10 days in the rain with the sun.

SynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynneSynne

[left]Det er ikkje heilt sommar om ikkje Synne kjem på besøk og blir verande i ein liten evighet. Elskar at det var ei sjølvfølge at det skulle vera tilfellet i år óg sjølv om eg var supergravid og det var byggeprosjekt på gang i huset vårt. Kva gjorde me egentlig? Det anar eg ikkje, tiden gjekk så fort og samtidig som syrup, me laga mat og åt og las bøker og såg RuPaul’s Drag Race, forbanna regnet og reiste på roadtrip til Evanger og Voss. Den dagen trudde eg at fødselen skulle starta, og eg måtte setta meg ned i ein sofa på Fretex på Voss og få Synne til å køyra bilen nærare for eg var dehydrert og kynnarane kom tett. Me vart inviterte inn til mamma og pappa på middag, og etterpå tok eg Synne og Jostein med på ei sightseeing gjennom barndommen der eg peika og fortalte historiar, om stallen der me braut oss inn på kveldstid for å henga med hestane og campingplassen der dei som eigde gav oss bringebærdrops berre me reiste derifra. Så innmari fint, anbefalar alle å gjera det med vennene sine. Plutseleg kom ein dag da ho skulle reisa igjen, og som med alle no er det så innmari rart å ta farvel, for neste gong me ser kvarandre er alt så veldig annleis.[/left][right]It’s not really summer if Synne doesn’t come to visit and stays for a small eternity. I love how no-questions it was for her to come this year too even though I was super pregnant and there was still building work going on in our house. What did we spend our days doing? I don’t really know, time passed so quickly and still like syrup, we cooked and ate and read books and watched RuPaul’s Drag Race, cursed the rain and went on a roadtrip to Evanger and Voss. I was certain I was going to go into labor that day, I had to sit down in a sofa at the Salvation Army shop and get Synne to bring the car closer to me because I was dehydrated and the Braxton Hicks were really going. We were invited to have dinner at my parents’ house, and after I took Synne and Jostein sightseeing through my childhood. I pointed and told them stories, about the stables where we’d break in at night to hang out with the horses and the people who owned the camping who gave us raspberry candies to get us to leave. It was so nice, I really recommend doing that with your friends. Suddenly came the day of her departure, and as with everyone these days it’s so weird to say goodbye because the next time we see eachother everything will be so very different.[/right]

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *