Om Lærdal og butikken

Untitled

Eg køyrte masse Lærdalskjærleik på Instagram Stories forrige veke og fekk SÅ mykje respons, så eg tenkte å legga dei ut her no og også forklara litt meir om kva som skal skje i september når me opnar butikk! Akkurat no skjer det veldig mykje bra i Lærdal. Det finst fire klassiske krambuer på gamle Lærdalsøyri. Og per dags dato er det lagt opp til aktivitet i tre av dei (dette er ein big deal). Dette bildet er baksida av krambuene. Til venstre har du den nye landhandelen, som er som ein dream come true for meg. Proppfull av lokalmat og lokalt øl. Den neste krambua står tom, men ein kan jo håpa. Bak den, derimot, på andre sida av gata, finst det no ein kafé med god kaffe! Også ein big deal. Så er det meg! I den rosa. Såklart. Og heilt til høgre, Bui, som er ein butikk med porselensprodukt.
I did a lot of Lærdal love on Instagram Stories last week and got a lot of feedback, so I thought I’d share it with you here too and explain more about what is happening in september when we open! Right now there are so many great things happening in Lærdal. There are four classic wood stores in the old parts of the city centre. Right now there is activity in three of these (this is a big deal). This photo is the back of these four shops. To the left is the new farmer’s market shop, a dream come true for me. Local food and beer. The yellow one is empty for now. Behind it though, on the other side of the street, is a café with decent coffee. Also a big deal. Then it’s me! In the pink one. Of course. And to the right is Bui (meaning: the shop), a shop with porcelain products.

Untitled

Her er framsida! Elskar den trappa. Desse boksane i vindauget skal ned, ein skal kunna sjå rett inn på kor sjukt koseleg me har det i butikken. Eg har tenkt kassa til høgre, kledd i William Morris-tapet. Og mykje planter.
Here’s me! I love those stairs. The boxes in the windows are coming down, so people can see into the store. I’m thinking the register to the right, in William Morris Wallpaper. And lots of plants.

UntitledUntitled

På innsida ser det slik ut, her kan de sjå begge vegar. Det er alltid større enn eg hugsar det. Akkurat no er det under renovering, men i alle fall dette rommet skal vera klart til opning 7. september. Bak trapperommet skal eg ha ein herleg sofa full av puter og tepper, med eit bord med fine blad og bøker. Pappa og eg har snakka om at han kan sveisa nokre hyller til meg, og det som skal inn på den høgre veggen er ein kjøpmannsdisk som høyrer bygget til. I andre etasje blir det studio, bad, eit lite kjøkken og eit arbeidsrom der me skal ha Artist in Residency. Meir om det seinare, men det er allereie i gang og det er VELDIG spennande. No, til naboane mine:
On the inside it looks like this, here is the view both ways. It’s always bigger than I remember. Right now it’s being renovated, but this room is going to be ready for our opening on september 7th. Behind the staircase I’m going to have a sofa full of pillows and blankets, with a table with magazines and books. My dad and I have talked about him welding me some shelves. On the right wall we’re going to have an old shop desk that belongs to the building. On the second floor we’ll have my studio, a bathroom, a small kitchen and a work room where we’ll have our Artist in Residency. More on that later, but it’s already happening and it’s SO EXCITING. But now, about my neighbours:

UntitledUntitled

Her er Smak av Sogn, landhandelen som óg fungerer som turistkontor. Med fantastisk kjøttmat frå Haugen Gardsmat, den beste bringebærlimonaden frå Frigard, og maaaaasse deilig øl, frå Tya og Ægir blant anna.
This is Smak av Sogn, the farmer’s market shop that is also the tourist office.

Untitled

Her er Bui! Det er mest Green Gate-porselen. Eg har den grønne paiforma og den grønne bollen!
And this is Bui. Mostly with Green Gate porcelain. I have the green pie dish and bowl!

Untitled

Dette var då Frøy var her, ein kaffe på kaféen med utsikt mot butikken. Heilt absurd er det kor snart det er. I dag får eg to leveringar, og eg har bestilt mykje meir varer óg. Kontoen skrik, men hjartet frydar seg. Dette er så gøy.
This was when Frøy was here, a coffee at the café with a view to my store. It’s absurd how close it’s getting. Today I’m getting two deliveries and there’s a lot more coming. My bank account is screaming, but my heart is so happy.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *