Kitty

Kitty

Me startar veka mjukt, sidan det allereie er tysdag. Korleis har du det? Den siste veka føles livet for trangt for ei tradisjonell tidsrekning, det er ikkje nok av verken tid eller meg sjølv, og mest vil eg setta ting på pause og eta spaghetti. Men, akkurat no (for eg skriv dette akkurat no, på morgonkvisten) søv Saga og Jostein oppe i senga, ho har fått mat etter å ha sove i 8 timar og eg har gått ned for å fyra i ovnen. Om Jostein var vaken hadde han vore stolt av fyringa mi, men eg skriv det her så kanskje han les det. Utanfor vindauget fell den første snøen eg ser denne vinteren, hennar første snø, i store herlege flak og eg blir mint på at eg må hugsa å bestilla meg vintersko før eg blir heilt innsnøa. I går kveld gjekk eg bort til svigers utan sokkar i ballerinaskoa, det er jo sånt ein får halsbetennelse av. I kjøleskapet er ein nøttefrukost eg laga allereie i går kveld og ved sidan av den ligg ein stor pepperkakedeig som eg skal kjevla ut saman med lillesøster i ettermiddag.

Denne lille filmen er så fin. Det er Chloe Sevigny sin regissørdebut, og handlar om ei jente som blir til ein katt. Den er så innmari vakkert filma, set designa og satt musikk til. Så om du får tjue minutt til overs og vil la tankane vandra til ei heilt anna verd, så kan du klikka her.

Let’s start the week off softly, since it’s already tuesday. How are you? The last week life feels too cramped for a traditional way of seeing time, there’s not enough minutes and not enough me, and mostly I want to pause everything and eat spaghetti. But, right now (because I am writing this now, in the morning), Saga and Jostein are sleeping upstairs, she has been fed after sleeping for 8 hours and I have come downstairs to light the first fire of the day. If Jostein were awake he would be proud of me, but I’ll write it here and he might read it. Outside the window right now there is snow falling, the first snow I see this winter, her first snow, in big beautiful chunks and I’m reminded to order myself some winter shoes before I get snowed in. Last night I walked over to my in-laws without socks in my flats, it’s the kind of thing that will give you tonsilitis. In my fridge there is a nutty bircher muesli I made last night and next to it a big chunk of gingerbread dough that I’m going to make into cookies with my sister this afternoon.

This little film is a wonderful thing. It’s Chloe Sevigny’s directorial debut, and it’s about a girl who turns into a cat. It’s beautifully filmed, set designed and with great music choices. So if you have twenty minutes to spare and want your mind to wander to another world, click here.

KittyKittyKittyKittyKittyKittyKittyKittyKittyKittyKittyKittyKittyKittyKitty

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *