The cinnamon buns to end all cinnamon buns

Då Carrie og Miguel var her baka eg nøyaktig 36 kanelbollar, og eg har ingen igjen. Nokre av dei eksisterer kanskje framleis i London, eg sendte med dei posar fulle og tenkte at om dei ikkje fekk dei med seg gjennom sikkerhetskontrollen fekk dei eta dei der og da, det danna seg kanskje kø men folk kom til å forstå. Ein kan ikkje kasta bollar. Eg brukar ei oppskrift av Leila Lindholm på kardemommebollar som utgangspunkt, her er min:

1 ss kanel
3 dl mjølk
1 pose tørrgjær
1,5 dl sukker
0,5 ts salt
150 g mjukt smør
1 egg
11-12 dl kveitemjøl

Fyll
225 g mjukt smør
1,25 dl sukker
1,5 ss kanel
1 egg til pensling
Sukkersyrup (2 dl sukker, 2 dl vatn + vaniljesukker med ekte vanilje) til etterpensling

1. Ha tørrgjør, sukker, salt, smør, egg og ca 1 liter mjøl i ein stor bolle.

2. Varm opp mjølk og kanel til den er lunken, og tøm over dei andre ingrediensane. Tilsett mjøl etter behov, og kna til du har ein mjuk og herleg deig. La heva på ein lun plass i 45-60 minutt. Medan deigen hevar, bland ingrediensane til fyllet. Sett ovnen på 200 grader, og kle to bakebrett med bakepapir.

3. Kjevle ut deigen til eit stort rektangel. ca 45 cm brei og kanskje 35 djupt. Spre fyllet jamnt utover (eg likar å bruka ein stor sleikepott) og brett deigen mot deg sjølv éin gong. Jamn ut kantane ved å dra, så du har eit nokonlunde rett rektangel framfor deg.

4. Bruk ein kniv til å dela opp deigen i 18 strimler, og del opp strimla nesten heilt til toppen, så kvar strimle har to buksebein. La det vera igjen ca 2 cm øverst som du ikkje deler.

5. Ta éi strimle til ein plass på benken der du har plass til å styra litt. Ta enden av det eine buksebeinet og snurr den vekk mot deg, så den blir snurrete. Snurr så buksebeinet rundt dei to centimeterane så det blir ein rund bolle. Snurr det andre buksebeinet på samme vis, og brett det rundt bollen som eit belte. Legg på bakebrettet, og gjenta med alle dei andre.

6. La bollane heva igjen, i ca 45 minutt. Når dei har heva, pensle dei med eit piska egg og steik dei midt i ovnen i ca 12-13 minutt, til dei er lett gyldne.

7. Når dei kjem ut av ovnen, pensle dei med sukkersyrup.

8. Del med alle vennene dine!

When Carrie and Miguel were here I baked exactly 36 cinnamon buns, and I have none left. Some of them may still be in existance over in London, I gave them bags of buns to bring and thought if they can’t get them through security then they’ll just eat them there and then. People would queue, but they would understand. I use a recipe for cardamom buns from Leila Lindholm as my base, here’s mine:

1 tbsp cinnamon
3 dl milk
1 sachet of dry yeast
1,5 dl sugar
0,5 ts salt
150 g soft butter
1 egg
11-12 dl flour

Filling
225 g soft butter
1,25 dl sugar
1,5 tbsp cinnamon
1 egg for brushing
Sugar syrup (2 dl sugar, 2 dl water + vanilla sugar with real vanilla) for brushing after

1. Put the yeast, sugar, salt, butter, egg and about 1 liter of flour in a big bowl.

2. Heat up the milk with cinnamon until it’s luke warm, and pour it over the other ingredients. Add flour a little at a time, and knead it until you have a soft lovely dough. Let it rise somewhere warm for about 45-60 minutes. While it’s rising, mix the ingredients for the filling. Set your oven to 200 degrees and put some baking paper on two trays.

3. Roll the dough out into a large rectangle, about 45 cm wide and 35 deep. Spread your filling evenly (I like to use a big spatula) and fold the dough against you once. Even out the edges by pulling, so you have a straight rectangle in front of you.

4. Use a knife to split up the dough into 18 pieces. Cut into each piece almost to the top, so it looks like a trouser with two legs. Leave about 2 cm at the top unsplit.

5. Take one of your trousers to a work area with some space. Take the end of one of the legs and twirl it on the table away from you, so it looks all tangled and twirled. Twirl that around the top 2 cm so you have a round bun. Twirl the other leg and wrap that one around the bun like a belt. Put on the baking tray, and repeat with all the others.

6. Let the buns rise again, for about 45 minutes. When they are ready, brush them with egg wash and bake them in the middle of the oven for about 12-13 minutes, until they are golden.

7. When they come out of the oven, brush with sugar syrup.

8. Share with your friends!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *