Sengamat

SengamatSengamatSengamat

[left]I dag har me hatt kaffeslaberas i gamlahuset, Jostein si tante Mari har vore på besøk med sengamat. Elskar verkeleg dette ritualet med å ta med seg bevertning heim til dei nyforløyste, og alt me trong å gjera sjølve var å trekka kaffe. Ho hadde til og med med seg ei gåve til Saga, ei heimestrikka jakke som var så innmari fin. Heimelaga gåver er dei beste gåvene. I Klong-vasen som me fekk av lillesøster til bryllupet hadde eg fordelt ein blomsterbukett frå tante Karen Sofie som song på siste verset,og kaffien vart servert på serviset etter mormor så det var store delar av familien til stades sjølv om dei ikkje akkurat var her. Hedersgjesten sjølv sov seg gjennom heile selskapet, men det har ein vel lov til når ein berre er to veker gamal.[/left][right]Today we hosted a little gettogether in our house, Jostein’s aunt Mari came to visit us with sengamat (translated to “bed food”). I love this ritual of bringing the new parents cake or food, and everything we needed to do ourselves was make coffee. She even brought with her a gift for Saga, a jacket she knit herself that was so lovely. Homemade gifts are the best gifts. In the Klong vase my sister gave us for the wedding I had put the last remains of a bouquet we got from my aunt Karen Sofie, and we used porcelain I got from my grandmother, so a lot of family was there even though they weren’t. The guest of honor herself slept through the entire ordeal, but I guess that’s well within your right when you’re two weeks old.[/right]

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *