On anxiety in pregnancy and after

This week

Eg fekk eit spørsmål om angst og graviditet som eg tenkte eg ville svara på i eit eige innlegg, for eg trur det er mange som har det sånn og me blir berre klokare av å snakka med kvarandre om det!

Hei Mariell
Jeg er ei jente på 24 år som har lest bloggen din i mange år, og har stor glede av den! Du er en stor inspirasjonskilde, og det er lett å kjenne seg igjen i mye av det du skriver. En ting du har nevnt flere ganger er at du sliter/har slitt med angst. Jeg har i mange år slitt med angst i flere former, da spesielt sosialt angst. Nå er jeg gravid i uke 14 med mitt første barn, noe jeg er veldig lykkelig over. Angsten derimot, har blitt hakket verre etter at jeg fant ut at vi skal ha barn. Hvordan opplevde du dette gjennom din graviditet? Og etter at barnet var født, da man skal trå inn i en helt ny rolle som mamma?

Først tenkte eg berre å forklara min eigen situasjon, for det er så individuelt og treng kontekst. Sidan tenåra har angsten min vore mindre konkret og kun i perioder vore voldsom. Eg kan ikkje hugsa sist eg hadde eit panikkanfall, men det var iallefall ikkje i år. Dei siste åra har den mest manifestert seg som ein uro i kroppen, ein kald kvalme som verker i håndledda og øverst i magen som gjer det vanskeleg å pusta, men som eg lett kan kjenna igjen og jobba med når den kjem.

For meg vart graviditeten eit nytt kapittel i angshistoria mi. Der eg tidligare har vore redd for alt og ingenting; at det satt nokon i stova når eg gjekk forbi, at det er mus i huset som har med seg sjukdommar, at mannen som kjem mot meg vil meg vondt, at mat eg et skal gjera meg sjuk, gjorde graviditeten meg både godt og vondt, for plutseleg hadde eg berre éin ting å vera redd for. Eg djupdykka i det, las alle statistikkar for spontanabort og defektar og kjente etter kvar minste lille murring i kroppen. Og det var så innmari deilig, å få fokusera all den angstenergien på éin ting. Plutseleg var eg ikkje redd for andre ting lenger, eg kjente meg så mykje sterkare i andre ting fordi det fantest fokus i angsten.

Det var verst i første halvdel av graviditeten, eg gjekk på to ultralydar før veke 13 fordi eg var så redd, var så sikker på at det vesle hjartet umulig kunne slå i min ubrukelege kropp. Det einaste som hjalp var å sei ting høgt, å sei ting til Jostein, som så filtrerte angsten og forklarte meg kvifor tankane mine ikkje var relevant for oss. Det må ha vore så sjukt slitsomt for han, men viktig for meg og for korleis graviditeten påverka forholdet vårt. Utover i andre trimester, spesielt fordi eg ikkje følte meg så svak fysisk lenger, dempa den seg litt, men utan å heva den meir generelle angsten, og frå da og fram til fødselen var ein av dei mest avslappa periodane eg har hatt dei siste typ 10 åra.

Èin ting hjalp meg veldig, og det var yoga. Eg gjorde yoga fra første trimester til typ veke 37, aller mest fordi det hjalp meg til å verkeleg jobba med pusten. Og er det éin ting ein treng når ein har angst (utanom medisin og terapi, ehe) så er det å jobba med pusten. Også hjalp det å sei ting høgt, både til Jostein og til jordmor. Eg er i utgangspunktet veldig privat når det kjem til ting som er eit problem her og no, men det hjalp å faktisk sei ting høgt og få lufta dei med nokon så ein slepp å føla seg einsam i galskapen.

Etter fødselen er ting litt annleis igjen. Eg er ikkje nokon overnervøs mamma som vakar over ho når ho søv (men eg må regelmessig sjekka at ho pustar (to be fair, det gjer Jostein óg)), og det er eg veldig takksam for, at ho ikkje er eit nytt utløp for angsten min, for det orkar eg ikkje å leva resten av livet med. Men den generelle kjensla av angst er tilbake i kroppen, dog mildare og meir på avstand. Eg kan impulsivt bli redd for at det sit nokon i sofaen når eg går forbi om natta, men rasjonelt veit eg allereie at det ikkje gjer det før den redsla eingong kjem, så me har ein god dialog no, eg og angsten.

I got a question about anxiety and pregnancy that I thought I’d answer in its own post, because I think a lot of us feel this way and we can only get wiser from speaking about it!

«Hi Mariell
I’m a 24 year old girl who has read your blog for many years and it gives me so much joy! You’re a big inspiration and it’s easy to see myself in a lot of what you write. One thing you’ve mentioned several times is that you have/had issues with anxiety. I’ve had anxiety for several years in different forms, social anxiety in particular. I’m pregnant in week 14 with my first child which I’m so happy about. But the anxiety has gotten worse since finding out we’re having a baby. How did you experience this in your pregnancy? And after the baby was born, entering the new role as a mother?»

First I thought I’d explain my own situation because it’s so individual and needs context. Since my teens, my anxiety has been less spesific and only in short periods been extreme. I can’t even remember the last time I had a panic attack, but it wasn’t this year. The past few years it has manifested itself as an uneasy feeling in my body, a cold nausea that makes my wrist ache and the top of my stomach makes it hard to breathe, but that is easy to recognize and work with when it comes.

For me, pregnancy was a new chapter in my history of anxiety. Where I’ve previously been scared of everything: that there was someone in my living room when I walked past, mice in my house spreading disease, that the man approaching me wants to hurt me, that food I eat is going to make me sick, my pregnancy did me both good and bad, because I suddenly had just one thing to be afraid of. I dove into it, read all statistics of birth defects and miscarriage, sensitive to every little tickle in my body. And it felt so good, focusing all my anxious energy in one place. I wasn’t scared of other things anymore, I felt stronger in other things because there was focus.

The first half of pregnancy was worst, I had two ultrasounds before week 13 because I was so scared, I was certain that little heart couldn’t possibly function in my miserable body. The only thing that helped me was to say things out loud, to tell Jostein who then filtered my anxiety and explained to me why it wasn’t relevant to our situation. It must have been tiresome for him, but it was really important to me and for how the pregnancy impacted our relationship. Into the second trimester, especially because I didn’t feel so physically weak anymore, it toned down a little bit but without raising the more general anxiety and from then on until birth was one of the most relaxed periods I’ve had the past ten years.

One thing helped me a lot, and that was yoga. I did yoga from the first trimester until week 37, mostly because it really helped me breathe. And if there is one thing you need when you have anxiety (other than medication and therapy, haha), it’s working with your breathing. And it helped to say things out loud, to Jostein and my midwife. I’m usually very private about my current problems, but it helped to say things out loud so I didn’t have to feel so lonely in my madness.

After birth, things are different again. I’m not a super nervous mom who wakes over her when she’s sleeping (although I do have to check that she’s breathing (to be fair, Jostein does this too)), and I’m very grateful for that, that she’s not just another venue in my anxiety. I just can’t take a lifetime of that. But the general feeling of anxiety is back in my body, but milder and with a distance. I can get scared there is someone sitting in the sofa when I pass the living room at night, but rationally I already know there isn’t before I even get scared, so we are in a good dialogue now, anxiety and I.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Takk Mariell, for at du setter ord på sånne vanskelige ting som angst. Selv har jeg også en altfor kreativ fantasi som kan spille meg mange “puss”. Jeg er også høysensitiv, slik at jeg føler at mange av tankene som dukker opp faktisk skjer. Nesten som jeg opplever det som et bilde inni hodet. Jeg prøver nå å endre på tankemønsteret mitt. For det er slitsomt å gå rundt å være redd, eller å få sånne små sjokkopplevelser som du snakker om (som når du ser mannen som sitter i sofaen din). Jeg leser gjerne flere innlegg som handler om litt vanskelige følelser og tanker ;) Jeg opplevde det nemlig veldig positivt at du skrev at du ble redd for å fly etter du ble gravid. Selv sliter jeg med flyskrekk, og noen ganger føler jeg meg så pysete. Det var rett og slett godt å høre noen andre også kunne si det høyt.

  • Du skriv så ærlig og fint, sit nesten med tårer i augene og kjenner meg sånn igjen i det du skriv. Takk for att du bloggar! Det er så kjekt å lesa. Å så koselig å sjå att du bærer jenta di i sjal <3
    Den heldige jenta som har fantastiske foreldre :-)

  • Så utrolig godt å lese dette <3 Jeg vil selv bli mamma i løpet av noen år, og tanken på akkurat dette med angst + graviditet har tynget meg veldig. Takk for at du deler…!

  • Takk for at du delar noko så personleg med oss! <3

    Eg må og sjekke at baby pustar, trur det er ein del av det å vere forelder.

  • Så fint og viktig at du deler <3 Selv bekymrer meg jeg for alt, og var livredd for å føde. Derfor er jeg så innmari stolt over at jeg overvant både bekymringer og frykt, jeg greide å nyte graviditeten til det fulleste. Og fødselen rocket jeg.

  • Så bra du deler! Jeg slet også veldig med mye angst da jeg var yngre, og særlig under første svangerskap. Men som du helt sikkert kjenner på med S; for henne er DU Den Trygge, og det gjør på en måte deg trygg óg. Vi er finurlig laget sånn sett. :)

  • Så godt å lese dette. Eg har lese bloggen din i fleire år no, og eg har sjølv slitt med angst sidan eg var liten. Alt frå panikkanfall til å vere redd for alt mulig. I det siste har spesielt dette med angsten og det å vere gravid og bli mor ein gong i framtida vore ein bekymring for meg. Noko av det verste med angsten er at ein kan føle seg så åleine om dei vanskelege tankane og kjenslene, og då er det så bra at me kan snakke åpent om det. Det er noko eg stadig øver på å bli betre på
    Takk :)