The waiting game

Untitled

I dag har eg termin, og det er heilt stille på garden. 40 veker og to dagar har denne ungen vore inne i kroppen min, og egentlig syns eg det er heilt okei at me har fått denne tiden, at det ikkje har skjedd noko før, ein treng liksom tida til å venna seg til tanken om at livet skal bli så annleis. I badekaret for eit par dagar sidan låg eg og trykte litt på magen og fekk svar tilbake, og det er ein av dei første gangane eg har heilt skjønt at denne ungen er ferdig, kor stor den faktisk er. Det er jo heilt absurd at det er den samme personen som skal komma ut og vera dotter eller son min. Men no er me klare!

Desse dagane eg går over tida døyper eg til prinsessedagane. Eg vil at Jostein skal vera ved sida mi og mata meg med druer, liksom, det føles på ein absurd måte rettferdig å ønska at han er i dette 100% heile tiden óg sidan eg ikkje har noko valg i denne kroppen. For no er det ikkje så gøy lenger å vera gravid, no vil eg mest mest mest av alt berre få holda denne bebisen i armane. Eg kjenner definitivt at kroppen gjer seg klar, meir og meir for kvar dag som går, og no vil eg berre at det skal starta på ordentlig. For å få tiden til å gå litt fortare gjer eg sånt som å ta ansiktsmasker, baka boksar fulle av kjeks, lakka tåneglene med glitter, ta lange lurar og bretta babyklede.

Kryss fingrane for at denne strekka blir så kort som mogleg! Og takk for at de er så fine, no og alltid.

Today is my due date, and everything is oh so quiet. This baby has been in my body for 40 weeks and two days, and I think it’s ok that I’ve had this time, that I haven’t gone into labor sooner, I needed this time to get used to the idea of life being so different. In the tub a couple of days ago I was poking at my belly, getting replies, and it’s one of the first times I’ve actually grasped the done-ness of this baby, how big it is. It’s absurd that that very person will be coming out and that very person is my daughter or sun. But now we are ready!

I dub these past-due days the princess days. I want Jostein to be by my side and feed me grapes, it feels absurdly appropriate to want him to be in this 100% all the time too since I don’t get to choose in this body. Because the novelty of pregnancy has worn off at this point, and I just really want to get this baby out and into my arms. I can feel my body gearing up and getting ready, more and more every day, and I’m aching for something to begin. To make time go by I’m doing things like face masks, baking a lot of cookies, putting glitter on my toenails, taking long naps and folding baby clothes.

Wish me luck in hoping this part will be as short as possible! And thank you for being so lovely, now and always.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *