Q+A, three

skjermbilde-2017-01-09-kl-15-03-57

Elsker bloggen din, men kommenterer sjelden (sorriii<3). Spørsmål: reisetips til København med baby? :) vi skal dit med vår da 3,5 mnd gamle jente, tips om kafeer og slikt som er babyvennlige? :)
– Takk! Verdt å vita om København: veldig barnevennlig by, men ikkje så veldig barnevogn-vennlige! Ein må oftast setta igjen vogna ute, så ta med babycall/monitor om ungen søv når de skal gå inn, og gjerne óg ein sykkellås til vogna (dei fleste låser fast vognene sine ute!). Me kosa oss veldig på Mad&Kaffe, da sat me i vindauget sånn at Saga kunne ligga i vinduskarmen og det var kort veg ut når ho vart varm eller urolig. På Kompa’9 var det óg veldig chill, og på Granola syns alle servitørane at ungen var veldig søt, ehe. Andre tips: barneavdelingen på Illums Bolighus, OMG så mykje fint dei har der. Chickids (i gåavstand frå Mad&Kaffe) har berre fine barneklede. Og butikken Limonade (i gåavstand frå Granola), ganske så dyrt men der plukka me opp eit par fine ting som me brukar heile tiden og har så mykje glede av. Oi, saknar København allereie! Finaste byen.

Først og fremst vil jeg si at bloggen din er bare vanvittig fin.
Hvordan overgangen til å være foreldre? Hvordan har det å få barn forandret deg? Så lurer jeg på om dere ønsker flere barn?
Og til slutt; i et egentlig veldig kjønnsdelt/preget samfunn, hvordan oppdrar en unger som unger og som ikke jente og gutt om du forstår meg? Hva tenker du/dere om det? Hadde vært gøy å hørt dine synspunkter!
Klem!
– Takk!! For meg har det vore ein glatt overgang, eg innsåg først då ho kom at eg har følt meg som ei mor minst halve livet, så i rolle var det ikkje så himla annleis. Men ansvaret og kjærleiken er enormt, såklart. Korleis det å få barn har forandra meg trur eg me får venta litt lenger med å sjå, det har jo gått eit knapt halvår enda, men eg er definitivt skjørare på nokre vis og sterkare på andre. Eg er meir beskyttande for livet me har laga oss her, meir sjølvsikker, mindre sjølvbevisst. Men ja, me får vel sjå. Me vil ha fleire barn, heilt klart. Ang. det med kjønn så trur eg at ein oppdrar ungar som ungar ved å behandla dei som ungar og ikkje som kjønn, og eg trur ikkje det er enklare eller vanskeligare enn det. Å vera open og ikkje la andre voksne setta standardar eller reglar for korleis det skal vera. Å tilby alternativ, å vera gode med kvarandre og eksistera utanfor kjønnsbobla for ikkje å legga press eller verdi i verken det eine eller det andre. Med det sagt så vil eg ikkje at ungane våre skal føla at me har oppdratt dei anti-kjønn heller, at det ligg element av skam der som gjer at me har pusha unna konseptet av kjønn. Det er vanskeligare, men viktig, å tenka at ein skal hjelpa dei å bygga kjønnsidentitetane sine og ikkje utsletta dei, for det er vel egentlig poenget, som eg ser det. Er så himla redd for å snakka om kjønn, kjenner eg, sjukt slitsomt.

Hva er dine beste tips til å starte opp som freelancer?
– Om du kan, spar opp litt pengar først (!). Det er godt å ha ei lita støttepute i ryggen når du kastar deg utfor, liksom. Ha ei profesjonell heimeside og ein LinkedIn-profil som ser proff ut, snakk med folk i feltet der du vil starta og spør om råd, i det heile tatt snakk med folk og la folk vita at du er tilgjengelig. Masse av mine oppdrag har eg fått fordi eg har rett fram spurt om det er bruk for meg, liksom.

Hvordan er det å være mamma?
– Det er det finaste i livet.

Hva er de fineste tingene med å bo der dere bor nå?
– Å bu i hus. Å ha plass. Å ha dører ein kan lukka og likevel ha plass. Badekar. At me bur så nære ei elv og høyrer den heile tiden. At eg føler meg så trygg her.

Hei! Jeg lurer på om du/dere planlegger å skrive en bok til? Jeg fikk inntrykk av at dere syntes det var et spennende og utfordrende prosjekt? Jeg har ikke fått lest boken ennå, men jeg liker veldig godt hvordan du skriver på bloggen og har fulgt i mange år. Jeg har virkelig kost meg med magasinene, både tekst og bilder og innhold fra andre bidragsytere. Er det noe du tenker på å gi ut igjen? Håper det!
– Hei! Me er i prosessen med å skriva ei bok no, akkurat no handlar det mest om å sjå i kalenderane og finna ut når me kan få til konsentrert skrivetid, det er ikkje så himla lett no. Me jobbar veldig godt ihop, og kjem til å skriva mykje både ihop og kvar for oss framover! Vil heilt klart gjera fleire magasinprosjekt, det er supergøy men óg veldig risikabelt, så eg kan ikkje driva med i hytt og pine. Må berre få ein god idé først!

Hvordan er det å bo i Lærdal sammenlignet med London?
– Kanskje heilt motsatt på alle måtar, haha.

Hva med venner osv, hadde du stort nettværk i Lærdal fra før du flyttet dit?
– Kun familie og bekjente, me har ikkje egentlig folk me treffer her, men det funkar for oss. Me får masse besøk, typ heile tiden, og reiser jo ein del, og resten av tiden er det stille og det er derfor me flytta hit.

Jeg lurer på en praktisk ting rundt det å ta et stort valg i livet sitt, som det å flytte fra London og livet der til Sogn og Fjordane: Hvordan introduserte og presentere du og Jostein denne ideen for andre? Spurte dere andre om råd, eller la dere dette fram først da det var bestemt og avgjort? Hvordan håndterte dere reaksjoner og spørsmål fra nære? Jeg synes du virker veldig trygg i avgjørelsen dere har gjort, men lurer likevel på om du synes det er slitsomt/vanskelig at folk stiller spørsmål ved det – eventuelt om du har noen tips til en som synes det kan være vanskelig å måtte forsvare valgene sine i tide og utide. PS – veldig glad i bloggen din, og har lest den siden 2009, og kanskje ikke kommentert nok – skal prøve å bli bedre på det :)
– Dette er eit bra spørsmål!! Har gode svar!! Me spurte ikkje om råd, og gjer egentlig sjeldan det, me forteller folk ting når det er «ferdig». Ikkje éin einaste gong sa me «me tenker på å flytta» med håp om å opna ein diskusjon, for andre kjenner jo aldri heile bildet. Eg syns det er såååååååååå slitsomt å få råd eg ikkje har bedt om/treng eller når folk trur at ting er oppe til diskusjon som ikkje er det og som slenger inn kommentarar utan å tenka seg om som ein seinare blir gåande og tenka på. Me fekk igrunn ikkje så mykje reaksjonar og spørsmål, men det var kjipt å sei det til dei som bur i London som me flytta ifrå. Som du seier, så er me jo veldig sikre i valget me tok, så det er ikkje vanskelig eller slitsomt, men irriterande når folk stiller spørsmål ved det. Om ein ikkje er så himla sikker så kan ein vel sei det óg? Berre sei at eg har tatt dette valget, men eg føler meg litt usikker og syns det er slitsomt/vanskelig at andre folk skal synsa ting eller tenka høgt om det. Det er lov!

Heisann! Eg lurar på kordan det var å reisa til Italia når S var så liten? Eg og sambuaren min drøymer om ein tur til Nord-Italia når lille er 4 mnd i september. Berre lurte om du hadde nokre tips til flytur feks? God bedring til alle!
– Hei! Eg var veldig redd for flyturen, men det gjekk veldig fint og da var ho berre 2 månader. Det einaste eg vil sei er: reis på rett tidspunkt på dagen. Då me reiste ned til Italia var S kool med det meste, men medan me var der fekk ho ein mykje meir definert døgnrytme og flyturen heim som ikkje var før seint på kveld, var mykje meir slitsom. Så kanskje lurt å fly på formiddagen om det går, da brukar dei jo å vera på sitt beste humør! Også berre tenk: JA, kanskje blir flyturen slitsom, men det kjem til å vera fint å komma fram og SÅ KULT å tenka på seinare at ein faktisk gjorde det. Til flyplassgåing og sånt så er ein babywrap GULL verdt for meg, når ein ikkje kan ha vogn men må ha med bebis overalt, me har ein frå Solly Wrap som eg elskar, men ein får jo kjøpt brukte frå typ Ergobaby og sånt som er supre óg. Og ja, når dei kallar opp og seier at folk i rullestol eller med ekstra behov kan gå på flyet, GÅ PÅ FLYET. Det er ingen som stoppar ein person med ein baby frå å gå på flyet da, også setter du deg i setet også ammar du til det absolutt siste, det funka veldig fint for oss på flightane me har vore på. Også var det veldig godt for meg at Jostein var den som hadde ho på fanget under flyturen utanom i ammingen, så ikkje alt den fysiske byrden landa på meg berre PGA puppar.

Via bloggen slipper dere oss inn på dere på en nær og fin måte, og jeg koser meg hver gang du legger ut en ny post. Mest fordi for meg har du blitt et bilde av noe ekte. Et håp i en overfladisk verden, om du vil. Men hva tenker du om hvordan blogglivet har forandret seg siden du startet? Og er det kun positivt å ha så mange mennesker tett på seg? Blir grensen mellom det mest private og det som deles tydligere for hvert år? Og tenker du mer på dette etter du fikk Saga?
– Oi, takk, så fint. Svarte litt på det første du spør om tidligare her, men det med grensa for det private: absolutt. Det er mykje meir eg ikkje deler no som eg har born, og eg er meir klar på kva eg deler og ikkje. Med det sagt er det sjølvsagt fint å dyppe tåa i det de ikkje får sjå av og til (som med mobilbildene mine, for eksempel), men som regel så kjenner eg det i magen når det ikkje er ok. Eg trur greia egentlig er at eg er meir bevisst på den grensa, kanskje ikkje nødvendigvis at den er strengare enn før, men eg veit bedre kvar den går, liksom. Eg syns det er viktig at S kan sjå tilbake på dei heilt tidlige dagane i livet sitt og sjå noko som både er representativt men der me har fokusert på alt det fine. At ho óg kan sjå at når ho først skulle eksistera på internett så var det med ein omsorg for det som står igjen og med respekt for hennar privatliv, liksom.

Alltid så fint å få lesa tankar og om livet dykkar!
1) Eg har lenge lurt på korleis de løyste etternamnsspørsmålet på Saga? Ein ting er å behalda sitt eige namn når ein giftar seg (om ein ynskjer det), men når det er bornet ditt blir det jo til sjuande og siste det siste etternamnet som “tél”. Så kva har de tenkt og korleis har de løyst det? :)
2)Eg lurer óg på livet på garden. Korleis er det å berre vera de tre, så mykje? Blir ein gal av kvarandre eller berre meir glad i kvarandre?
3)Kor mange barn vil de ha?
1) Ho heiter Avdem Øyre, altså Jostein sitt mellomnavn som sitt mellomnavn også mitt etternavn som etternavn. Det var det mest musikalske alternativet, pluss at eg hadde eit veldig sterkt ønske om å bruka mitt navn sist. Gifta meg jo med ein feministmann, så det var liksom ikkje ein lang og smertefull prosess på nokon måte, haha. 2) Me elskar det! Ein får liksom bli si eiga lille verd på ein måte som me ikkje hadde vore i ein leilighet i ein by, trur eg. Det er noko med å bu i hus. Også er me jo ganske sosiale, eg snakkar med masse venner kvar dag og me har mykje besøk. Jostein sine foreldre bur óg på garden her, så me er absolutt ikkje åleine. 3) Helst vil me ha fire! Så får me sjå!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Apropos bok, så har jeg lenge kunne tenkt meg en slags best of fra bloggen din. Du har så himla mange fine tekster som fortjener å bli trykt på papir. Har så lyst til å ha den i bokhylla mi, liggende på nattbordet eller stuebordet. Du har så mange godt reflekterte og samtidig vakkert formulerte tekster.