Tankar som eg har

Oslo

– Eg tenkjer mykje på hagen vår til neste år. Eg vil ha meir blomar. Me bur jo på ein stor eigedom med forskjellige små klima, og eg har lyst til å så frø som igjen sår seg sjølv så me får mange interessante markblomar her til slutt. Eg sådde ein masse markblomar før sommaren, men ikkje ein einaste ein har komme opp, veldig merkeleg. Såg ein hjå Elsa og tenkte at sånne må me jo ha! Stokkroser, løvemunn (eg har nokre i eit bed og dei er det finaste eg har sett), erteblomst, amarant, astilbe. På den andre sida kjenner eg minst behov for blomar inne når me er så mykje ute. Det er ei klype, det der.

– Eg har masse tomater i drivhuset mitt, det er framleis heilt utruleg at eg sådde frø som var ein millimeter store i FEBRUAR og no er dei blitt planter nesten like høge som meg med grøne tomater over heile seg. Eg sjekkar dei heile tiden om dei har byrja å modne, men det gjer dei ikkje. Me har jo typ ingen sol akkurat no, berre regnskyer på værmeldingen. Squashen er på veg til å bli riktig stor, og hokkaidograskara poppar fram som små ballar. Det er så sinnsjukt gøy med hage, og eg har så mange tankar om kva me må ha meir/mindre av neste år. Meir gulrøtter, kanskje mindre fenikkel og reddik. Kjem me til å eta 40 fenikkel? Me kjem i alle fall til å eta alle 60 lauk. Lauk, forresten, er som godis når dei er små ungdommar, dei har ein så mjuk herleg smak.

– Denne veka kjem Carrie og Miguel på besøk! Me har ikkje sett dei sidan dei gifta seg i mai i fjor og eg gler meg SÅNN.

– Før den tid skal me mala stova vår, ENDELEG. Død over furuhelvetet.

– Kroppen min har sagt ifrå i mange dagar at den ikkje aksepterer dette nivået av påkobling mot jobb. Eg er verkeleg på jobb heile tiden. Mailar distributørar i kaffiselskap, researchar når Jostein og eg ser på TV om kvelden, noterer ting i mobilen når eg egentlig bør sova, redigerer ting i bilen. Det er på samme tid uakseptabelt og heilt nødvendig, for eg gjer jo dette åleine. Er forelska i alle som handlar i nettbutikken, og når eg ser venner sine navn dukka opp i bestillingane så tek eg det som reine kjærleikserklæringar, som rein støtte. Det er så fint. Denne prosessen har lært meg kor stolt eg er og kor både viktig og øydeleggande det kan vera. Får lyst til å skriva heile bøker om det, liksom.

– I dag har eg sendt Årdalsfjøli til produksjon, og velger ut fotografi som skal blåsast opp og vera til salgs i butikken. I dag er det ein månad til vår første opne dag, det er jo heilt sinnsjukt kor mykje som står igjen å gjera.

– Skulle ønska det var null etiske problemstillingar rundt å betala nokon for å vaska kleda og golva i heimen. Tenk kor herleg det hadde vore.

Ingvild skreiv at dei har booka seg inn på Sanden Pensjonat den helga me skal opna butikken og det er jo typ DET finaste. Notat: Jon og Hallvard som driv Sanden er óg dei som eig bygget som Fredag er i! Tenk at ein har slike internettvenner som ein får fotografere bryllaupet til og følga reisa til, liksom. Lurer mykje på den helga. Skal me ha fest? Orkar me det? Vil jo laga ei gigantisk skål med punsj og nyta alt arbeidet.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Så fint med et innblikk i hvordan livet ditt er for tiden. Setter så stor pris på bloggen din, du er virkelig en favoritt.

  • I tried to translate this but it made no sense. I guess you’ll have to tell me in person ;) And all I really wanted to comment and say is that Saga’s collection of sunglasses is enviable.

  • Hei! Jeg har hatt egen hage i åtte år nå, og mine erfaringer er at stauder ofte er det enkleste hvis du vil ha noe som kommer igjen og igjen, men som klarer seg bra selv. Jeg pleier alltid å så en del blomster i tillegg, men er ikke så flink til å huske å lugge ugress rundt de små plantene.. og da funker det ikke så bra. Akeleier, løytnantshjerter, stjerneskjerm, ulike geranier. Sånt er kjempefint i bed, og kjempefine å lage buketter av! Samt ridderspore, ulike solhatter, marikåpe. (Ta gjerne en titt på hagekategorien i bloggen min om du trenger tips til hva som kan passe hos dere.)

  • Eg kan godt ta med ei kake. Det er det sikkert fleire blogglesarar i nærleiken som vil. Så du ikkje slit deg ut. La det vere litt uformelt, som eit familiekalas, men ei opning. Punsjbolle, kakestykke i handa, bobler? Lukke til!

  • Angående å ha noen til å vaske klær og gulv: husk på at du da gir noen en arbeidsplass. Viktig det også, og spesielt på små steder vil jeg tro. Og lykke til med butikken! Hver galt med å ha noen til å gjøre det, så lenge man betaler de bra og behandler de godt?

  • Fine tanker, forstår at du har mye på gang., og virkelig spennende å følge deg her på bloggen under start up fasen. Nå bor jeg i Iran, og som regel betaler jeg for at noen skal vaske gulvene mine også. Oftest er det vaktmestern i bygget vårt fra Afghanistan som vasker hos oss. Han har to nydelige barn, og jeg tenker at han i alle fall får litt ekstra penger til de når han gjør den jobben. Men kan også forstå hav du mener på et strukturelt plan. Uansett, lykke til med hage og maling av stue: )

  • Ha tunga rett i munnen og nyt de små stundene med fri du får! Men kanskje er det mer effektivt å ikke gjøre alt samtidig? Uff, vanskelig den balansen. Jobber så mye for tiden selv og tenker på alt jeg hører om de som jobber så hardt, så vil jeg jobbe så hardt selv, men har vondt i hodet hver dag fordi jeg ikke får sove.
    Har sagt det før, men sier det igjen: lykke til!

  • Den der Coco-sjokoladen var veldig god, kjem nok til å bestille igjen! 😊 Kjøpte såpe og, calendula eller noko. Har ikkje prøvd den, for syns papiret er så fint, hehe 😂