Links I love, important things and updates on life.

[left]Det skjer så mykje i hjerna og kroppen no at eg tenkte ein real oppdatering var på sin plass! Eg er så innmari treig med blogginnlegg no, så i dag nektar eg meg sjølv å stå opp før eg har skrive dette ferdig. Jostein ligg i badekaret nede og utanfor vindauget spring hestane og ein kan i like stor grad kjenna i golvet at hovane treff marka som ein kan høyra det med øyrene.

Alle andre bloggarar som har vore gravide i samme grad som meg virkar jo til å ha fått babyane sine no, så eg føler meg sjølvsagt veldig umoderne i kor sjukt gravid eg er. Og no merkar eg det verkeleg, det blir tyngre og tyngre for kvar dag. Men, enn så lenge har eg det bra så da får babyen bli der inne. No kan eg tella på éi hand kor mange dagar det er til termin, dette er jo typ det mest spennande nokonsinne! Eg har tenkt å nyta desse dagane til det absolutt ytterste og prøva å gløyma litt den datoen. Og sjølv kor klare me er praktisk, er hjernen framleis mange månader bak og eg tek meg sjølv i å tenka “tenk at eg har eit ANSIKT inni MAGEN!?”. Eg innsåg nettopp at eg har onlineshoppa i natt, i innboksen var ein bestillingsbekreftelse som kom klokka 03:20, kanskje me må dra ut internettet. Hugsar óg vagt at eg åt ei rute mørk sjokolade då eg var oppe klokka sju.

Men ja, eg har nokre linkar og punktvis informasjon å tilby dykk![/left][right]There is so much going on in my brain and my body right now I thought an update was only right! I’m so slow at blogging now too, so today I am refusing to get out og bed before I finish this. Jostein is in the bathtub downstairs, and outside my window the horses are running around, and as much as you can hear them with your ears you can actually feel their hooves hitting the ground.

It seems like every other blogger who has been around the same amount of pregnant as me have had their babies now, I’m feeling very outdated in how crazy pregnant I am. Right now I can really feel it too, it gets heavier by the day. But, for now I am coping and I’m happy so the baby can stay in there. I can count the days until my due date on one hand, this is just too crazy exciting! The plan is to enjoy these last few days to the max and try to forget about the date. And even though we’re ready in life, my brain is months behind, I still have thoughts like “Isn’t it crazy I have a FACE in my STOMACH!?”. I also just realized I did some online shopping last night, in my inbox was an order confirmation that arrived at 3:20am, we might have to take away my phone privileges. I also vaguely remember eating dark chocolate at 7am.

But yes, I have some links and some informations for you!
[/right]

artilleriet
[left]Om eg ikkje får sova om natta så hoppar eg rundt i nettbutikkar (kanskje ein dårlig idé sidan eg faktisk har brukt pengar halvt i svime i natt), og favoritten er Artilleriet. AH. Får altså eit så intenst habegjær.[/left][right]If I can’t sleep at night i browse online shops (maybe a bad idea since I’ve spent money half asleep last night), and my favorite is Artilleriet. It gives me intense cravings.[/right]

 

28084102822_a1fd156a42_b28176201615_fd52389b59_b[left]Denne kakeoppskrifta ser jo heilt sjuk ut, ein luftig botn med rein smak, krem og jordbær med balsamico på toppen. Saft-i-munnen.[/left][right]This cake looks insane, a fluffy sponge with clean flavors, cream and strawberries with balsamic on top. Wow.[/right]

 

58d380515718f1f697af4efaa089f778bd397d56[left]Fantastiske Anna Friel (som eg forelska meg i i serien Pushing Daisies) er no med i ein ny Netflix-krim som heiter Marcella. Har nokon sett den? Er den bra? Eg vågar ikkje å begynna på ein ny serie no, men tenkte å spara denne til etter babyen kjem.[/left][right]Amazing Anna Friel (who I fell in love with watching Pushing Daisies) is now in a new Netflix crime show, Marcella. Has anyone seen it? Is it good? I’m not brave enough to start watching a new show right now, but thought I’d save this one for after baby comes.[/right]

 

sunnfornuftknappen
[left]I dag lanserast Sunn Fornuft-plakaten, som er ei rettesnor for bloggarar som skal forebygga kroppspress og spiseforstyrrelsar blant unge. Eg er ein av bloggarane som har skrive under på plakaten, og sjølv om eg allereie er superbevisst på dette fra før håpar eg at all merksemda rundt det vil dytta store bloggarar i rett retning mot eit meir forsvarlig innhold. Det skal vera trygt og fint for oss alle å bruka internettet![/left][right]Today is the launch of the Common Sense-poster, its aim is to make bloggers more aware of their impact on young impressionable people, and I’m one of the bloggers who have signed it.[/right]

 

42cba1051f67b32d608de591ddd8917e[left]Jostein og eg har kjøpt bil! Akkurat no har me altså eit billån og ei stasjonsvogn med barnesete baki. Hallo kor voksen?[/left][right]Jostein and I bought a car! Right now we have a car loan and a station wagon with an infant seat in the back. Hello how grown up?[/right]

 

Screen Shot 2016-05-23 at 7.52.58 PM[left]Haruki Misawa sin blyantkunst er faktisk ganske fantastisk.[/left][right]Haruki Misawa’s pencil art is actually amazing.[/right]

omnom
[left]Eg har oppe to superdigge oppskrifter på tilbehør til fisk på Økologisk.no no, tartarsaus og moste erter med mynte. Minnar meg veldig om stamplassen vår i London, og eg lengtar mot ein fish finger sandwich. Om kroppen orkar skal det bakast burgerbrød i dag! [/left][right]I have two recipes up, for tartar sauce and minty mushy peas, both in norwegian, but seriously. Translate them and make it happen. I long for a fish finger sandwich, and if my body is ok with it I’ll make some burger buns today![/right]


[left]Trur at Violet Chachki er min favoritt fra RuPaul’s Drag Race nokonsinne, elskar elskar elskar ho og denne filmen som iD laga med ho, ho er så smart og opplyst og tenker på drag på ein ny måte som eg óg føler meg som ein del av. Vil typ kjøpa plakatar av ho og henga på veggen på barnerommet.[/left][right]I think Violet Chachki is my favorite off RuPaul’s Drag Race ever, I love love love her and this little film thad iD made with her, she’s so smart and informed and thinks of drag in a new way where I feel involved and included. I want to buy posters of her to put in the nursery.[/right]

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Jeg ser på Marcella om dagen, og selv om det tok noen epsioder, så har jeg kommet ordentlig inn i den og synes den er utrolig spennende. Gled deg. Dessuten er den jo fra skaperen av Broen – i tillegg til at en norsk skuespiller har en ganske stor rolle – så det er lite som kan gå feil :)

    Nyt de siste graviddagene, og pass på deg selv! Lykke til!

  • Skjønneste du med den fineste magen <3
    Kan jeg være så snill å få oppskriften på bryllupskaken deres? <3
    Stor klem til deg og magen <3

    • Hei! Eg har den kun i mini-versjon, den store vart liksom skissert opp på papir som vart fulle av melis og smørkrem, haha. Men ja, det er denne oppskrifta (trur at dette var det øverste laget vårt) også er jo resten matte igrunn. :)

      Mini-kake med jordbær og vanilje
      8-12 personar

      Sukkerbrød
      50 g smør
      3 økologiske egg
      225 g sukker
      1 vaniljestang
      1 dl mjølk
      180 g mjøl
      1 1/2 ts bakepulver
      1/2 ts salt

      Jordbærsmørkrem
      300 g smør, i romtemperatur
      4,5-5 dl melis
      0,5 dl + 1 ts fløyte
      1 ts vaniljesukker eller vaniljeekstrakt
      1,5 dl jordbærpure (jordbær som du har køyrt i ein blender/stavmikser)

      Sukkerbrød
      1. Sett omnen på 175 grader, og smør og strø to kakeformer på 15 cm med mjøl. Om du, som eg, berre har éi form, kle den. Splitt vaniljestanga og skrap ut alle frø med ein kniv.

      2. Smelt smøret over middels varme, og la det kjøla seg ned.

      3. I mellomtiden, pisk egg, sukker og vanilje til det er ein lys og luftig eggedosis, ca 5 minutt. Varm mjølka til den er lunka, og tøm både mjølk og smør oppi til egga, og pisk det inn.

      4. I ei anna skål, bland mjøl, bakepulver og salt. Tøm det tørre oppi til det blaute, og bland med ein sleikepott til du har ei glatt røre.

      5. Fordel røra i dei to formene. (Om du berre har ei form, tøm røra over i eit litermål, og tøm så halvparten av røra oppi forma du har. La resten stå i romtemperatur til den andre forma er klar. La forma kjøla seg ned, og vask den før du igjen smører den og strør den med mjøl.)

      6. Sett formene i omnen og steik i 28-30 minutt, og la kakene kjøla seg ned i forma i 10 minutt før du snur den på hovudet på ei rist og lar dei kjøla ned heilt før du har på smørkremen. Sukkerbrødet kan med hell lagast dagen før og oppbevarast i plastfolie i kjøleskapet.

      Smørkrem
      1. Pisk smøret til det er mjukt.

      2. Tilsett 4,5 dl melis og pisk til du har ein veldig luftig og lys krem, ca 5 minutt med håndmikser. e

      3. Tilsett vanilje, fløyte og jordbær, og visp til alt er godt blanda. Om blandinga er for laus, spe på med meir melis.

      4. Bruk ein sleikepott til å røra ut litt av lufta i glasuren.

      Samansetting
      1. Med ein brødkniv og eit konsentrert auga, del begge kakene i to så du har fire lag.

      2. Smør ei spiseskei med smørkrem på fatet du skal bruka, det hjelper kaka å sitta fast på fatet.

      3. Start med ein topp, og legg den opp-ned på fatet. Dette er spesielt lurt om du har fått ein lett runda topp. Spre ca 0,5 dl smørkrem på det første laget. Gjenta prosessen, og legg laga slik (alle laga opp-ned): topp, botn, topp, botn. Botnen på det siste laget er eit perfekt flatt grunnlag for smørkrem.

      4. Dekk heile kaka med eit tunt lag med smørkrem, og sett den i kjøleskapet i eit kvarter til den er litt kald. Det gjer det enklare å spre resten av smørkremen.

      5. Ta kaka ut, og spre resten av smørkremen på den med ein glasurkniv eller ein stor sleikepott.

      6. Oppbevar i kjøleskapet til den skal etast, og la den komma nær romtemperatur før servering.

      Pynteforslag: kandiserte roseblad eller andre etelege blomar!

      • Tuuuuusen takk <3 Du er virkelig best <3 Jeg gleder meg til å lage den til vår 5års bryllupsdag <3 Verdens beste klem <3