Fredag på Lærdalsmarknaden!

Marknad
Denne fredagen sparar me linkane til måndag, for eg skal bruka kvart minutt av dagen på Lærdalsmarknad, førebuing på bryllupsfotografering i morgon også reise til Bergen søndag (og Paris måndag!). Butikken min skal jo ha stand (følg oss her!!!), og me skal selga desse deilige greiene! Kan nesten ikkje tru det er sant. Om du vil komma på marknaden: me står ved krambuene, altså i den gamle gata, og du BØR komma dit, for eg står der med Designgruppa Typisk Lærdal som eg óg er ein del av, og me kjem til å selga produkt me har laga der pluss snakka om spennande framtidige prosjekt me driv på med. Det er til og med ein fantastisk installasjon i silke i heile gata, som flagrar i vinden.

Untitled
Eg tenkjer det er eit bra tegn at ein vil beholda alle varene sine sjølv? I alle fall denne vasen og sparebøssa.

Untitled
Eg har óg laga skrivebøker med tjukt deilig papir, elskar dei. Tenkjer å få laga mange fleire såklart.

Untitled
Og her er jo det eg er mest stolt av, serien med produkt med det gamle kartet frå Lærdal. Me har hundre fjøler og ti innramma print. Oooog me tek kort!

Translation:
We’re doing a local market this weekend, these are the products I’m selling and I’m SO excited and proud!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *