Göteborg: Hotell Pigalle og innbrotstjuvar

GöteborgGöteborgGöteborgGöteborgGöteborgGöteborgGöteborg

På torsdag køyrte me frå Oslo til Gøteborg, ei sånn fantastisk fri kjensle å køyra på motorvegen med ein sovande unge baki baksetet og dela store idear til nye bedrifter. Har typ aldri mitt liv før vore så inspirert som eg er akkurat no, eg trong å føla meg så trygg som eg gjer no før hjerna kunne våga å tenka desse tankane, er så glad for det. Me kom fram til Gøteborg etter ein snue innom søte Drøbak for lunsj (etter tips på bloggen!) og sjekka inn på Hotell Pigalle som var hotel dreams come true, seriøst. Skulle ønska me hadde sove alle nettene der. Me slappa av på rommet mest, fant minibaren og mata Saga kveldsmaten sin. Ho sovna søtt bak tunge gardiner, og me fann vegen til hotellrestauranten der eg hadde ein av mine beste restaurantopplevingar i livet. Så god mat. Til dessert hadde eg kvit sjokoladekrem med hylleblomstconsommé, liksom. Hallo! Mmmm.

Då me var ferdige å eta, og Jostein gjekk til bilen for å henta resten av bagasjen, fant han den ikkje der. Og resten av kvelden gjekk med til telefonar til forsikringsselskapet og det svenske politiet. Og nokre tårer over kjolar og kamera, såklart. Kjip måte å starta ferien på, men føler meg likevel så heldig som slapp å vera der då dei slo til, som var, og er, trygg.

On thursday we drive from Oslo to Gothenburg, such a free feeling going on the motorway with a sleeping baby in the back, sharing grand new ideas for businesses. I’ve never in my life felt so inspired as I do now, I needed to feel this safe before my brain dared think these thoughts, I’m really happy. We arrived in Gothenburg after a stop in Drøbak and checked in at the Hotell Pigalle, hotel dreams come true. Big time. I wish we’d spent all our nights there. We relaxed in our room, found the minibar and fed Saga her supper. She fell asleep behind heavy curtains and we found our way to the hotel restaurant where I had one of my best restaurant meals ever. So good. For dessert I had a white chocolate cream with elderflower consommé. Hello! Nom.

When our meal was over, Jostein went to the car to pick up the last bags. But they were not there. And the rest of the evening was spent calling the insurance people and the swedish police. Some tears were shed over dresses and my camera, of course. A not-so-good way to start off a holiday, but I still feel lucky I wasn’t there when they struck, that I was, and am, safe.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *