It was the day before christmas

ChristmasChristmas

Tenk at det er lille julaftan! Det er jo heilt sjukt! Jostein og eg gjer klar heimen til jul litt og litt og passar på å gjera det utan for mykje stress, for me tenker at om me gjer det med stress no så lagar me nervebaner i hjerna som lar oss tru at det må vera slik. Det er overhovud ikkje eit plettfritt reint hus, men me har mange typar konfekt og blomar på bordet. Detaljar heller enn rydding er det me går for! Og med pausar for masse kos og høgtlesing. Eg gler meg sånn til Saga skal ha på seg juleantrekket i morgon. I kveld er det middag hos mamma og pappa, bestemor er alltid hos oss på lille julaftan som føles som ein sånn luksus når pappa tross alt har fire søsken. Det er lutefisk og mjølkegryn, så eg et alltid berre graut lille julaftan medan alle rundt bordet prøver å fortella meg at eg kjem til å lika lutefisk om eg berre prøver. Kunne ha spelt bingo med dette, ting folk seier til meg kvart år. “Du likte det då du var liten” skulle vore eitt av punkta!

Er de klare til jul? Det er så rart at dette året snart er over, det mest innholdsrike i livet mitt så langt, men egentlig er det ei rar jul. Det er den første jula med baby og den første gongen (sidan me vart ilag for 12 år sidan) at Jostein og eg feirar julaftan ihop. Og sjølv kor koseleg det er, er det definitivt ein sorgprosess over barndomsjula mi som på sett og vis er over. Har voksesmerter i hjartet, men på eitt eller anna tidspunkt måtte det jo skje. Foreldrene mine og lillesøster skal feira hos oss i morgon, og det skal bli veldig veldig fint. Eg skal laga verdens beste kolrabistappe, det lovar eg meg sjølv. Mykje fløyte, smør og salt. Ikkje for mykje væte, ikkje for glatt, og eit par poteter må i. Litt pepper – perfekt.

No må eg starta på dagen! Saga søv framleis, så da får eg kryssa nokon ting av lista mi før ho bestiller seg mat. Håpar du har det fint i det lange land og utanfor og at du feirar med nokon du er glad i.

I can’t believe it’s the day before christmas! Jostein and I are getting the house ready little by little, careful not to get stressed out, because our idea is that if we do that, our brains will pave new memory and think it has to be this way. It is in no way a clean tidy perfect house, but we are stocked up on candy and have flowers on the table. Details rather than tidying are what we are going for! With lots of cuddles and reading in between. I can’t wait for Saga to wear her outfit tomorrow. This evening, we’re going to my parents’ house, my grandmother always spends the 23rd with us which feels like such a luxury since my dad has four siblings. They are making traditional lye fish and a milky rice porridge, so I always just eat porridge on this day while eeeeeeeveryone at the table tries to tell me I’d like it if I just tried it. I could have played bingo with this, things people say to me eevery year. “You liked it when you were little” should be one of the points on the list.

Are you ready for christmas? It’s so strange that this year is over soon, the most full year of my life so far, but it’s really kind of a weird christmas. It’s my first christmas with a baby and the first time (since we became an item 12 years ago) that I am spending christmas eve with Jostein. And even though that is amazing, I am going through such a grief process about my childhood christmas that is, in a lot of ways, over. My heart aches, but it had to happen at some point. My parents are celebrating in our house tomorrow, and I am excited. I am going to make the world’s best mashed kolrabi (a norwegian christmas staple!), I vow that to myself. A lot of cream, butter and salt. Not too much liquid, not to smooth, and I have to have a couple potatoes. Some pepper – perfect.

I have to start my day now! Saga is still asleep so I’ll cross a few things off my list before she wakes up and does a food order. I hope you are happy, wherever you are, around people you love.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • That sounds perfectly imperfect – love your words, as always!
    MERRY CHRISTMAS!!

    Sending you lots of love from Vienna,
    Julia

  • Ville berre seie hei – eg var den forkjøla, svette og lettare stressa jenta som ikkje fant kortet på Flavours food på Østbanehallen på tirsdag, når Jostein tilba å betale for meg! Kjenner Jostein litt fra før jo, men skulle jo ha hilst på deg og der og da. Kanskje kjem fleir sjanser sidan vi begge jobbar med opera :) og samtidig vil eg sei at du har en veldig bra blogg, lest den lenge! God jul!

  • Å, eg har og voksesmertar i hjartet, for ein fin måte å formulere det på. ❤ Feirer jul for første gong med baby og for første gong ein anna plass enn barndomsheimen. Rart å liksom plutseleg vere vaksen. Er vel på tide då, eg er jo faktisk smart 25 år.

  • Alt klart, juletreet er pynta ig pinnekjøtet er kortreist (frå eigen gard) :) Feirer jul for første gong saman med kjæresten, det blir fint! Neste år blir første jul utanfor barndomsheimen, og det blir også fint, men rart :)