundt hjørnet: har lyst til å kjøpe alle moglege skjerf. Har lyst på suppe. Det er mange plagg i sennepsgult i butikkane. Får lyst til å sitte i sofaen med kakao eller te, med pledd og ei bok.

  • Høsten var favorittårstiden min da jeg bodde i USA og det var ulidelig varmt om sommerne (for en stakkars nordmann, i alle fall), og det endelig ble kjølig og fantastiske farger og epler og pumpkin spice overalt. Men nå kjenner jeg at jeg vil ha seinsommer litt lengre – med gode tomater og is og varmt nok til å gå og bade. Håper høstpeppen kommer etterhvert!

  • Eg får og intens lyst å reise no om høsten! Kribler liksom etter å oppleve noe nytt, se mer. Ellers kjenner eg meg igjen med det med skjerf, hehe. Liker sånne poster, er veldig hjartesmil-aktiv om eg kan si det.