Q+A, two

skjermbilde-2017-01-09-kl-15-01-57

Jeg er gravid med mitt første barn som kommer tidlig juli (jippii!!). Vil du dele dine topp 10-20-30-40-1000000 tips til en ny mamma som du kunne ønske du selv visste når du gikk gravid med / fra den første tiden med Saga?
– Gratulerer!!! Dette er sånt som eg egentlig kunne ha skrive eigne innlegg om (men er så redd for at ikkje folk vil lesa om det?), men her kjem nokre enkle som eg skulle ønska nokon sa til meg men óg som eg er glad at eg gjorde/visste:
1) Det er lurt å vera forberedt på kva som skjer i kroppen i dagane og vekene etter fødselen, så det ikkje kjem som eit sjokk. For min del var det berre godt å vera forberedt på det verste. Likevel var det eit sjokk kor mykje eg grein og blødde, liksom, kroppen er heilt vanvittig og fantastisk, men den treng óg tid til å tilpassa seg.
2) Du MÅ ikkje ta imot besøk om du ikkje vil, det er lov å sei nei (og kan vera bra øving til seinare i foreldreskapet?), det er dine behov som er viktigast i dagane og vekene etter fødsel og ikkje andre sine kjensler. Det er óg du som kjenner deg sjølv, og babyen din, best. Eg syns denne teksten frå Underbara Clara er så fin: Det avgör jag.
3) Ver open for å spørja om hjelp, og bli på barsel så lenge det går. Eg var nære ved å gi opp ammingen og ville ikkje bry jordmødrene dei dagane me var på barsel, men Jostein insisterte på å bruka dagane der til å faktisk læra å amma ordentlig. Når det krølla seg til siste natta på barsel (etter melka kom inn på ordentlig) fekk eg kunstig Oxytocin i nasespray og pumpa og grein med verdens finaste jordmor ved mi side. Får framleis tårer i augene av å tenka på det, og no er ammingen noko av det finaste eg veit.
4) Ha masse bleier og enkel mat på lager. Jostein behandla meg som ein gal person då eg ville kjøpa nokre pakker med bleier før fødselen, men det gjekk sjuke mengder i starten, og det vart liksom noko me måtte planlegga rundt og «skaffa», og alt av mathandling og sånt føltes som store prosjekt for da måtte nokon vera åleine med ungen. Og med maten: dei første vekene åt me ikkje frukost før kanskje klokka tolv, døgnet var opp og ned og sjølv om alle hadde det bra og var friske, så var det vanskelig å få laga seg mat. Så anten be fine folk rundt seg å komma med mat eller fyll opp frysaren med rundstykker og kjøttbollar på forhånd! Det kjem eg til å gjera neste gong. Jaja, dette vart jo eit eige blogginnlegg i seg sjølv, ser eg no.

Kjære deg! Takk for at du skriver så fint. Bloggen din er et trygt sted å være og det er ganske unikt i dagens samfunn. Jeg har 3 spørsmål:
1. Har du noe forslag til den perfekte bursdagskake til en ettåring? Ikke nødvendigvis til den lille, men til all familie som kommer for å feire.
2.Hvilket program bruker du for å lage/redigere film?
3. Kommer du til å ta noen bryllupsoppdrag i år? :)
Klem til deg og den fine klubben din!
– Takk! Klubben helsar tilbake. Her kjem svar: 1. DENNE! Eg har så lyst til å lage ei sånn kake. Anbefalar sterkt Linda Lomelino sine kakeoppskrifter, dei er veldig enkle å gjera men ser imponerande ut. 2. Eg brukar akkurat no iMovie! Enkelt og greit! Mest fordi eg ikkje redigerer filene i det heile tatt, utan å klippa dei ihop. Så det er nesten ingen fargekorrigering eller sånt i filmane mine. Helst skulle eg ha brukt Adobe Premiere, men det har eg ikkje akkurat no. Syns iMovie er intuitivt og enkelt! 3. JA. Har masse bryllupsoppdrag allereie, skal bli så GØY etter eit heilt år utan!

Såvidt jeg husker gikk du medier og kommunikasjon på vgs? Hva tenker du om det idag? Fikk du faglig utbytte av det, og er det medielinja som gjorde at du ble interessert i blogg som medium eller gjorde at du gikk videre med det? :-)
– Jepp, gjekk Media og Kommunikasjon på Firda VGS. Eg er kanskje den som gjekk i klassen min som framleis jobbar med nesten alt me hadde undervisning i, haha. Webdesign, fotografi, film, radio/podcast, grafisk utforming, tekst. Når eg tenker på det no er det som om eg aldri slutta på skulen? Haha. Eg skreiv blogg før eg starta på VGS, men det var definitivt skulen og klassen som utvikla evnene mine, liksom.

Jeg lurer litt på hvilke tanker du har gjort deg rundt det å publisere bilder av barnet ditt på nett? Det virker som det er noe folk har veldig sterke meninger om, og jeg kunne gjerne tenkt meg å høre hva du tenker om det.
– Dette er eit veldig bra spørsmål, og noko Jostein og eg snakkar massssssssssssssssssssse om. Først og fremst: eg meiner at det er eins eige ansvar som forelder, å verna om internetteksistensen til sine eigne barn. Derfor legg eg ikkje ut bilder av ansikta til mine nydelege tantebarn eller andre barn, for det får foreldra deira i så fall gjera sjølv, fram til dei er gamle nok til sjølve å forstå kva det vil seia å eksistera på internett. Me lar ikkje andre folk legga ut bilder av ansiktet hennar, til dømes, og har fleire gongar bedt folk sletta bilder. Det er eit ansvar eg gjerne tar. Når det kjem til kva eg/me legg ut og ikkje, så er det ein veldig bevisst prosess, og eg vil ikkje publisere sånt ho kan ha dårlige kjensler rundt seinare i livet. Derfor skriv me ikkje om intime ting, og legg ikkje ut bilder av ho der ho er naken eller bilder av ho som er «morsomme». Etter kvart som ho blir eldre, trur eg at antall bilder og naturen i bildene vil innskrenka og endra seg noko, men enn så lenge føler eg at ho bokstavlig talt framleis er ein del av kroppen min. Men ja, eg tippar at me er like dei fleste foreldre som lever mykje på internett, det er ein pågåande samtale konstant, og eit tema der eg føler at det blir feil uansett. For meg hadde det vore heilt på trynet om ho berre ikkje skulle eksistera med oss her, og eg hadde tankar om at ho kunne synast det var trist å seinare i livet oppdaga denne bloggen også ikkje vera ein del av det i denne perioden. Så det har både ein stor verdi for oss som familie pluss at det er kjempeskummelt.

Og så lurer jeg på hva som er din beste frokostoppskrift? :D Trenger litt inspirasjon i hverdagsovergangen.
– Her er tre! Nøttefrukost. Scones. Den beste eggerøra som finst.

Hei vakre! Har bodd i england i snart fem år nå og til våren flytter jeg og briten til norge. Hva gjorde du og Jostein med ting som ikke fikk plass i kofferten? Har mer eller mindre angst over dette! Xxx
– Ja, altså, eg veit ikkje kor mykje hjelp dette er, men me køyrte altså heim ein heil bil, me. Me brukte ein tjeneste som heitte Movinga, som flytta heile sulamitten for 910 pund. Så me tok med sykkelen min, marmoren, dokkehuset, alle bøkene, overmadrassa, skatollet, sofaen vår (!) og ja, i det heile tatt. Maaaasse greier, så verdt det. Det var ikkje ein enkel prosess, men det var heilt verdt det når eg ser tilbake på det no. Lykke til med flyttingen!

Hei. Jeg lurer på om du har noen tips til fødsel. Gjerne i forhold til å beholde kontroll / ikke få panikk. Har ikke født før og har bare en uke til termin:-) Hva gjorde at du hadde en fin opplevelse? Var det å føde slik du hadde trodd på forhånd?
– Mitt tips: Å jobba med å akseptera at ein ikkje har kontroll, at det er kroppen som styrer ein fødsel, og stola på jordmor og lege. Det hjalp så sjukt mykje å ikkje kjempa imot smertene men berre la dei komma, liksom la kroppen gjera greia si. Det som gjorde det til ein bra opplevelse: å gi lystgassen ein ordentlig sjangse og høyra på instruksjonar om den (vart superkvalm først men så skjønte eg greia), at Jostein var ved sida mi heile tiden, at eg følte meg sett og fekk hjelp av jordmor og at eg lot sjølvbevisstheten få ta ein pause. Å føda var veldig som eg hadde trudd, faktisk, berre mykje kjappare. Det einaste ein veit er at ein ikkje kan vita noko som helst om ein fødsel før den er der.

Hvordan har blogging forandret seg siden du starta og hvordan tror du blogging kommer til å se ut om 5 år? (Synes det er spennende å høre hva du som blogg-veteran tenker om fremtidens internett/blogg-trender!)
– Blogging var så sjukt avslappa då eg starta, ein kunne legga ut nesten kva som helst og folk var så fascinerte av liksom fenomenet blogging at dei var interesserte. Så byrja det å komma så sjukt mange bloggar at folk kanskje følte eit behov for å skilla seg ut meir og nokon gjekk mot mote og nokon gjekk mot mat, interiør, reise, og sånn ser det jo igrunn ut i dag. Dette er berre nokre tankar eg har, men eg føler at 2016 var året da bloggingen kom litt tilbake til starten, folk blir meir og meir opptatte av å sjå det ekte igjen, det usminka, det umiddelbare, sjølvsagt påvirka av heile greia med Instagram og mikroblogging. Om fem år trur eg dei fleste kjem til å driva med video som format på ulike måtar!

Hva ville du gitt for tips til en som vil begynne å blogge i 2017?
– Skriv ting som er ekte, ver personlig ELLER skap vakre bilder (eller helst begge deler), og kommenter hos andre bloggar.

Eg lurer litt på om du har nokon søte tear du vil anbefale? Helst nokon litt eksklusive som du ikkje finn i matvarehylla. Gjerne kom med lenkjer er du søt. Helsing ivrig blogglesar og tesupar!
– Wedding imperial frå Mariage Freres, ikkje den enklaste å få tak i i Norge, men ein kan kjøpa på nett! Den er karamell og vanilje for meg, supergod. Også likar eg Kashmir-chaien til Kusmi, den er jo lettare å få tak i i Norge. Ellers så likar eg sjølv best Earl Grey og bergamot-baserte tear.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Ååååååh! JO! Lag et innlegg om graviditet/barn/födsel!
    Jeg har lest bloggen din i mange år, og nå er jeg selv på samme stadie i livet, så det hadde värt veldig interessant å lese perspektivet ditt. Jeg kjenner meg mye igjen i dette med å verne om sin egen energi (om jeg kan kalle det det), og önsker gjerne å lese hvordan du håndterte dette i graviditet og barseltiden. Og egentlig alt du har å komme med vil jeg så gjerne lese. Du skriver så fint! Perspektivet ditt er ofte viktig, fordi det er så humant, naturlig og vakkert – og jeg trenger ofte en sånn påminnelse når jeg bare har lyst å syte og klage.

    (herregud som jeg slet med å poste denne kommentaren pga. den spam-greia jeg ikke så i slutten der) :)

  • Takk for tips om Movinga, sitter kanskje med samme flytteproblem om et halvt års tid (hjelp!) Leser gjerne innlegg om graviditet/barn/fødsel jeg også, til tross for at det er en del år i fremtiden for meg enda – men alt du skriver blir gull synes jeg,og så synes jeg det er kjempespennende å av og til gå tilbake til innlegg du skrev for noen år siden fordi de nå er relevante for meg!

  • Til det første spørsmålet vil eg bare stemme meg 100% einig og legge til: Det kan hende at du får mange velmeinte råd om både det eine og det andre, om babysøvn og smokk og samsoving. Ta i mot dei råda du synst høyrest fornuftige ut og lukk øyra til resten. Det er DU som bestemmer og du kjem til å gjere ein supergod jobb! Og ein ting til: Om det blir litt overveldande, så er det absolutt lov å be om hjelp! Eg hadde mamma buande hos oss i nesten to veker, eg.

  • Du svarer alltid så klokt og fint. Det er kanskje for sent å spørre om mer nå, men lurer på om du og Jostein alltid er enige, eller om dere noen ganger krangler om foreldreskapet, hvordan styre hjemmet, jobb, osv osv. Dere virker så innmari samkjørte og som om dere har samme verdier, om du skjønner. Veldig fint å se. Men er det så sømløst som det ser ut stort sett?

  • Når du drikker vin, hva digger du?
    Hvor henter du middagsinspirasjon fra?
    Føler du har så mye digg mat!! Som du kanskje ikke får på coop-en liksom! Bestiller du mye? Kanskje bare jeg tror det fordi bildene dine er så dreamy <3

  • Takk for fine svar Mariell. Jeg skjønner av spørsmålene at du kanskje blir et slags idol for mange kvinner som kanskje ennå ikke har fått barn. Jeg har to, og opplever det ganske overveldende og fylt med så mange følelser. Underbara Clara har jo skrevet endel om det å være forbilde, og jeg håper du ikke føler det som et press – bare at det er godt å dele. Ønsker deg alt godt som mamma!