Her first christmas, on film

Her kjem den, vår lille julefilm. Blir allereie rørt av å sjå den, er allereie julesentimental og enda har me ikkje hatt ut juletreet (det er jo så fint!). Eg filma gjennom heile jula, frå julaftan. Musikken er det Jostein som står for, såklart, og me bestemte oss for å beholda mykje av den originale lyden óg. Det er litt skummelt, for det føles tusen gongar meir intimt då, men óg mykje finare nettopp derfor. Så de kan høyra mine triks for å få Saga til å sjå i kameraet (og Jostein som “nys” på slutten for å få ho til å sjå opp), høyra små bitar av samtalar, livet liksom.

Dagen starta med å sjå på Tre nøtter til Askepott, og Saga syns dei flaksande fuglane var veldig interessante. Ho fekk fruktpose (favoritten med fersken og banan) og fine sokkar i julesokken sin (Jostein fekk japansk whiskey og undertøy!). Til første juledag stakk eg ut ein gris i meierismør til bordsmør, og Jostein trudde at eg tok eit bilde så han sleika fingrane reine for eggerøre. Me var åleine heime på garden nokre dagar og opna konfekten. Fredrik knytte ihop strømpebuksa til Saga så ho vart ei havfrue. Kva anna er det å sei? Me hadde ei fin jul. Hennar første jul var ei god jul. Kjem til å kjenna takksemd for det om eitt år, om førti år.

Vil óg berre passa på å få takka for alle kloke, herlege, morsomme spørsmål de har stilt meg. Føler meg så heldig som har så fantastiske og engasjerte lesarar, herregud.

Here it is, our little christmas film. I already choke up looking at it, I’m already christmas sentimental and we still haven’t even thrown out the christmas tree (it’s so pretty!). I filmed the whole christmas, from christmas eve. It’s Jostein’s music of course, and we decided to keep a lot of the original sounds as well. It’s a little bit scary, because it feels way more intimate but I think it’s also much better because of just that. So you can hear my tricks for getting Saga to look up at the camera (and Jostein “sneezing” in the end to get her to look up), snippets of conversation, life.

The day begun as always by watching Three Wishes for Cinderella, and Saga thought the flailing birds were quite interesting. She got a smoothie pouch (her favorite, peach and banana) and pretty socks in her stocking (Jostein got japanese whiskey and underwear!). On christmas day I cut out a pig in butter for the breakfast table, and Jostein thought I was taking a picture so he licked all his fingers free from scrambled eggs. We were home alone a couple of days and popped open the good chocolates. Fredrik tied up Saga’s tights to make her a mermaid. What else is there to say? We had a lovely christmas. Her first christmas was a good christmas. I’m going to feel grateful for that in a year, in forty years.

I also want to thank you guys for all the wise, lovely, funny questions you’ve asked me. I feel so lucky to have such fenomenal and engaged readers, my god.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *