If I had Snapchat: pistacchio ice cream, baby bonnets and my new fridge

UntitledUntitled

[left]No tenkte eg at eg skulle blogga litt som om eg hadde snapchat! Eg har nettopp vakna fra verdens lengste lur, eg sovna midt i at Jostein og eg såg på kva slags trapp me skal ha på huset vårt (Jostein fastna heilt på Pinteresten til Viivilla.se) og fekk verdens største søtsug: pistasjis. Eg elskar det, men mest så får eg lyst på det når Synne er på besøk fordi ho er allergisk mot nøtter. Synne reiste i går, men eg drømte nettopp at ho hadde mista flyet sitt. Eg drømte óg at eg mista ein sko på veg mot ein Starbucks også fekk eg låna ei seng av ein snill framand fordi eg var så gravid og trøytt. I dag har vore ein sånn dag der eg har fiksa og triksa heilt til bekkenet sa stopp, men det føles heilt okei. Elskar permisjonslivet, elskar Norge. Akkurat no høyrer eg Jostein som ordnar i rosebedet utanfor det opne vindauget, og vår lille to år gamle nevø som kjem nærare og nærare og seier “Jostein Jostein Jostein”. [/left][right]I thought I would blog as if I had snapchat! I have just woken up from the world’s longest nap, I feel asleep during our research on stairs, we think we’ve found out what we want on our house, and I woke up with the biggest sweet tooth and craved pistacchio ice cream. I love it, but mostly I want it when Synne is here because she’s allergic to nuts. She left yesterday, but I just dreamt she had missed her plane. I also dreamt that I lost a shoe on my way to a Starbucks and a kind stranger lent me a bed because I was so pregnant and tired. Today has been one of those days where I’ve done so many things in the house until my pelvis was like “NO” but that’s ok. I love maternity leave, love Norway. Right now I’m listening to Jostein taking care of the rose beds outside the open window, and our two year old nephew coming closer and closer saying “Jostein Jostein Jostein”.[/right]

Untitled
[left]Det må vera pistasjis fra Sørlandsis, forresten. Totalt grønn og ikkje fancy. Eg har eit veldig rart og mildt barndomstraume relatert til denne isen, fordi eg kan hugsa at kvar gong eg har laga milkshake med pistasjis (det er snakk om kanskje to gonger, men i barnehovudet mitt er det minst ti) så har blenderen velta. No køyrer eg det trygt og et den heller i skål.[/left][right]It has to be the non-fancy kind of pistacchio ice cream, by the way. Really green. I have a mild childhood trauma with this ice cream, because I can remember that every time I’ve tried to make a milkshake with it (maybe two times, but in my child memory it’s ten times) the blender has toppled over. Now I play it safe and eat it out of a bowl.
[/right]

Untitled
[left]Me har skrudd opp denne nye hylla på veggen på badet der stellebordet skal stå, med alle bebisen sine greier: bleier, klutar, wipes, smukk, ei lavendelsåpe som var ei gåve frå Synne også ein skikkelig langarma eføy.[/left][right]We’ve put up this shelf in the bathroom where the diaper changing station will be, with baby stuff on it: diapers, muslin cloths, wipes, a pacifier, lavender soap that was a gift from Synne and a very long ivy.
[/right]

Untitled
[left]Det er andre ting i huset som óg er i endring og som er pistasjgrøne! Vårt nye kjøleskap som kom i går. ALTSÅ. Er heilt besatt av det. Eg har ønska meg dette kjøleskapet i nesten ti år. Flytta veldig høgtidelig over innhaldet i går, og blir glad kvar gong eg opnar det og kvar gong eg ser det. I natt når eg var oppe (som ein jo er når ein er ni månader gravid) så smilte eg når eg subba forbi det. Ekte kjærleik er det.[/left][right]Other things are changing in our house too, that are also pistacchio green! Our new fridge that arrived yesterday. SERIOUSLY. I am obsessed. I have wanted this fridge for almost ten years. I carefully moved all the contents from fridge to fridge yesterday, and it makes me happy every time I see it and open it. Last night when I was up (as you are when you’re nine months pregnant) I smiled as I walked by it. It’s true love. [/right]

Untitled
[left]Føler meg heilt sikker på at ungen vår har den finaste garderoben. Og enn kor fine dei er no, tenk så mykje finare desse kleda er med tjukke lår i. Jostein har jo bestilt ein tjukk baby.[/left][right]I now feel pretty certain our child has the prettiest wardrobe. And to think, how cute will they be accompanied by chubby thighs? Jostein has ordered a chubby baby.
[/right]

Untitled
[left]Apropos babyklede så har eg kjøpt enda ei lue. Eg innsåg at dei eg hadde var mest i større storleikar, men eg vil jo ha eit nyfødtfjes inntulla i blonder óg, så eg bestilte denne og puttar den faktisk i bagen som skal med til sjukehuset.[/left][right]Speaking of baby clothes, I bought another bonnet. I realized most of the ones I have are bigger sizes, but I also want a newborn face wrapped in lace, so I ordered this and am actually taking it to the hospital. [/right]

Untitled
[left]Me var på kontroll med jordmor i dag tidlig og som vanlig valgte eg dusj framfor frukost, så me åt frukost når me kom heim igjen og det vart knekkebrød og kardemommebollar som eg laga i går, og medan me åt snakka Jostein om kor bortskjemt han er og kor heldig han er og eg prøvde ikkje å stoppa han. Ganske så herleg, altså. På kontroll gjekk det forresten heilt fint! Jordmora sa at eg var frisk og sterk, og sjølv om eg jo veit det så er det så deilig å høyra nokon andre sei det. Eg er så mykje mindre redd for alt i helsevesenet no etter å kun ha hatt med jordmødre å gjera sidan januar, alle som er redde for legar bør kun gå til jordmødre uansett om dei er gravide eller ikkje.

Eit anna høgdepunkt for dagen var at me fekk første sending av kaffe fra Tim Wendelboe, me har kjøpt abonnement og møtte kaffehimmelen ihop. SÅ GODT! Jostein er så god på cappuccinos altså, det er heilt vilt. Han er heldig, men det er eg og. Ofte ligg eg i senga om kvelden og snakkar til Jostein medan han halvsøv og da seier eg alltid kor heldig babyen vår er som har foreldre som er så glade i kvarandre. Det er den finaste tanken eg kan tenka.

Det var den livebloggingen! No skal Jostein laga pasta carbonara til meg og me skal sjå ein film, har eg tenkt. Håpar at de óg har det bra, akkurat akkurat no![/left][right]I went to see the midwife today, and as usual I chose showering over breakfast before we went, so we had breakfast when we got home: crisp breads and cardamom buns I made last night, and while we ate Jostein talked about how spoiled he is and how lucky he is and i didn’t stop him. A lovely life indeed. At my checkup, everything was great! The midwife said I was healthy and strong, and even though I know that it feels so good to have someone say it. I am so much less scared of all doctors now after having dealt only with midwives since january, everyone who is scared of doctors should only see midwives no matter if they’re pregnant or not.

Another highlight from the day was that we got our first shipment of coffee from Tim Wendelboe. I got us a subscription, and it was coffee heeeeaveen. Jostein is the best at cappuccinos, it’s nuts. He is lucky, but so am I. Often I lay in bed at night talking to Jostein while he’s half asleep and I always tell him how lucky or baby is to have parents who love eachother so much. It’s my most precious thought.

That’s it for this live blogging session! Jostein is making me pasta carbonara, and we’re going to watch a movie is the plan. I hope you’re good too, right right now! [/right]

Leave a Reply to S.A. Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Jeg kjøpte et broderimønster for noen måneder siden, med en luftballong! Jeg har så lyst til å lage en til dere og babyen. Har dere noen favorittfarger jeg kunne blitt inspirert av? Sånn tre-fire stykker :)

    – Kristine

  • Ble helt rørt når jeg leste “kor heldig babyen vår er somhat foreldre som er så glade i kvarandre”! Kommenterer så og si aldri blogger lengre, men ville bare si at jeg ble helt på gråten. Ta godt vare på den kjærligheten!

    Masse, masse lykke til videre! Gleder meg til å få “møte” babyen!

  • Det kan hende du allereie har gjort det, men kunne du lagt ut oppskrift på kardemommebollar dersom du ikkje har gjort det? Har forresten sååå lyst på den fillerya – har berre ei lita ei sjølv, men skulle gjerne hatt ei stor óg :)
    Pistasjis frå Sørlandsis er best!

    • Eg har aldri laga ei oppskrift på dei, brukar litt forskjellige oppskrifter. I går brukte eg denne men bytta ut kanel mot kardemomme: http://lantliv.com/mat-vin/carolines-goda-kanelbullar/ Og det er dei beste eg har laga nokonsinne.

      Eg hugsar ikkje kor mykje kardemomme eg brukte, men tok det meir på feelingen: ganske mykje iallfall! Og eit av dei beste triksa i verda er å koka opp ei sukkerlake (like mengdar vatn og sukker, eg brukte 3 eggeglas av kvar til denne mengda bollar) også pensla bollane med det så straks dei kjem ut av ovnen. Da blir dei blanke og ekstra saftige!

  • Eg har lese bloggen din sidan eg var sånn 15 år (som byrjer å bli nokre år sidan no heh) og aldri nesten aldri kommentert men no måå eg berre seie TAKK for at du bloggar så sjukt bra og inspirerande alltid, for at du skriv så mykje om kjærleik og fine ting. Bloggen din er liksom ei litta pustepause i alt det grå som ofte er på internettet og i kvardagen generelt. Her på bloggen er det alltid noko å smile av.
    Byrja forresten nesten å grine av å lese det nest siste avsnittet, for ein heldig beibis som kjem ut til så mykje kjærleik!

  • You’re so beautiful in those pictures. I’m very glad your pregnancy is going so well. All the blessings in the world.

  • Tips til din nøtteallergiske venn; mange av pistasjisene inneholder faktisk ikke nøtter! Hilsen nøtteallergiker :–)

  • Åh, så fine klipp! Godt å sjå at du bunkrar opp energi med boller og kaffi. Det er det luraste ein kan gjere før den store finalen! Stor klem til deg

  • ÅÅÅåå så fint blogginnlegg! Så fin du er Mariell! Så fint kjøleskapet er! Så fint at du og Jostein er så glade i, og gode med hverandre! Alt var bare SÅ fint, og nå ble jeg bare glad ;)

  • Åååå, jeg fikk sånn craving etter pystasjis nå! Jeg lovet meg selv å ikke gå inn i godtemodus før etter bryllupet, og kjenner at dette kan være problematisk nå, hehe :) Så fint å høre at alt gikk bra på kontroll. Har lest bloggen din i flere år nå, så gleder meg masse på dine vegne! Tenk at du skal bli mamma til en liten bebis nå kjempesnart :D