Home alone

Untitled

Endeleg er det fredag! Sidan søndag kveld har det berre vore Saga og meg, meg og Saga. Me er eit superbra lite team, eg og ho, og eg prisar meg både heldig og flink som har ein unge som søv om natta og har det bra. Men i kveld kjem Jostein heim frå ei veke på turné og eg gler meg så innmari mykje. Mest gler eg meg til å sjå kor glad S skal bli når ho ser han, dei har jo snakka på skype kvar dag og da smiler og ler ho så snart ho ser fjeset hans, også gler eg meg til me skal legga oss i senga heile familien og berre prata og vera og ikkje måtta noko som helst.

Det er rart å vera åleine med ho så lenge, me blir så himla nære kvarandre og eg er nesten redd for at nokon skal komma og forstyrra denne symbiosen vår. Det er nesten ingenting som er rett-fram i foreldreskapet, syns eg, alt er så deilig komplekst, det er eit utømmeleg tema. Og spesielt når Jostein kjem heim etter ei lang veke og er sliten og eg óg er sliten, me kjem til å måtta slå mynt om badekaret. Heile neste veke skal me berre vera heime, begge to. Jobba litt og fiksa litt og baka mykje, for neste søndag skal vesla døypast.

Finally friday! Since sunday night it’s just been Saga and me, me and Saga. We’re a great little team, me and her, and I feel both lucky and good that my baby sleeps through the night and is happy. But tonight Jostein is coming home after a week on tour and I just can’t wait. Mostly looking forward to seeing how happy she’ll be when she sees him, they’ve talked on skype every day and she smiles and laughs as soon as she sees his face, and I’m excited to get in bed, the whole family, and just talk and not have to do anything.

It’s odd, being alone with her for so long, we grow so very close and I’m almost nervous about breaking up this little bubble of ours. Almost nothing about parenthood is straightforward, I think, everything is so deliciously complex, the subject never tires. Especially when Jostein comes home after a long week and is tired and I’m tired, we’ll have to flip a coin to see who gets the tub first. All of next week, we’re going to stay at home, both of us. Working a little, fixing things, baking a lot, because next sunday is S’ baptism.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *