Filefjell


I helga var me på hytta. Me kom opp fredagskvelden, det var svartmørkt på vegen frå parkeringsplassen til hytta, eg kunne berre såvidt sjå ansiktet til Saga rett framfor mitt eige. Både laurdag og søndag leverte me ungen i senga til besteforeldrene så me fekk sova litt til, vart vekte med kaffe på senga og ein veldig blid bebis. Lyset var fantastisk der oppe, det føltes som å komma opp frå djupet. Eg gjekk på ski for første gong på femten år, datt meg støl, skreik, lo på meg vondt i magen. Saga lærte seg å rulla frå mage til rygg, ei livsomvending for ho, og eg baka årets første fastelavnsbollar. Jostein bygde ein benk til meg i snøen, medan S sov i pulken, og i det stille kvite vakuumet fekk me ro til å snakka om sånt ein må snakka om når ein er gift, ting ein ikkje får bæra åleine. Eg vant i yatzy med 555 poeng og søndag var det egg og bacon til frukost.

Musikken er det Jostein som har laga.

We went to the cabin in the mountains this weekend. We arrived friday night, it was pitch black on the way from the parking lot to the cabin, I could just barely see S’ face right in front of my own. Both saturday and sunday we handed the baby to her grandparents so we could sleep a little more, and were woken up with coffee and a very happy baby a little later. The light was fantastic up there, it felt like coming up for air. I put on skis for the first time in fifteen years, I fell so much my body is all sore, I screamed, I laughed til my stomach ached. Saga learned how to roll from stomach to back, a big life change for her, and I baked this years’ first cream buns. Jostein built me a bench in the snow, while S slept in the sled, we talked about things married people talk about, things not to carry alone. I won at yatzy, 555 points and on sunday we had eggs and bacon for breakfast.

The music is by Jostein.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Såg ut som ei fantastisk helg!
    Eg har akkurat funne ut at eg er gravid. 5 veker og 2 dagar på vei. Og eg held på å eksplodera med lysten til å fortelle det til alle, og med angsten for at det skal ikkje skal gå bra. Vekene frem til eg er over i andre trimester kjem til å gå så seint! Denne eine veka me har visst det føles allerede eit år lang! Sukk.

    • Åh, veit SÅ godt korleis du har det. Eg sa det til to venninner dagen me fann det ut, det hjalp litt på trykket. Berre hold ut! Det er óg noko så fint og trygt med å ha hemlisar óg, eg kan framleis hugsa sommarfuglane i magen frå dei der første vekene, så enormt sterke. Gratulerer! <3

  • Åh, så utrolig fint Mariell! Elsker sånne type tekster, det er som å lese et lite hverdagseventyr. Bor i København nå (som jo er fantastisk), men lengter til fjellet og snø og landskap når jeg leser dette <3 forøvrig den fineste bloggen jeg leser! Er alt for dårlig til å kommentere…

  • Så vanvittig fint! Jeg er også alt for dårlig til å kommentere her inne. Mitt nyttårsforsett i år har bl.a. vært å holde opp med å lese blogger, fordi jeg ender opp med å lese så mye som provoserer og ikke motiverer meg. Det er med et unntak, DIN blogg, som jeg elsker og blir utrolig motivert av! Takk takk takk for at du deler av livet ditt :)

  • Ååå så flott video! Eg vil liksom sjå den om og om igjen, ein så fin stemning i han. Og dei bollane såg heilt sjukt gode ut.

  • så utrolig fint, alt sammen. tekst og video og musikk og menneskene og alt. leser hver gang du skriver, men kommenterer for sjelden (unnskyld!)

  • Det såg ut som ei flott helg! Eg må berre seie at bloggen din er heilt fantastisk. Når eg er inne på bloggen din er det som om verda utanfor står litt på pause, fordi her inne er det ei heilt eiga atmosfære, og ein får ei så god og varm kjensle i seg når ein les tekstane og ser bileta dine. Takk for at du delar med oss alle!

  • Elskar desse små filmane de lagar! Dei er så vakre og har så unik stemning, og det er så fint at de til og med har laga musikken sjølve!

    Draumen er å lage slike små filmar sjølv når eg får min eigen familie, men trur eg manglar litt på både kunnskapar, teknikkar og utstyr… Du har sikkert fått det spørsmålet her tusen gongar før, men kva kamera er det du brukar?? Tenker å spare til eit, for det einaste kameraet eg har no er ein iPhone 5…..

  • Videoen er delt i to på laptop’en min, det vil si at man ser bare halvparten :-) kan du dimensjonere den slik at den passer for mindre skjermer også?

  • I love your pictures, Mariell, and this little moving shot of your life is so inspiring. You and Jostein seem to have the perfect balance between being chilled and getting stuff done. And Saga is just adorable! You capture her personality beautifully in your photos and films. I can’t wait for further installments :)