Our house

Small thingsFriday

5 favorittlufter heime: Jostein som lagar kaffi om morgonen, Mrs Meyer’s Geranium oppvasksåpe, lyset Bibliotheque frå Byredo, tomatsaus som putrar, nye sengeklede å krypa ned i.

5 ting eg ønskar meg: ein ny sofa, ei ny seng (begge deler er gamle og ikkje spesielt komfortable), eit nytt gamalt piano, eit herleg teppe til golvet i 2. etasje, ei sånn fantastisk drinkvogn som ein ser på pinterest som alltid kostar ein million når ein finn dei.

5 favorittar i heimen: kjøkkenet vårt, tregolva, tapetet på gjesterommet, badekaret og jøtulen som held oss varme om vinteren

5 ting eg ikkje likar: furuveggane i stova, fleire av golva (vinyl), at me har så mykje oppbevaring men den er ikkje effektiv (og kotta er fulle av ting som ikkje er våre, realiteten av å flytta inn i eit gamalt hus), trappegangen som akkurat no er eit rom som ikkje funkar som eg må ta meg gjennom kvar dag.

5 planar framover:
1. Det første som skal skje er at me skal mala furuveggane i stova (altså, dette skjer faktisk I DAG! Jostein malar as we speak!) Eg sat der så mange timar og amma og ergra meg over desse veggane og kor lite fine dei ser ut på bilder, skal bli så sjuuuukt deilig med lysare veggar.

2. Det neste blir ei eller anna form for hyller i stova. Me har to store veggar der me kan ha hyller frå golv til tak, så me må finna ut korleis me skal gjera det. Så digg å ha ein plass i stova til dei finaste bøkene våre, leikene til Saga og kanskje ein fin høgtalar.

3. Rekkverk på trappa ute, me klarar oss jo fint men bestemor blir livredd når ho skal gå opp trappa og Saga kjem såklart til å villa ha noko å holda fast i snart.

4. Å tømma dei to store kotta i andre etasje og finna gode oppbevaringsløysingar i dei.

5. Å mala/tapetsera trappe gangen. Det er eit gjennomfartsrom, men me går jo gjennom det typ tusen gonger per dag. Og sidan det er så høgt under taket kunne det vore veldig kult pluss imponerande med ein fin farge eller vakker tapet der.

Lista stal eg frå Ingvild!

5 favorite scents in the house: Jostein making coffee in the morning, Mrs Meyer’s Geranium dish washing soap, the candle Bibliotheque by Byredo, tomato sauce, new bedding to crawl into.

5 things I want: a new sofa, a new bed (both of which are old and not comfortable), a new old piano, a lovely carpet for the floor in Saga’s bedroom, one of those amazing drink carts you only see on pinterest that cost a million when you find one.

5 favorites in the house: our kitchen, the wood floors, the wallpaper in the guestroom, the bathroom and our woodburning oven that keeps us warm in the winter.

5 things I don’t like: the pine walls in the living room, the floors that are not wood (vinyl), that we have so much storage but it’s not working for us (there are rooms full of things that are not ours, the reality of moving into an old house), the stair room which just doesn’t work.

5 plans:
1. painting the pine walls in the living room (this is actually happening TODAY! Jostein is painting as we speak!) I sat there for hours nursing and became more and more unhappy with them and how yellow they look in photos. It’s going to be so great.

2. The next thing is some kind of shelving in the living room. We have two big walls where it’s possible to have shelves from the floor to the ceiling, so we need to figure out how. To put our prettiest books, Saga’s toys and maybe a pretty speaker on.

3. Something to hold on to on our outside stairs. They’re a safety hazard for my grandmother and probably soon Saga too.

4. Emptying the big storage rooms and find good solutions in them.

5. Painting/wallpapering the stair room. Since it’s a very tall room we can actually do a lot with it!

List stolen from Ingvild.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *