Q+A, one

skjermbilde-2017-01-09-kl-15-02-26

Jeg lurer på hvordan overgangen fra London til Sogn har vært? Fra leilighet til hus, by til bygd? Synes dere har tatt et stort og modig valg <3
– Eg syns det har gått veldig bra, men trur mykje av det er fordi me reiste til eit liv og eit område, til og med eit hus, me kjente. Det mest slitsomme for meg no er tilgjengelighet på varer, at ein ikkje får tak i ting eingang på internett. Vurderer no (dette er heilt seriøst) å importere min eigen mat for å ikkje føla meg så begrensa av det, aksepterer det liksom ikkje.

Synes dere har en koselig interiørstil! :-) Har du lyst til å lage et innlegg der du tar oss med rundt i huset og viser bilder av interiør- og detaljer?
– Takk! JA, eg har jo egentlig lyst til det, men så er eg litt fanga i at det er så store deler av huset som ikkje er ferdige enda. Men såklart, det er jo sikkert interessant å óg få sjå eit hus som er på midtimellom-stadiet?

Hvor mange bøker håper du å lese i 2017? Kan du lage et innlegg om hva du synes om boka “Arv og miljø” av Vigdis Hjorth når du har lest den?
– Eg håpar å lese fleire enn i fjor, det er mitt einaste mål! Las utrulig få bøker i fjor, hjerna var som graut gjennom graviditeten og det håpar eg å komma litt ut av no. Eg skal absolutt skriva om den om eg likar den! Gler meg veldig til å lesa den og til å komma inn i lesegrooven igjen. Faktisk seinast i går stod me oppe i biblioteket (også kalla gjesterommet med stor bokhylle) og såg på alle bøker og snakka om bøker og da kjente eg at eg lengta mot å kunne berre grava meg ned i ei bok.

Hva tenker du om å drikke alkohol mens du ammer?
– Eg trur dei fleste vil forstå at eg trår varsamt når eg uttalar meg om noko sånt, og at eg tek mine eigne val. Eg støttar meg på den ferskaste forskinga og drikk med måte, med utgangspunkt i at eg skal vera i stand til å ta vare på ungen min. Så eg vil ikkje drikka meg full, den tanken er ubehagelig for meg no som ho er så liten og treng meg så mykje, men eg drikk gjerne eit par glas vin utan at samvitet (eller ungen min) tek skade av det (og om du får lyst til å debattere dette i kommentarfeltet, ver grei å ta eit kjapt googlesøk på fakta først, please and thank you).

Hei! Jeg lurer på hvordan du visste at du var klar for barn? Med en frilanstilværelse hos dere begge som kan gi mye usikkerhet, hvordan var prosessen frem til dere bestemte dere for å begynne å prøve? Hilsen en annen frilanser ❤
– Eg var absolutt ikkje klar då eg vart gravid, men me bestemte oss for at det passa å byrja å prøve etter bryllaupet. Om eg skulle ha venta til eg var klar hadde eg komt til å venta for alltid, det var noko så deilig (spesielt for ein kontrollperson som meg) å berre bestemma at no gjer me det uansett om me er klare eller ikkje. Jostein meinte at «det kjem til å ta lang tid å bli gravide» ooooog det gjorde det ikkje, ehe. Eg fekk igrunn panikk då me fann det ut, mykje på grunn av jobb. Og eg har vore så redd for at mykje tid ute av arbeidslivet gjer at folk mistar interesse for meg, men sånn opplever eg det ikkje. Akkurat no jobbar eg 20%, i slutten av månaden køyrer me det opp til 40%, og det funkar veldig fint for oss. Frilanstilværelsen KAN gi mykje usikkerheit, men me er ikkje så himla usikre. Sjølv om økonomien i frilanslivet fluktuerer veldig, så er det framleis forutsigbart (i alle fall for oss som har jobba med det samme i nokre år), så me veit at det er mykje pengar om hausten og mindre på vinteren, også prøver me så godt me kan å planlegga rundt det.

Hei! Saga er slikt eit nydeleg, om enn litt uvant namn. Kvifor valde de akkurat dette namnet?
– Takk! Navnevalget var ein laaaaaaaaaang prosess, spesielt med jentenavn. Me visste jo ikkje kjønnet før fødselen, så me hadde eitt guttenavn og eit jentenavn, og guttenavnet vart klart månader før termin medan Saga tok lenger tid å komma fram til. Me ville begge ha eit uvanlig navn som hadde norrøne røtter men likevel funka internasjonalt sidan me kjem til å reisa mykje med ungane våre og håpar at dei sjølvsagt vil reisa i vaksenlivet. Ho heiter Saga Ingebjørg, fordi me kalla ho for Bølla i magen og fann ut ved tilfeldigheit at Bølla er eit kallenavn for Ingebjørg i Sogn, der me bur. Og at både Jostein og eg har ei Bølla i familien.

Eg lurar på kva var det som gjorde at de fann ut at de ville skrive bok? Korleis gjekk de fram? Eg har lenge site med inspirasjon til ei bok eg vil skrive, så mykje at det nesten boblar ut av meg, men eg veit ikkje korleis eg skal begynne.
– Me flaksa totalt og fekk ein telefon frå Samlaget som spurte om me hadde lyst til å skriva ei bok, så prosessen vår såg heilt annleis ut enn for dei fleste. Får ofte dårlig samvit for det, at vår erfaring ikkje er til hjelp for nokon andre skrivande fordi den er så annleis, haha. Eg fekk telefon frå Samlaget som spurte, me sa ja og skreiv litt på boka også skreiv me under kontrakt. Om du vil skriva, så skriv, skriv eit førsteutkast eller nokre kapittel og send til forlag!

Hva er favorittbloggene dine akkurat nå?
– Johanna Bradford, Elsa Billgren, Vardagskonst, Homesong, Volang, Krickelin

Hvilke steder i Sogn og Fjordane er dine favoritter?
– Eg har jo faktisk laga ein guide! Her er den!

Har du vært i Nord-Norge?
– Eg har vore i Alta! For ti år sidan, men ja.

Hvordan forberedet dere dere til fødsel? Tenker f.eks. lesestoff, kurs, trening, samtaler … bevisst mangel på enkelte typer forberedelser teller også :-) selv vil jeg egentlig tenke minst mulig på det før det skjer, men skjønner jo at det er en grunn til at det finnes kurs og greier …
– Eg snakka masse med jordmor også såg eg tusen episodar av «One born every minute» på Youtube, eg las masse fødselshistoriar på internett og såg labour&delivery-videos, også på Youtube. Det viktigaste eg gjorde var yoga, faktisk. Lærte meg å pusta ordentlig, og det var óg der eg lærte å deala med riene (visualiserte eit fjell som eg klatra til toppen av medan smertene steig, medan eg heile tiden kunne sjå den deilige vegen ned igjen óg). Også hadde eg eit mantra. Det funka utrulig bra for meg! Var veldig nøyen på å ikkje ta noko bullshit når folk prøvde å fortella meg kor forferdelig det var, det var viktig for meg å få lov til å ha min eigen opplevelse, liksom. Ein ting eg skulle ønska eg hadde forberedt meg meir på: amming! Vanskeleg å faktisk forbereda fordi det handlar mykje om teknikk, men skulle ønska eg visste meir om korleis det funka og kunne teorien bak teknikken, liksom. Og ein ting ei fin jordmor sa til meg «amming er som soving, det er heilt naturlig men det må lærast».

Hei! Et ganske personlig spørsmål (så om du ikke ønsker å svare på det har jeg full forståelse): jeg vet at du har erfaring med angst. Jeg lurer veldig på – hvordan har kombinasjonen angst + graviditet og fødsel + livet som småbarnsmor vært…? Jeg håper selv å få barn om noen år, men jeg sliter mye med angst, i den grad at det preger det meste i livet mitt, og jeg er redd for at jeg ikke skal takle noe så stort. Er redd for ikke å greie med alt ansvaret, å havne på et nivå av bekymring som jeg ikke greier å skru av, eller i verste fall seile videre inn i depresjon. Det er flere unge mødre i livet mitt for tida, og de er så ressurssterke og tilfredse alle sammen, og hver gang jeg ser hvor flinke de er til å være mamma tenker jeg 1) “hvis de kan så kan sikkert jeg og”, og 2) “… men de har ikke angst”. Hvis du føler du kan dele noe om disse tingene vil jeg sette veldig pris på det, men som sagt, no pressure <3
– Dette har eg faktisk skrive eit eige innlegg om, som du kan lesa her!

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Jeg har kjempelyst å se bilder fra et midt-i-mellom ferdig ordnet hus. Jeg har akkurat flyttet inn i gammelt hus utenfor Bergen og føler på at det er en million ting som burde gjøres, egentlig helst før noen kommer på besøk. Men jeg jobber med å bare invitere folk på besøk likevel. I helgen var vi 15 stk på tomatsuppe, og det var deilig uperfekt og trivelig.

    Ha en veldig fin tirsdag!