La Dolce Vita

ItaliaItaliaItaliaItaliaItaliaItaliaItaliaItaliaItaliaItaliaItaliaItalia

I Italia lærte ho å sova gjennom natta. Me gav ho to bad i vasken på hotellrommet og ho elska det, å få sitta i ein djup vask med hender som strauk over ho, eg fanga det på bilder som eg tenkte “dette er barndommen hennar” om når eg scrolla forbi dei på kameradisplayet. Alltid i bakgrunnen kunne ein høyra dyra på garden, anten det var hanen som gol, grisane som grynta eller (oftast) gjess som skreik. Dei er jo ofte litt sinte, dei. Eg trur eg amma alle plassar på garden; i hagen, på verandaen, ved bassenget, i rosehagen, i den parkerte bilen. Eg trur at nordmenn må vera genetisk betinga til å setta pris på Italienske forhold. På denne garden vaks det granateple på tre, og mange andre sortar eg ikkje eingong kunne identifisera. Me gjekk tur med den to år gamle nevøen vår som fann hasselnøtter og valnøtter som me knekte mellom steinar og åt. Me tok tak rundt tjukke trestammar for å prøva å rista ut frukt. Og når eg ser på dei bildene av dotter vår som søv i den store hotellsenga vår så får eg eit sånt intenst ønske om å kyssa ho på heile hovudet og klyppa fingerneglene hennar. For vedlikehald er jo óg kjærleik.
In Italy she learned to sleep through the night. We gave her two baths in the hotel room sink and she loved it, sitting in a deep sink with hands stroking her. I captured it with my camera and thought “this is her childhood” scrolling past them on the camera display. Always in the background you could hear animals on the farm, either the rooster crowing, the pigs oinking or the geese screaming. They’re an angry breed, they are. I think I nursed in all different locations of the farm; in the garden, on the veranda, by the pool, in the rose garden, in the parked car. I think norwegian people are genetically inclined to appreciate the Italian way. On this farm there were pomegranates growing on trees, and many other kinds I couldn’t even identify. We went for a walk with our two year old nephew who found hazelnuts and walnuts for us to crack between two rocks and ate. We grabbed thick tree stems and tried to shake fruit out of them. And when I look at these pictures of our daughter sleeping in our big hotel bed, I want to kiss her whole head and cut her finger nails. Because maintenance is love too, you know.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *