A birth story

Birth story

På tysdagskveldar seier eg til ho: for to, fire, seks, åtte, tolv veker sidan var me komne fram til Førde, og visste at du snart skulle komma. Me snakkar om at ho hadde travelt med å komma ut når ho først hadde bestemt seg.

Eg veit ikkje kvar eg skal starta denne historia. Ho vart født på ein onsdag morgon før sola hadde stått opp, men for meg starta fødselen allereie laurdag, to dagar før termin, fire dagar før fødselen, ved grautbordet. Eg kjente noko heilt nytt i lysken, som ei bobling under huden. Det gjekk kalde frysningar gjennom kroppen og eg sa ikkje noko til nokon, gjekk stille bortatt i huset vårt også kom den første sammentrekningen. Utover kvelden kom det fleire, men aldri jamnt og kunne ha fleire timar mellom seg. Jostein og eg spelte Pokemon Go i senga og stemninga var sånn frisk og spent. Når morgonen kom var alt borte, alt av bevis på at ein fødsel skulle skje.

Dagen forsvann i vanlege ting, me fiksa og ordna og hadde besøk og heile tida prøvde eg å holda lillesøster oppdatert, ho som skulle vera klar til å køyra oss til Førde. Den bilturen hadde eg brukt timesvis, kanskje dagesvis, på å tenka på. To og ein halv time i bil, eg var veldig redd for å bli sendt i ambulanse der Jostein ikkje fekk bli med, der eg følte meg halv i så mykje smerter.

Søndag kveld kom det tilbake igjen, sammentrekningane. På samme måte som før dabba det av, Pokemon Go, ei uforstyrra natt, måndag morgon kom. Termindagen. Kanskje den dagen eg kjente det minst av alt. Mest av alt følte eg meg skjør, nær tårene, nær eit heilt nytt liv som eg ikkje fekk tilgang på. Sara sendte ei melding for å peppa for termindatoen og sa gratulerer og eg tenkte GRATULERER MED KVA DA, UNGEN KJEM JO ALDRI UT. Eg var jo heilt sikker på at ho skulle komma før termin.

On tuesdays I tell her: two, four, six, eight, twelve weeks ago we had arrived at the hospital and knew you would be coming soon. We talk about her being in a rush when she’d first decided she was ready.

I don’t know where to begin this story. She was born on a wednesday morning before the sun had risen, but for me the birth begun the saturday before, two days before my due date, four days before the birth, eating porridge with J’s family. I felt something new, like a bubbling under my skin. Cold rushed through my body and I didn’t say a word to anyone, just walked back to our house and then it hit me, the first contraction. That evening I had more of them, but never regular and sometimes hours apart. Jostein and I played Pokemon Go in bed and the mood was fresh and tense. When morning came, though, everything was gone, every piece of evidence that birth was imminent.

The day after disappeared into normalcy, we fixed things and had people over and all the while I tried to keep my little sister updated, she was the one driving us to the hospital. I had spend hours, maybe days, thinking about that car ride. Two and a half hours in a car, I was so worried about being sent away in an ambulance where Jostein couldn’t come, feeling only half myself and in pain.

On sunday night they came back, the contractions. And in the same way as before, they withered away. Pokemon Go, an undisturbed night, monday morning came. Due date. Maybe the one day I felt it the least. I mostly felt fragile, close to tears, close to this whole new life that just wouldn’t open. Sara texted me excitedly, even said congratulations on your due date and I thought CONGRATULATIONS ON WHAT, THIS KID IS NEVER COMING OUT. I had my heart set on giving birth before the due date.

Birth story

Så kom tysdag. Eg hadde time hos jordmora mi kvart over to, lillesøster kom inn for å køyra meg og eta lunsj med oss. På kontrollen var alt som normalt, eg hadde litt høgt blodtrykk og følte meg eigentleg litt trøtt i hjerna, eg hugsar nesten ingenting av kva me snakka om, litt om at eg var så usikker på når ein skal reisa til sjukehuset. Ho gjorde ein undersøkelse, konstaterte at eg allereie var godt i gang, gjorde eit forsøk på å strippa hinnene og umiddelbart følte eg at det skjedde noko. Ho tok blodtrykket mitt etterpå og det var normalt igjen, men etter dette fekk eg problem med å gå, nye ting brygga i kroppen.

Me reiste heim, eg hadde fått beskjed om å eta lett mat og ta eit bad, og gjorde som eg hadde fått beskjed om. Dei sneik seg på, sammentrekningane, og kom tettare og hardare. Me pakka forsiktig ihop det me trong, smoothies frå kjøleskapet og sjekka at bilsetet sat fast. Lillesøster låg på sofaen og såg på tv på ein iPad. Sammentrekningane hadde blitt litt sterkare, den eine hofta mi hadde låst seg, så å komma seg opp trappa var latterleg vondt. Eg kom meg opp i senga og fekk sova eit par timar før me fant det lurast å reisa på ein ny kontroll hos jordmorvakta her i Lærdal.

På berre dei få timane frå før på dagen hadde eg allereie hatt utvikling, og me fekk grønt lys til å køyra til Førde. Me satte oss rett i bilen og reiste, eg hadde sammentrekningar heile vegen. På ferja, i tunnellar, bak store lastebilar. Eg åt ein is på bensinstasjonen i Sogndal, ein Royal med lakris.

Me kom fram til Førde rundt midnatt, og eg fekk ha på belte for å sjekka hjerterytmen til babyen. Alt såg fint ut, og me fekk beskjed om å kvila så mykje me kunne. Dei rulla inn ei vanleg sjukehusseng som eg sov på, og Jostein sov på fødesenga. Det var innmari mørkt i det rommet, og frå barselavdelingen over gangen høyrte eg ein baby som grein, då grein eg litt sjølv óg fordi det var så skummelt og så nært. Litt før eitt sovna eg, ein svak svak søvn av typen der ein ikkje veit om tiden går eller står.

Vatnet går, startskuddet, eller iallefall det siste startskuddet eg fekk. Klokka var halv fire på natta. Eg vekte Jostein og sa at anten så gjekk vatnet eller så har eg tissa på meg. Eg hadde framleis på meg mine eigne klede, tulipankjolen, den var blaut den óg. Me kalla på jordmora som gav meg ei sjukehusskjorte, og rett etter dette startar det. Eg blir undersøkt, det blir konstatert sju centimeter. Så går det fort.

Herifrå blir alt grautete, riene kjem tett og hardt og smertene er både heilt grusomme men tålbare, for eg tåler det jo, det går jo bra, eg minnar meg sjølv på det heile tiden. Eg får læra korleis å bruka lystgasslangen. Når eg orkar det visualiserer eg at babyen flyttar seg nedover, prøver å ikkje spenna mot smerten og pustar som eg aldri har pusta før. Jostein finn kaldt vatn å legga i nakken min, passar på at håret er ute av fjeset. Mesteparten av smerten sit i ryggen, så det blir heilt forferdeleg å ligga eller sitta og eg vil mest vri meg men på dette punktet har dei ein elektrode festa i hovudet på babyen og eg får ikkje vera like fri lenger. Ho som assisterte jordmora masserer korsryggen min, og dei satte óg sterilvannspapler i ryggen som hjalp veldig mot smertene. Om lystgassen i seg sjølv hjalp mot smertene veit eg ikkje, men det hjalp å ha noko å fokusera på, å tvinga seg sjølv til å pusta jamnt. Som sagt er det heile grautete. Dei to sterkaste minna eg har frå fødselen er å høyra meg sjølv skrika inn i lystgasslangen og augneblinken då ho kom ut.

Det var så stille og mildt mellom riene. Riene var kaotiske, kald klut i nakken, hender i håret, skrik, lystgass, smerter som steig og steig før dei dalte ned igjen, Jostein som kviskrar til meg at eg er flink, at eg er fin, også vart det heilt stilt. Alle me fire som var i rommet, Eg, Jostein, jordmor og assistenten, berre venta på den neste smerten. Men det var ikkje berre smerter, Jostein og eg lo ilag og snakka om denne ungen me straks skulle få treffa, tok siste veddemål om kjønnet sjølv om me begge trudde det var ei ho.

Eg trur det er så rotete fordi alt gjekk sjukt fort. Vatnet gjekk 0330 og ho var ute 0649, eg hadde ikkje tid til å få dela det opp i ulike stadie i hjerna, det heile var som eit sjokk frå start til slutt. Eg rakk både å føla at eg ikkje klarte det og som det sterkaste mennesket i verda. Mellom to rier spurte eg jordmora kva ho tenkte om ein epidural og då såg ho på meg med milde auge og konstaterte at det toget hadde gått for lenge sidan. I den neste ria spurte eg ho om det ikkje var sånn at dette med førstegangsføding skulle ta lang tid, eg hadde jo pakka med meg greier eg skulle bruka.

På forhånd hadde eg vore veldig redd for å føla meg eksponert, for å vera naken, kor mange som skulle vera i rommet og kva dei skulle sjå, kva Jostein skulle sjå. Men der og da brydde eg meg ikkje i det heile tatt, det var som ein heilt annan modus der eg berre aksepterte at å føda born aldri kan gjerast på ein elegant måte. Det er heftig og farlig og kraftfullt og sinnsjukt. Men elegant er det ikkje.

Eg hugsar det som ein pause, mellom riene og pressriene, om det er sant veit eg ikkje. Eg var heilt klar for å få lov til å pressa, tjuvstarta men fekk beskjed om å venta, venta, til alt var klart. Så fekk eg pressa. Først skreik eg alt eg hadde på kvart press, jordmora sa at kanskje det var ein god idé å bruka skrikekreftene mine nedover. Eg har ingen aning kor lenge eg pressa, kor mange gonger på kvar rie, ingenting sånt. Berre at det føltes ufatteleg godt å endeleg få gjera noko, få pressa imot smerten og kjenna at det hjalp. Hovudet kom ut, det var den merkelegaste kjensla, og på neste ria sklei ho ut av meg som ein blaut fisk. Eg hugsar det som at det skjedde fortare enn nokon var forberedt på, at ingen eigentleg var klare, ingen var i posisjon. Ein blaut fisk. Jostein seier at han ikkje eigentleg kunne skjønna at det var ein heil kropp, han hugsar det som berre kroppsdelar som ikkje såg ut som om dei hang ihop. Straks ho var ute tok smertene slutt.

Then, tuesday came. I had an appointment to see my midwife at a quarter past two, my little sister came over to drive me and then have lunch with us. At my checkup everything was normal, my blood pressure was a little high and I was feeling mentally drained, I can hardly remember anything we talked about, but that I was worried about when to call the hospital. The midwife examined me and said I was in the early stages of labour, she attempted to swipe the cervix and I immidiately felt something change. She took my blood pressure after as well and it was back to normal. But after that I had problems walking, new things were happening in my body.

We went home, I was told to eat light and take a bath and I did just that. The contractions got harder, closer together. We carefully packed up the car with the necessities; smoothies from the fridge, the car seat. One of my hips had locked down and getting up the stairs was ridiculously painful, but I got up to bed and got a couple of hours sleep before we decided to go back and see a midwife close to home.

In just the few hours from my appointment I had developed significantly, and we got the green light to go to the hospital. We got right into the car and drove, and I had contractions the whole time. On the ferry, in the tunnels, behind huge trucks. I had some ice cream at the gas station in Sogndal, a cream popsicle with licorice.

We arrived at the hospital around midnight, they monitored me to check the baby’s heart rate. Everything looked fine and we were told to rest as much as we could. They rolled in a normal hospital bed that I slept on, and Jostein slept on the birthing bed. The room was so dark, and across the hall in the maternity ward I could hear a baby crying and I cried too, because I was scared, because it was so close. A little before one I fell asleep, a soft soft sleep, the kind where you don’t know if you’re awake or not.

My water breaks, the start of it all, or the last start I got. It was 3:30 in the morning. I woke J up and told him either my water broke or I peed my pants. I was still in my own clothes, my tulip dress was soaked. We called the midwife who gave me a hospital gown, examined me and concluded I was at 7 centimeters, and from then everything went so fast.

It gets very messy after this, the contractions are close together and there is a lot of pain but it’s manageable, I’m managing, surviving, I keep repeating that to myself. They teach me how to use the gas and air. When I have the focus for it, I visualize her moving down in my body, I try not to fight the pain, I try to breathe in the appropriate manner. Jostein put cold water on my neck, makes sure there is no hair in my face. Most of the pain is in my back, it’s just horrible to sit or lay down, but there’s an electrode on the baby’s head at this point and I can’t move around as much. The midwife’s assistant massages my lower back and I was given a sterile water injection as well to help with the pain which helped a lot. I couldn’t really say if the gas and air helped me, but it helped having somewhere to put my focus, forcing myself to breathe calmly. As I said, it’s messy and there are things I don’t remember at all. The two strongest memories I have from birth is hearing myself scream into the mask and the moment she came out.

Between the contractions, everything was so quiet. The contractions were chaotic, cold water in my neck, hands in my hair, screaming, gas and air, pain that increased and increased before going down again, Jostein whispering how great I was doing, that I’m beautiful, and then silence. All four of us in the room, me, Jostein, the midwife and the assistant, just waiting for the next wave of pain. It wasn’t all pain though, Jostein and I laughed together and talk about this kid we were about to meet, the last bets on gender were accepted even though we both thought it was a she.

I think it’s all so messy because it was so fast. My water broke at 03:30 and she was out at 06:49, I had no time to sort my thoughts, it was a shock from beginning to end. I both felt like there was no way I could do it and like the strongest woman ever. Between two contractions I asked the midwife what her thoughts on an epidural were and she told me mildly that honey, that ship has sailed. In the next contractions I asked her if it wasn’t so that first time mothers take a long time giving birth, I had packed things to use.

In advance I had been scared of feeling exposed, being naked, how many people would be in the room and what they would see, what Jostein would see. But then and there I didn’t care at all, it was a different state, and I accepted that giving birth can never be elegant. It’s awesome and dangerous and powerful and insane. But never elegant.

I remember there being a break between the contractions and the pushing, I don’t know if that is true. I was so ready to push and tried to just jumpstart it, but I was told to wait, wait until things were ready. Then I got to push. First I screamed my lungs out every time I pushed, but the midwife suggested I should use my screaming powers for pushing. I have no idea how long I was pushing, how many times per contraction, nothing like that. Just that it felt amazing to finally do something, to push against the pain and feel it helping. The head came out, the strangest sensation, and in the next contraction she slipped out of me like a wet fish. I remember it as happening faster than anyone was ready for, that noone was ready, noone was in position. A wet fish. Jostein says he couldn’t understand that it was a whole body, he remembers it as body parts that didn’t look like they were joined. The moment she was out, the pain ended.

Birth story

Me fikk vita at det var ei jente, men det visste eg jo. Flaks at det er 50/50 uansett.

Ho var superliten og så himla stor samtidig, 51 cm lang og 4024 gram, med eit veldig alvorleg fjes, opne auge og klissete mørkt hår. Eg fekk ho opp på brystet med éin gang, ho var varm og blaut og Jostein og eg berre såg på kvarandre og på ho og kunne berre ikkje fatta kor fin ho var. Akkurat då gjekk sola opp. Heile verda hadde sove seg gjennom at me vart foreldre.

Medan ho låg på brystet mitt kom morkaka ut, og eg spurte om å få sjå den. Jordmora holdt den opp for meg og det var sterkt å sjå denne store greia som hadde holdt ungen min i live all denne tida inni kroppen. Fødselen er jo morkaka si gravferd, så me tok ærbødigst farvel og takka for jobben.

Eg fekk sy fire sting, kvar eller kvifor fant eg ikkje ut før seinare, det var som om eg var i éin dimensjon frå livet og ned, der jordmora gjorde jobben sin, og éin annan frå livet og opp der Jostein og eg berre såg på denne ungen og snakka om fødselen.

Lillesøster, som hadde overnatta på pasienthotellet, kom inn i fødesalen og fekk møta sitt første tantebarn, holda ho. Hugsar verkeleg ikkje kva me prata om, berre at eg følte meg utruleg sterk og likevel sårbar der i sjukehussenga, utan undertøy og med eit tynt laken over meg.

Eg fekk ta ein dusj medan ei jordmor stod utanfør døra og spurte korleis det gjekk, om eg var svimmel, om eg trong hjelp til noko. Mange snakkar om denne dusjen som noko religiøst, men eg ville berre få vaska meg kjapt, få spylt leggane mine reine for blod så eg kunne få komma ut att til ungen min der ute. Å komma ut att av badet var som eit nytt sjokk, å sjå rommet der det heile hadde skjedd med nye auge, sjå det medisinske utstyret og lyset og sengene og alt. Eg hadde vore redd for sjukehuskjensla og den fantest ikkje under fødselen men no var den der, og me skulle vidare til neste rom og barsel.

They told us she was a girl, but I knew that. Lucky there’s a 50/50 shot.

She was so tiny and so big at the same time, 51 cm long and 4024 grams, with a very serious face, open eyes and sticky dark hair. They put her on my chest, she was warm and wet and Jostein and I just looked at eachother and her and couldn’t believe how beautiful she was. Right then, the sun came up. The whole world had slept through us becoming parents.

While she was on my chest, I delivered the placenta and I asked to see it. The midwife held it up for me and it was so cool seeing this big thing that had kept my baby alive for so long inside my body. The birth is really the placenta’s funeral, so we said goodbye and thanked it for the effort.

I got four stitches, where or why I didn’t find out until later, it was as if I was in one dimention waist down, where the midwife was doing her thing, and another waist up where Jostein and I were just staring at this kid, already discussing the birth.

My little sister who had stayed in the hospital hotel, came into the birthing room and got to meet her first niece and hold here. I really don’t remember much of this, just feeling very strong and still so vulnerable in that hospital bed with no underwear and a thin sheet over me.

I got to take a shower, a midwife stood outside the door asking how I was doing, if I was feeling dizzy, if I needed help. A lot of people talk about that shower as something religious, but I just wanted to wash myself, wipe the blood off my legs so I could go back out and see my baby. Coming back out into the birthing room was a new shock too, seeing the room where it all had happened with fresh eyes, seeing the medical gear and the light and the beds and everything. I had been scared of the hospital feeling and it wasn’t there during birth but it was very much there now. But we were off, to the next room in the maternity ward.

Birth story

Så var ei ny ventetid. Me venta på barnelegen som skulle sei at ho var frisk nok til at me kunne pakka ihop og reisa tilbake til Lærdal, og legen som skulle sei det samme om meg. Me fekk motstridande beskjedar heile dagen, folk som kom og gjekk og sa at me fekk reisa også sa at me måtte overnatta, óg ein ting eg hadde vore redd for sidan Jostein då ikkje hadde fått sove på rom med oss. Jostein sovna i ein stol, me åt krokanrull og eg forsøkte mitt beste å amma sjølv om det gjorde innmari vondt, og til slutt fekk me ei jordmor som såg oss, som skjønte at me ville komma oss heimover. Me holdt fast i ho og ho hjalp oss. Elskar ho. Seint på kvelden fekk me lov til å reisa. Me kledde på ho nyfødtkleda som var altfor store, med ei lett lue sidan det var sinnsjukt varmt den dagen.
Then we waited, again. For the pediatrician to tell us she was healthy and that we could go home to Lærdal, and the doctor to say the same about me. We got conflicting messages all day, and I was scared of spending the night there because Jostein wouldn’t have been allowed to stay with us. Jostein fell asleep in a chair, we ate some chocolate and I tried my best at nursing even though it really hurt. We finally got a midwife who saw us, who really understood we wanted to get home. We held onto her and she helped us. I love her. Late in the evening we were allowed to leave. We dressed her in newborn clothes that were too big, with a light hat because it was the hottest day.

Birth storyBirth story

Lillesøster køyrte oss forsiktig heim, og ungen sov heile vegen frå Førde til Lærdal. Me kom fram på barselavdelingen på Lærdal sjukehus rundt midnatt den samme dagen ho vart født, og der vart me verande i fire netter.

Eigentleg var det jo der me vart foreldre, det var nokon av dei viktigaste dagane i livet, omringa av fantastiske jordmødre som tok innmari godt vare på oss og på ungen vår. Der lærte eg å amma, å bada ein baby, å få ut ein god rap. Eg var trist og sint og overlykkeleg og sår. Og eg grein på dagen og på natta og i dusjen og medan eg amma, for alt og for ingenting. Fordi jordmora mi skulle reisa på ferie og fordi eg ikkje hadde pakka nok klede til lille S, fordi puppane mine var harde og gigantiske og eg hata ammingen, fordi eg var sint på Jostein som berre ville hjelpa men ingen av oss visste korleis.

Den siste natta der, etter den første ordentlege dagen med melk, måtte me ringa på jordmora for å komma og hjelpa oss å få ut melka. Ho rulla inn ei sjukehuspumpe og medan eg pumpa og var trist for at eg ikkje fekk det til og for at babyen min var svolten, mens Jostein byssa og sang for å få gråten til å stoppa, så holdt ho hånda på skuldra mi og sa «sjå så mykje melk du har» og det er noko av det finaste nokon har gjort for meg og for ungen min.

My little sister drove us home, carefully, and the baby slept the whole way from Førde to Lærdal. We arrived in the maternity ward at the hospital here at around midnight on the same day she was born, and stayed there for four nights.

Really it was here that we became parents, it was four of the most important days of my life surrounded by amazing midwives who took such great care of us and our baby. I learned how to nurse, how to bathe a baby, how to burp. I was sad and angry and so happy and sore. And I cried during the day, in the night, in the shower, while nursing, about everything about nothing. Because my midwife was going on holiday, because I hadn’t packed enough clothes for the baby, because my boobs were hard and gigantic and I hated breastfeeding, because I was angry with Jostein who only wanted to help but neither of us knew how.

The last night there, after the first day of my milk coming in, we had to call for the midwife in the night to help us express the milk. She rolled in a hospital pump and while I pumped and was so sad that I couldn’t just do it and my baby was hungry, while Jostein sang and bounced to make the crying stop, she put her hand on my shoulder and said “look at all this milk you have” and it was one of the most beautiful things anyone has done for me and for my baby.

Birth story

Men me såg óg Nytt på Nytt på fredagskvelden og åt bringebær med vaniljesaus på balkongen i sola. Sat ved sengekanten og berre såg på ho til det vart klisjéfylt og latterleg, også såg me litt til. Søstera til Jostein og familien kom innom med tre pakkar parmaskinke som me opna sekundet etter dei hadde reist, foreldrene mine kom med focaccia og roastbiff og sjampo og balsam. Dei der første dagane er nøyaktig så kaotiske og vanskelege og såre som alle seier, men våre var pakka inn i bomull av fine folk, og det er eg evig takksam for.

Det er jo mykje ein kan skriva om den første veka, eg har ikkje eingong snakka om blodprøvane og gulsottestingen og vegingen og å komma heim. Men dette er veldig langt allereie og no høyrer eg ei viss frøken i ferd med å vakna på golvteppet.

We also watched TV on the friday night, ate raspberries and custard on the balcony in the sun. Sat by the bed just looking at her until it turned ridiculously cliched and then we watched her some more. Jostein’s sister and her family came by with three packs of parma ham that we opened the second they had left, my parents came by with focaccia and roast beef and shampoo and conditioner. Those first days are exactly as chaotic and difficult and sore as everyone says they are, but ours were balled up in cotton by great people and I’m forever grateful for that.

There is so much to say about the first week, I haven’t even said a word about the blood tests and the billirubin testing and the weighing and coming home. But this is so long already, and a certain little miss is just waking up from her nap.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Så fin historie! <3 Takk som deler noe så stort og personlig. Var lett å kjenne meg igjen, det kaoset de første dagene som du nevner, det fortsatte vel i hvert fall i 3-4 måneder her (!!) og vi fikk vår nr 3, vell og merke ti år etter forrige baby. Nå er han snart 6 måneder og vi har endelig skjønt hvordan det her skal gjøres igjen :)

  • Åh, så vakkert! Jeg leser bloggen din fra tid til annen, men jeg har sjeldent kommentert. Det må jeg i dag. Det var rørende å lese! Fødsel altså – så rått, intenst, voldsomt – ikke elegant men likevel vakkert. Jeg fødte mitt første barn et par uker før deg, det er virkelig en opplevelse å bli mor. Ønsker deg og den lille familien din alt godt!

  • I`ve been reading (and loving) your blog for a while, and Im usually one of those terrible people who never leave coments, but I couldnt help but write how beautiful has been to read this. Thank you for sharing it <3

  • Så nydelig skrevet!
    Jeg er relativt nygift, og barn er ‘neste på listen’. Me er der at skjer det fort er det greit, tar det fleire år er det og greit. Tanken på å gå gravid, og å føda, skremmer livet av meg. Så eg håper både at det tar lang tid, og at det skal skje med ein gang så eg “kan bli ferdig med det” :P Å lesa om andre sine opplevelser hjelper litt på redselen, samtidig som det ikkje hjelper i det hele tatt. Hehe. Men det er uansett fint å lesa om dine opplevelser, takk for at du deler <3

  • For ei utruleg sterk tekst Mariell. Sat på bussen når eg las dette og grein. Taleformen din i teksta er så ekte og åpen, det føles ut som du er ei nær venninde som fortel over telefon korleis det heile gjekk til. Takk for at du deler dette med oss. (Og no vart eg hinnsides verpesjuk av heile greiå)

  • Så utrolig fint skrevet! Kjenner meg godt igjen i mye av det du skriver, selv om min historie er så annerledes. Sitter her med tårer i øynene

  • Så fint og ærlig skrevet.. kjenner meg igjen i riene, et kaos av alt også ingenting i mellom..

    skal selv føde i desember og kjenner at jeg gleder meg både til fødsel og tiden etterpå når jeg leser innlegget ditt. litt sånn ro i sjelen

  • Tårane renn her eg sit med babyen min i bæresjalet inntil brystet mitt. Så heldig du var. Fødselen min var eit mareritt. Veke 42+0 satte dei igamg fødselen, men det tok tre dagar før han var ute. Tre dagar med rier og omtrent ingen sømn. Ti timar aktiv fødsel heilt utan smertestillande (eg har sprøyteskrekk og dum som eg var, takka eg nei til epidural, og eg blei ikkje tilbydd noko anna). Tre gonger ila. fødselen sank pulsen hans kjempemykje og rommet fyltes opp av jordmødre og legar og eg trudde han skulle dø. Etter ein time med pressrier sank pulsen hans igjen (det var knute på navlestrenga) og dei kom med sugekoppen. Det er det vondaste eg har opplevd i heile mitt liv, vondare enn alle riene, vondare enn å føde babyen min. Og eg følte meg som ein fiasko. Eg ropte og skreik og følte meg ikkje sterk eller tøff, eg klarte jo ikkje eingong å føde utan hjelp. Og det var så vondt. Så sinnsjukt vondt. Den sugekoppen er det verste og eg blir framleis lei meg av å tenke på det, nesten 8 veker seinare. Eg skal aldri få fleire born, aldri, aldri, aldri.

    • Vi trenger alle hjelp når vi føder. Det er alltid hjelpende, erfarne hender rundt oss som gjør alt for at det skal gå bra. Noen får hjelp i form av sugekopp, andre får hjelp i form av epidural, eller kanskje keisersnitt. Det gjør oss ikke til “mislykkede” mødre, kjære du. <3 Skrik og rop er en del av det å føde, og noe man gjør når det er helt for jævlig vondt. Hadde du ikke skreket og ropt da de hjalp ham ut med sugekopp, hadde du ikke reagert normalt. Avgjørelsen om å bruke sugekopp reddet kanskje livet til babyen din?

      Det høres ut som du trenger å snakke om det du opplevde. ("Det du opplevde" høres veldig trivielt ut, men det er ikke ment på den måten.) Ta kontakt med fastlegen din for å få henvisning til psykolog, f.eks, for å gjennomgå journalen og bearbeide traumet. Du vil bli prioritert.

      Varm klem!

      • Tusen takk for fine og gode ord, Mia! Det varmar. Kanskje eg skal ta det opp med fastlegen. Eg har berre syntest det har vore greiast å ikkje snakke om det, fordi det er sårt, men det er kanskje då ein burde snakke om det. Klem! ❤

  • Jeg tror dette er den best, finest og ærligst (om de tingene går an å kombinere i denne sammenhengen) formulerte historien jeg har lest om en fødsel. Det er fantastisk hva en kan tåle – og jeg kan bare tenke meg hvor fantastisk det føles etterpå. Veldig bra dere møtte en forståelsesfull dame som sendte dere hjemover, da ser man hvor viktig det er å bli _sett_ i sånne sammenhenger.

  • Du skriver så vakkert! Få rører meg slik du gjør- spesielt i dette innlegget hvor jeg kjenner meg mye igjen. Din blogg Nytes i hverdagen, alltid sammen med en god kopp kaffe eller te.

  • Dette var utrolig fint å lese! Jeg fødte noen dager etter deg, mye var likt og noe var veldig forskjellig. Fødsel er heftige greier.

  • Eg trur kanskje dette er det beste innlegget om ein fødsel eg nokon gong har lese. Så intenst frå byrjan til slutt, så fantastisk ærlig hærlig. Takk! Her fekk ein verkeleg kjensla av å være floge på veggen. Og sjøl om det var intenst og vondt, så får du det til å høyres så flott ut. Du er ein veldig dyktig skribent. Det du skriver er så ekte. Det føles son om en står i situasjonen sjølv berre av å lese. Fortsett med det :)

  • Sterkt og nydelig skrevet! Takk for at du deler. Jeg ble minnet på dette diktet:

    Det største mysterium

    Det største mysterium er ikke mer enn det:
    At en ørliten kropp er våknet til jorden.
    Den nyfødte ser.
    To luker i himmelen går opp.
    Selv femtrinns raketter og kjernefysikk,
    blir puslingers puslespill
    når det nyfødte barn
    med et eneste blikk
    beviser at Gud er til.

    André Bjerke

  • Føler dette er noko av det mest ærlege eg har lest om fødsel nokon gong. Føler du har fått med..typ alt!
    Er nok nokre år til eg skal gjennom dette sjølv, men eg tek av meg hatten for alle som har eller skal føde!

  • Takk for dette innlegget. Så utrolig nært og ærlig uten at det føltes utleverende. Jeg har alltid hatt en redsel for det å skulle føde, har hatt mareritt om fødsler og tenkt at det er noe jeg aldri kommer til å klare. Men dette innlegget gir meg virkelig troen på at vi kvinner er supermennesker når det trengs. Takk!

  • Nå sitter jeg her og griner. Så bra at du deler, Mariell, og SÅ fint skrevet. Jeg kjente meg igjen i mye av det, selv om min fødsel var helt annerledes: igangsetting, 36 timer med rier, og til slutt hastekeisersnitt. Ikke sånn jeg hadde sett det for meg i det hele tatt, men likevel så fint. Også fikk vi jo endelig møte den fineste lille som hadde bodd i magen så lenge <3