Sogn: Aaberge Planteskule

Aaberge

For eit par veker sidan, på veg mot ein fotojobb til ei kokebok (!!), stoppa Jostein og eg innom på Aaberge Planteskule, som berre har vore ein draum for meg å reisa til sidan me flytta hit.
Me hadde ikkje all verden med tid, så me sprang rundt som tullingar og leitte etter det me hadde på lista. Me kom heim igjen med eit pæretre, eit epletre, tre solbærbusker og ei kvit ripsbusk. Dei er bittesmå no, men eg gler meg veldig til dei blir store og tunge med bær. Gler meg sånn til å ha pærer, og til å pynta frukostar og kaker med kvite rips. HAGEN, altså. Kven hadde trudd eg skulle bli så interessert i slikt. Det neste på ønskelista er ein klatrehortensia, det hadde kledd huset vårt så godt.
A couple of weeks ago, Jostein and I visited this local garden centre that is just a dream come true. We got a pear tree, an apple tree, three blackcurrant bushes and one white currant bush. I can’t wait! Who would have thought I’d be so into gardening?

AabergeAabergeAabergeAabergeAaberge

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Hage er jo såå gøy! Jeg har balkong og prøver å lage hage der, som jeg tror dere også gjør, fokuserer jeg mest på det spiselige. Friske urter i all mat liksom, for en drøm. Håper på masse oppdateringer fra hagen deres liker det godt!

  • Hage er det beste som finnes!! Hagen var grunnen til at vi kjøpte huset vårt for åtte år siden! Og før det: flere balkonger der jeg dyrket så mye at det knapt var plass til en stol, hehe. (Jeg blogger om hagen vår i blant, under kategorien “hage”.)