Paris through my phone

Untitled[left]Me flaug frå Bergen til Paris måndags morgon, og ei viss frøken Avdem Øyre sovna i min famn når flymotorane starta for fullt. Hadde så vondt i armane og var så mjuk i hjartet etterpå. Det er så lenge mellom kvar gong eg får sitta og sjå på ho sova these days, så eg tar det inn.[/left][right]We flew from Bergen to Paris on monday morning, and a certain miss Avdem Øyre fell asleep in my arms when the plane took off. My arms were aching so much, but my heart was so full. It’s not often I get to watch her sleep these days, so I took it all in.[/right]

Untitled[left]Så var me plutseleg her, totalt forvirrande. Me drog med oss bagasjen over bruer og forbi monument, og til Marais der me hadde leigd leiligheten til Haleigh for veka. Ho var vekkreist, som jo var sjukt trist, men det var så godt å bu ein plass som var kjent for oss.[/left][right]Then we were here, very confusing. We dragged our bags across bridges and past monuments, and to Marais where we had rented Haleigh’s flat for the week. She wasn’t  there which was so sad but it felt really great living somewhere familiar to us.[/right]

Untitled[left]Saga likte leiligheten SVÆRT godt, spesielt fordi den hadde trapp! Som me umiddelbart blokkerte.[/left][right]Saga loved the flat, because it has its own little staircase. That we immediately blocked off. [/right]

Untitled[left]Casually hanging around, prøver ikkje å dytta vekk denne krakken ihvertfall.[/left][right]Just hanging around, not at all trying to push this chair away.[/right]

Untitled[left]Jostein hadde kjøpt denne Petit Bateau-kjolen på bruktbutikk i Sogndal, det perfekte antrekket for varmen.[/left][right]Jostein had bought this Petit Bateau dress at a thrift shop, the perfect outfit in the heat.[/right]

UntitledUntitled[left]Om morgonane åt me frukost på Place Des Vosges, mandelcroissantar, baguette og yoghurt på glas.[/left][right]In the mornings we had breakfast at Place Des Vosges, almond croissants, baguettes and yoghurt.[/right]

Untitled[left]Frøy og Mariell var óg i Paris, og den eine dagen hadde me piknik i ein park i nord-Marais. Me kjøpte så mykje digg, og Saga åt veldig mange bær. Ho såg nettopp, typ for eitt minutt sidan, dette bildet, og då hadde ho dei største augene eg har sett. Jenta elskar bær. [/left][right]Frøy and Mariell were also in Paris, and one of the days we did a picnic. We bought so many delicious things. She just now, like a minute ago, saw this photo and her eyes went huge,. The girl loves berries.[/right]

Untitled[left]Låne mamma sine solbriller, klassisk! Me kjøpte så mykje fine brukte barneklede i Paris, blant anna denne deilige kjolen.[/left][right]Borrowing her mum’s sunglasses, classic! We bought so many second hand pieces for her in Paris, like this lovely dress.[/right]

Untitled[left]Ein soloppgang.[/left][right]A sunrise.[/right]

Untitled[left]Og Mariell på research. Det var liksom gitt at vennene våre fekk henga med oss rundt på alle butikkane me skulle kryssa av, og dette var ein av dei. Elskar korleis dei har jobba rundt at dei har ei søyle midt i butikklokalet og bygd hyller rundt.[/left][right]And Mariell in my research. It was a given that our friends tag along to all the shops we were crossing off our list, and this was one of them. I love how they’ve worked around the construction.[/right]

Untitled[left]Ein superdeilig lunsj med Frøy.[/left][right]A delicious lunch with Frøy.[/right]

Untitled[left]Og enda meir research. Akkurat no lurer eg veldig på kor mykje linserviettar nordmenn vil ha.[/left][right]And even more research. I wonder how many linen serviettes norwegian people want.[/right]

Untitled[left]Pit stop hos The Broken Arm.[/left][right]A pit stop at The Broken Arm.[/right]

Untitled[left]Me stod opp før kaféane opna, så overalt stod det stablar med stolar, syns det var ganske så fint igrunn.[/left][right]Getting out of the house before the cafés were open.[/right]

Untitled[left]Mariell, Jostein og eg åt éi kule kvar, mmmmm.[/left][right]Mariell, Jostein and I had one flavor each, mmmmm.[/right]

Untitled[left]Og eit kjeks kvar, mmmmmmm.[/left][right]And one cookie each, mmmmmmm.[/right]

Untitled[left]Og her er eit av dei siste bildene, men med ganske mange punkt: nytt skjørt, fem makronar frå Pierre Hermé (den einaste plassen ein bør gå for makronar i Paris), ei reisevogn me låner av broren til Jostein og elskar, og sovande baby utan sokkar. Oppsummerer igrunn ganske mykje. Neste gong ser me på bilder frå kameraet mitt, og litt video![/left][right]One of the last photos I took, with many points: a new skirt, five macarons from Pierre Hermé (the only place to go), a travel pram that I love, and a sleeping baby without socks. Sums up a lot. The next time we’ll look at some photos from my camera, and some video![/right]

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *