Our trip to Copenhagen

CPHCPHCPHCPHCPHCPHCPHCPHCPHCPH

Vår første dag i København vart ikkje den dreamy byferien eg hadde sett for meg. Me skulle stå opp tidlig, få ungen til å sova sin første lange lur i vogna utanfor kaféen, sitta i vindauget og blikka ut mot ho som sov så søtt der ute. Høyra etter om det var noko gråt men konkludera med at nei, det var berre vinden. Istadenfor gjekk eg rundt kvartalet fire gonger medan maten stod varm framfor Jostein, med ein gråtande bebis i vogna (altså de som bur i by, korleis orkar de det?) før ho til slutt fekk komma i babywrap på bringa og sovna på to små sekund. Kaffien var kald og eg hadde vondt i hjartet for at morgonen starta på mine og ikkje hennar premiss. Men så, medan pusten hennar låg tett på huden min, åt me ein deilig frukost. Me åt opp kvar minste lille smule, stakk fingeren i kaffikoppen for å få med sukkeret i botnen, betalte og gjekk.

På vegen til bussen gjekk me innom ein superfin butikk der me brukte opp halve shoppingbudsjettet på mjuke danske babyklede i store storleikar som no ligg i framtidskassa på kottet, i prikkar og i ull. Sist gong me var i København var me med Synne, svinsa i evigheiter på Glyptoteket og tok livet som det kom. Denne gongen tok me bussen inn til indre by, gjekk på halvtom kafé og kosa med bebis på bordet, tok imot kompliment for den fine ungen vår som kom fra uventa hold (ei tannlaus dame, ein streng butikkeigar). Så tok me bussen heim, eg amma meg over fartsdumpar og svingar, også kom Frøy på besøk, Frøy som me var der for å besøka, Frøy som går på det kongelige operaakademiet. Mi finaste Frøy. Me åt pizza, snakka om livet, drakk øl og var gode mot kvarandre. Så sovna me som tre trøytte haustlauv, fulle av nye inntrykk og lekser for livet, og vesla sov i åtte herlege timar på ein fløyelsstol.

Our first day in Copenhagen was not the dreamy city break I was picturing. We were going to get up early, get the baby to sleep her first long nap in the pram outside the café. We were going to sit by the window inside looking out onto our sleeping babe, listening for cries but no, it was just the wind. Instead I circled the block four times with a crying baby while the food was warm in front of Jostein in the café before I let her go in the baby wrap on my chest, she fell asleep in two seconds flat. The coffee was cold and my heart was aching that I’d started the day off with my own needs in front of hers. But then, with my baby sleeping on me, we ate a delicious breakfast. We ate every little crumb, put our fingers into our coffee cups to get to the sugar at the bottom, paid and left.

On the way to the bus we stopped by a beautiful shop where we spent half our shopping budget on soft danish baby clothes in bigger sizes that are now in the future box in the closet, polkadots, wool. Last time we were in Copenhagen we were with Synne, walked around Glyptoteket and grabbed life by the balls. This time, we took the bus to central, went to a half empty café and cuddled our baby on the table. Received compliments left and right from unexpected people (a toothless lady, a stern shop owner). Then we took the bus home, I nursed her on the bumpy bus ride, and then Frøy came to visit. Frøy, who we were there to see, Frøy who is attending the royal academy of opera. My lovely Frøy. We had pizza, talked about life, had beer and were good to one another. Then we fell asleep like three tired autumn leaves, full of new experiences and lessons, and the baby slept for eight beautiful hours on a velvet chair.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *