Mama

Untitled

[left]I dag har eg vore mammaen hennar i ei veke. Det føles enda ikkje sant og samtidig føler eg at det er dette eg har venta på heile livet. Akkurat no går dagane med til tårer, mjølk og sveitte. Det finst ingen kvardag enda, berre ein masse første gongar. Som då me la ho i vogna i dag og trilla bort for å henta posten, ho sov i vogna ute etterpå og eg var våkemammaen som gjekk opp og ned trappa for å sjekka ved kvart minste klynk mellom klesvask og plukkerydding, justerte lua for å passa på trekken og sjekka at sokkane framleis sat på, at ho pusta. Først i dag har me fått tatt oppvasken som stod att etter me måtte reisa til sjukehuset og føda. Kjolen eg hadde på meg då vatnet gjekk er no rein og tilbake i skapet.

Det meste er annleis. Jostein må smøra majonesen på skiva for meg og akkurat dette skriv eg veldig sakte med venstre hånd i notater-appen medan eg ammar.

Jostein tok dette bildet av oss den dagen me kom heim fra sjukehuset, eg var sveitt og stressa og overvelda på alle måtar og eg elskar det, kor ekte det er og kor ekte dette er. Håpar eg kjem til å hugsa alt. Kor fort smerten stoppa etter ho kom ut, at bringebæra rakk å modnast før me kom heim, kor gode Jostein og eg har vore med kvarandre og at me dansa på trappa i dag i rein glede.[/left]

[right]Today I’ve been her mother for a week. It still doesn’t feel true and at the same time I feel like I’ve been waiting for this my whole life. Right now, the days go by in tears, milk and sweat. There is no everyday yet, just a lot of firsts. Like when we put her in her pram today and rolled on by to fetch the mail, she slept outside after that and I was the nervous mama who went to check at every little noise, between laundry and tidying, to adjust her hat and watch out for draft and check that her socks were still on right, that she was still breathing. Only today we’ve managed to do the dishes we left behind when we had to go to the hospital to give birth. The dress that my water broke all over has been cleaned and put back in the closet.

Most things are different. Jostein has to apply the mayonnaise to my sandwich and I’m writing this very slowly with my left hand in the notes app on my phone while I breastfeed.

Jostein took this picture of us on the day we came home from the hospital, I was sweaty and stressed and overwhelmed in every way and I love it, how real it is and how real this is. I hope I’ll remember everything. How quickly the pain stopped after she was born, that the raspberries had time to ripen before we got home, how kind and gentle we’ve been to one another and that today, we danced on our front stairs out of joy.[/right]

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *