It’s the small things

Small things

Eg hadde bursdag i går, og bakte denne kaka til meg sjølv! Takk og pris at det skulle komma ungar på selskap, for ellers hadde det neste vore litt flaut. Eg bakte denne etter Clara si oppskrift, og den var supergod men ikkje superbarnevennlig = kakerestar = suksess. Strøsselet laga eg sjølv óg, det var superenkelt, så det skal eg gjera oftare.
It was my birthday yesterday, and I made myself this cake! Thank god there were kids coming, because anything else would have been embarassing. I baked this from Clara’s recipe and it was delicious but not super kid friendly = cake leftovers = success. I made the sprinkles myself too, which was super easy so I’ll be doing that again soon.

Small things

På laurdag gjekk Jostein og eg ned til sentrum. Det er kanskje ikkje noko dei fleste veit, men me bur typ sju minutt frå sentrum med bil men med ingen rett fram-veg å gå, så det tek oss minst ein time å gå ned dit. Denne laurdagen bestemte me oss for å gå den lange vegen i terrenget (pga bekkenet som ikkje likar asfalt). Og utanom at eg klarte å tråkka ned i raud leire som nådde meg til anklane, var det ein veldig fin tur. Eg kjøpte nokre blomar til bursdagsbukett.
On saturday, Jostein and I walked downtown. You may not know this, but we’re about seven minutes from the town centre by car, but no good walking routes, so it takes us at least an hour to get down there. On this saturday, we decided to walk the longest route in terrain (my pelvis now hates concrete). And other than me stepping in some red clay up to my ankles, it was a really lovely walk. We stopped by the flower shop to get a little bouquet.

Small things

Og fekk ein duftjasmin som snart er ferdig.
And some jasmin that will soon be over.

Small things

Saga hadde ei ganske lang veke mellom augebetennelse og tenner, men det er så himla mykje fint óg som å slost om eit kornmokjeks. Så fint med smulane på gensaren til Jostein.
Saga had a long week in between an eye infection and teething, but then you have these moments too, fighting over a cracker. I love the crumbs on J’s sweater.

Small things

På bursdagsfesten las Jostein boka om elefanten Elmer som er annleis, for S og døtrene til kusina mi. Dei syns det var så spennande å høyra engelsk, så fin stund.
On my birthday party, Jostein read the book about Elmer the elephant who is different, to S and my cousin’s daughters, they thought it was very cool listening to english.

Small thingsSmall things

Bestemor (oldebesta♥) og Saga, som har tøfler på hendene fordi me ikkje finn vottane – veldig typisk situasjon i denne heimen. Bestemor hadde med seg ein pose med godsaker: strikkasokkar til meg og Jostein (og tilfeldig hadde Jostein og ho på seg identiske sokkar), ein pose kjøttkaker, lappar, ei plate kokesjokolade og ein pose sørlandschips. Så sinnsjukt søt.
My grandmother and Saga, who has slippers on her hands because we couldn’t find her mittens – an everyday occurrence in this house. My grandmother had a bag of goodies with her: knit socks for me and Jostein (coincidentally she and J were wearing matching socks), meatballs, pancakes, chocolate and a bag of crisps. So cute.

Small things

Her er buketten i vase, eg syns den er så enkel og fin.
Here’s the bouquet in a vase, I thought it was so simple and pretty.

Small things

Etter gjestene hadde reist, spelte me kinasjakk og laga meir kaffi, åt kake og slappa heilt av. Eg baka burgerbrød til cheeseburgerar: brioche-brød + karamellisert lauk + majones og ketsjup-dressing + bacon + cheddar + burger. Det er den beste burgeren. Det kan eg nesten lova. Me drakk ingefærøl frå Crabbie’s til, og såg på Prime Suspect 1973. Ein veldig fin bursdag, og ikkje ei einaste tåre, tenk det.
After the guests had left, we played chinese checkers and made more coffee, had cake and really relaxed. I baked burger buns for cheese burgers: brioche buns + caramelized onions + a mayonnaise and ketchup dressing + bacon + cheddar + burger. That is the best burger. I can almost promise. We drank ginger beer from Crabbie’s, and watched Prime Suspect 1973. A very good birthday, and not a single tear. Who would have thought.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *