2016

Secrets

Egentlig orkar eg ikkje nyttårsaftan i det heile tatt, det er altfor mykje forventning og eksplosjonar. Me feirar i det stille, med bouef bourgignon, champagne og Casablanca. Og med ei bittelita oppsummering, såklart:

Då 2015 gjekk mot slutten, og eg skreiv dette innlegget, hadde eg ein kvalme i kroppen. Både fordi eg visste at eg bar på noko høgst viktig i kroppen, men óg fordi eg visste at 2016 skulle bli eit år av så mykje forandring. Me pakka ihop og flytta frå London når eg var 6 månader gravid, det var som eit sjokk frå eine til annan og eg forstår det kanskje ikkje enno heilt fordi det skjedde så mykje samtidig. No, som det er over, og ikkje før no, føler eg at eg kan trekka pusten. Det er først no eg føler at me har landa. Landa i huset, landa i Norge, landa i foreldreskapet. Det har vore eit år av styrke og vekst, det har vore intenst og til tider totalt utslitande, til tider med ein ekkel uro og angst i kroppen og så hiiiiiiimla mykje tårer.

På midten av året fødte eg dotter vår, og fødselen min var så sjukt power. Den var så flott og sterk og intens at eg har hatt dårlig samvit for å snakka om den. Er så takksam for den, så takksam til kroppen, så takksam til herlege jordmødre og til Jostein som er den beste partner in crime eg kunne ha hatt. I starten på året var eg så himla redd, så usikker på om me var klare, på om det var for tidlig, på om alt kom til å bli annleis i ekteskapet vårt. Eg var redd for at eg skulle føda inn i familien ein person som skulle bli ei hindring, ein mur mellom oss. Men det var umogleg å forstå, før ho var her, at å få born var som å forsterka alt, forsterka kjærleiken. For ho, som er det finaste i livet, er jo halvt meg og halvt han, og kjærleiken har meir enn dobla seg. Så ufattelig rart og fint.

I jobblivet har eg vore mest frustrert, frustrert over å vera så trøytt i graviditeten, over å ikkje klara å konsentrera meg om skrivingen, over å ikkje kunna fotografera bryllup i det heile tatt. Eg har hatt så mykje pepp og ambisjonar, men kroppen og livet har ikkje klart det. 2017 blir eit sjølvrealiserande år, kanskje klisjé etter eit år av svangerskap og babyliv, men sånn blir det i alle fall. Og eg vil skriva, masse masse masse. Vil dra ut internettet eller reisa på fjellet. Vil gi det til meg sjølv i gåve, likar meg sjølv aller best når eg får skriva og ikkje har alt i hovudet heile tiden.

Eg saknar London og vennene våre der, eg saknar å ta toget mellom London og Paris. Eg saknar croissantar laga med ordentlig smør, skikkelig sure franskmenn og pengar på sparekontoen. Men alt det er sånt som eg kan fiksa, og det har eg tenkt å gjera, i 2017.

Eg håpar de óg feirar på den måten de ynskjer dykk, anten det er på rave eller i badekaret. Og at de veit kor fine de er.

Happy New Yeaaaaaar!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • du skriver så fint. jeg er glad for at du delte med oss og skrev og tok bilder her inne i 2016. og gleder meg til å få være med deg i 2017.
    godt nytt år, gode Mariell!
    <3

  • Godt nytt år, gleder meg til å følge med i 2017 også! Du nevner fødselen i innlegget, så da vil jeg benytte anledningen til å si at jeg likte det lange innlegget som bare handlet om fødselen veldig godt. Siden jeg skal føde snart selv for første gang, absorberer jeg alt om temaet, og det er så utrolig bra å lese noe annet enn skrekkhistorier … så om du skriver mer om den opplevelsen, vil jeg gjerne lese :-) spesielt om forberedelser, hva man bør vite og hva det er best å ta når/om det kommer. Men forstår selvfølgelig også om du føler deg ferdig med den saken!