Lærdal – Paris – Lærdal

Untitled

Åh, hei! Eg tok meg ein lang pause. Hadde ikkje egentlig tenkt det, men det føltes så rett å ta litt fri frå éin ting for å fokusere på noko anna. Spesielt sidan me har vore i Paris der det var ca 4000 varmegrader. Sidan sist har eg fotografert bryllaup, vore på Lærdalsmarknaden og solgt masse varer (det var så innmari gøy!), vore i Paris i fem dagar og fotografert til kokebok.

Kvar morgon i Paris stod me opp tidlig, det var umogleg å sova meir i heten og sveitten, og da prisa me herren for opne bakeri. Me kjøpte croissantar og baguette (Saga har lært seg å sei BA-GETT) og sat i graset medan byen vakna og sola stod opp over Place des Vosges.

I dag er me berre heime, me vaskar klede og har pakka ut og skal bruke resten av dagen på å plukka ugras og pante tomflasker. På fredag reiser me til Stadt for eit anna bryllaup. I hagen er det så mykje som skjer, eg skal dedikera eit heilt innlegg til det i veka som kjem, samt óg litt bilder frå Paris såklart! Me var i Paris på researchtur, me fekk litt pengar frå næringsutviklingen i kommunen for å reisa, så me har lært mykje om butikkar og funne nye selskap me vil jobba med. I tillegg blitt superinspirerte til ein ny måte å source varer på, det har vore så lærerikt og spennande. Og me kom såklart óg heim med kofferten full av nye og gamle fine ting.

Takk for at de les, for at de år etter år kjem tilbake og er så sjukt fine folk.

Hi! I took some time off. I wasn’t planning on it, but it felt so good taking some time off one thing to focus on another. Especially since we’ve been in Paris and it was about 4000 degrees. Since last I’ve shot a wedding, sold our things at the market here in Lærdal (it went really well, so much fun!), been to Paris for five days and shot photos for a cook book.

Every morning in Paris, we got up early, it was impossible to sleep any more in the heat and the sweat, we praised the lord for open bakeries. We bought croissants and baguettes (Saga now knows how to say BAG-ETT) and sat in the grass while the city woke up and the sun rose over Place des Vosges.

Today we’re at home, doing laundry and unpacking and we’re spending the rest of the day picking weeds and recycling. On friday we are going to Stadt for another wedding. In the garden there is so much happening, I’m going to dedicate a whole entry to it this week, and also some photos from Paris of course! We were in Paris doing research, we got some money from our local government to go, so we have learned so much about shops and found new companies we want to work with. We’ve also been very inspired to source things differently, it’s been such a great trip for us. And we arrived home with bags full of new and old things of course.

Thank you for reading, thank you for coming back year after year, thank you for being the awesomest.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *