More secrets from my phone

UntitledUntitled
[left]De likte så godt når eg delte med meg av bilder eg vanligvis ikkje ville ha delt, så eg har tatt enda eit djupdykk i mobilbildene mine, berre for det! Så her kjem det, 44 bilder frå mobilen min frå dei siste månadane her på morgonkvisten. Det er ikkje morgonkvisten for meg, da, det er søndag kveld og eg er HIMLA trøytt etter ein dag full av baking, kjensler, podcastinnspeling og julegåvebestillingar. Eg håpar at eg framleis søv når de les dette. Eg håpar eg vaknar til ei veke som blir lun og god til slutt. Men ja, til bildene: Aller først, spor etter hjorten på formiddagsluren til S. Også ein dag det vart så kaldt ute medan ho sov så lenge at eg måtte ta av toppen på vogna og setta ho i gangen. Slik sov ho i nesten ein time, medan eg tok ut av oppvaskmaskina og hengte opp klesvasken.[/left][right]You really liked it when I shared pictures from my phone that I normally wouldn’t share, so I’ve done another deep dive into my phone pictures, just because! So here they are, 44 pictures from my phone from the last months, here in the early hours of the day. It’s not morning when I’m writing this though, it’s still sunday night and I’m SO tired after a day full of baking, feelings, recording a podcast and ordering christmas presents. I hope I’m still sleeping when you read this. I hope I wake up to a week that will be mellow and good in the end. But yes, to the photos: The first one, traces of deer when taking S on our first nap in her pram for the day. And another day when it was so cold outside while she was sleeping and I had to take the top part of the pram off and put her in our entryway. She slept like that for almost an hour while I emptied the dishwasher and hung the laundry to dry. [/right]

UntitledUntitled
[left]Eg bakte tre slag kaker til dåpen og serverte på mormor sitt servise (kan seriøst dekka på til typ 50 menneske med det), og ei vidunderleg gåve som kom frå Haleigh i Paris: ei gardin som det står Bébé på, lurer på om eg skal sy det om til eit dynetrekk.[/left][right]I baked three kinds of cookies for her christening and served it up on my grandmother’s china (I can seriously serve around 50 people with it), and a wonderful gift that arrived from Haleigh in Paris; it’s a curtain that says Bébé, I’m wondering if I should make it into a duvet cover.[/right]

UntitledUntitled
[left]Eg kjøpte nye blomar til badet før dåpen, og vaska hylla for første gong = god grunn til eit bilete. Likar så godt å ha planter på badet, gjerne så det føles som ein jungel. Til høgre er blomerestar frå dåpen og Lauren Bacall sitt lure blikk.[/left][right]I bought new flowers for the bathroom for the christening, and washed this shelf for the first time = a good enough reason for a photo. I love having plants in the bathroom, I want it to feel like a jungle. To the right is leftover flowers and Lauren Bacall staring at me.[/right]

UntitledSecrets
[left]Bordtesting til dåpen, og ei som syns det var så godt med banan at ho gjerne ville få eta heile fatet.[/left][right]Table testing for the baptism, and a little one who liked banana so much she wanted to eat the plate.[/right]

SecretsSecrets
[left]Blikket som stirrar mot flammen i ovnen (armvalkar = så mykje kjærleik!!), og ein snødekt hage som for lengst er vekk.[/left][right]An intense stare at the fireplace (arm rolls = so much love!!) and a snowy garden that has allll melted away.[/right]

SecretsSecrets
[left]Ein dag me matcha kjolen hennar med skjørtet mitt, og ein dag ho berre ville vera PÅ kroppen men eg måtte ta bakebilder før sola gjekk ned.[/left][right]A day when we were matching, my dress with her skirt, and another day when all she wanted to do was be ON my body but I had to take photos of my baking before the sun set.[/right]

SecretsSecrets
[left]Ein dag ho hadde ekstra lubne kinn og sov på golvet, og ein dag ho sparka meg i fjeset.[/left][right]A day when her cheeks were extra chubby, and a day when her feet were in my face.[/right]

SecretsSecrets
[left]Eit bilete eg sendte til Jostein for å visa kor bra det gjekk når han var på turné. Det gjekk såklart ikkje bra i det heile tatt, var så tung i hjartet og trist heile veka. Også eit av mine beste antrekk på S.[/left][right]A photo I sent Jostein to show him we were doing fine while he was on tour. I wasn’t, of course, my heart was heavy and I was sad all week. And, one of my favorite outfits on her.[/right]

SecretsSecrets
[left]To til i det samme antrekket for å demonstrera kor mange ulike ansikt ein kan ha når ein er bebis.[/left][right]And two more in that outfit to demonstrate the many faces of a baby.[/right]

SecretsSecrets
[left]Doen og min sovande baby på Lauget på Sandane.[/left][right]The bathroom and my sleeping baby at Lauget café in Sandane.[/right]

SecretsSecrets
[left]Veldig stolt Mariell tilbake på vidaregåande skulen sin, med bebis. Var så fint å treffa lærarar igjen og introdusera dei for ungen vår, me var jo tross alt eit par allereie da.[/left][right]A very proud me back in my secondary school, with my baby. It was so nice to see the teachers again and introduce them to our babe, we were a couple even then. [/right]

SecretsSecrets
[left]På veg gjennom fjordfylket, og ein ikkje-så-bra babygym laga av ledningar medan eg var matforgifta på Sunnfjord Hotell.[/left][right]Passing through our county, and a not-so-good play situation for S I made from wires while I had food poisoning in a hotel.[/right]

SecretsSecrets
[left]Eit bilde frå gjenopptakingsdagane til forestillingen til Jostein og Fredrik, og eit frå Alexandra Hotell.[/left][right]A photo of Jostein and Fredrik’s tour, and one from Alexandra Hotell.[/right]

SecretsSecrets
[left]Jostein sitt ferdige puslespel (så stolt!) også ei natt ho sovna fullt påkledd.[/left][right]J’s finished puzzle (so proud!) and one night she fell asleep fully dressed.[/right]

Secrets
[left]Gulrotkakegraut til frukost, mmmmmmm.[/left][right]Carrot cake oatmeal.[/right]

Secrets
[left]Heile familien med vår gigantiske last i ein heis på flyplassen i København.[/left][right]My little family with a gigantic amount of stuff in a lift in Copenhagen airport.[/right]

SecretsSecrets
[left]Eit stygt men SUPERGODT frukostegg (med bacon under), også mine to beste personar på ein søndag. Fin krage = beste smekka.[/left][right]An ugly but DELICIOUS breakfast egg (on a bed of bacon), and my two favorites on a sunday. Pretty collars = great at catching drool.[/right]

SecretsSecrets
[left]Ein gulrot som et ei anna gulrot, og Jostein som puslar til evig tid amen.[/left][right]A carrot eating another carrot, and Jostein puzzling forever amen.[/right]

SecretsSecrets
[left]Eit skikkeleg dreamy hus i København (minna meg om meg sjølv som 11-åring som drøymte om å lesa ei bok i eit sånt rundt rom) og to kalde men fine på Royal Smushi kafé.[/left][right]A super dreamy house in Copenhagen (reminds me of myself when I was 11 and dreamt of reading a book in a room like that) and two cold people at Royal Smushi kafé.[/right]

SecretsSecrets
[left]Saga som ser ut som at Jostein har skikkeleg kaffiånde, og eit bilde eg sendte til Esra for å visa veggen i trappeoppgangen vår. Eg gler meg sånn til å fiksa dette rommet, det har så mykje potensiale. Først skal veggen malast, også skal det opp eit gigantisk print av eit av Esra sine bilder. Er så pepp på det. [/left][right]Saga looking like Jostein has coffee breath, and a photo I sent to Esra to show her the landing in our stairs. I can’t wait to renovate this room, it has so much potential. First everything is being painted, and then a giant print of one of Esra’s images is going up. So excited about it.[/right]

Secrets
[left]Kvelden puslinga starta, då Christine var på besøk. Desse to er så fine ilag, så rart at dei har kjent kvarandre i ti år, dei óg. [/left][right]On the evening the puzzling began, when Christine came to visit us. I love these two together, such a strange thing to think they’ve been friends for ten years too.[/right]

Secrets
[left]Heile familien ser på Criminal Minds.[/left][right]The whole family watching Criminal minds.[/right]

UntitledUntitled
[left]Snødekt landskap utanfor soveromsvindauget, og ein halloumiburger med søtpotet (her er oppskrift på den beste burgersausen: lik mengde Hellman’s majones og Heinz ketsjup), tørr cider og Bedrag (sesong to) på ein laurdagskveld.[/left][right]A snowy view from my bedroom window, and a halloumi burger with sweet potato (here is my recipe for the best burger sauce: equal amounts Hellman’s mayo and Heinz ketchup), dry cider and Bedrag (a danish crime show) on a saturday evening.[/right]

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *