Answers on moving from London and gender equality at home

23.

Hej sötekatten! Snart bebbe så spännande. Är nyfiken på vilka namn ni gillar och hur ni tänker där? Har ni kollat om det är pojke eller flicka? Är själv preggo så mycket tankar här också. Och så sist.. Vad känner du för Brexit? Puss och kram
Hei! Takketakk! Me har gått for navn med norrønne opphav med vage familietrekk (fra begge familiane våre), me har to doble navn (altså fornavn mellomnavn til gutt og jente). Veit ikkje kjønn, så det blir superspennande å finna ut kva bebisen heiter! Ang. Brexit så syns eg det er så forjævlig patetisk og trist at frykt og dumskap fekk avgjera ein så stor greie, og hadde aldri i mitt liv trudd at det kom til å gå slik.

Så spennende med bebis rett rundt hjørnet! Hvordan har dere tenkt å fordele permisjonen mellom dere? Og kommer du til å fortsette å blogge selv om du er i permisjon?
Takk, det syns eg og! Eg tek dei første tre månadane no, som er vanlig, også kjem eg til å i hovudsak ta ut størstedelen av fellespermisjonen fordi eg er den som tjener mest pengar og dermed får mest permisjon fra NAV. Me kjem til å gå for eit gradert uttak fra hausten av, der Jostein kjem til å ta permisjon éin eller to dagar i veka så eg får jobba med mine faste ting, altså spaltar for Kvinneguiden og oppskrifter for Økologisk. Bloggen tjener eg (heldigvis?) ingen pengar på sånn i det daglige, så den får eg liksom styra på som eg vil med!

Hvor stor er bygda dere har flytta til egentlig, hvor langt er det til nærmeste kino eller barneskole? Kan du lage saft av hyllebærblomst? Ha en fin sommer!!
Me bur i Lærdal! Det er ein veldig stor kommune, men det bur berre typ 2000 menneske her, folk bur litt i klumpar som er langt ifra kvarandre. Det er ein kino her, men altså ja, det skal altså gå tre filmar der fra og med i dag til august, sååååå iTunes blir vår beste venn her. Garden me bur på er eit stykke utanfor bygdesentrum, så alt er litt langt unna uansett (spørs jo sjølvsagt kva ein er vant til, men). Eg har aldri hausta hyllebærblomst for å laga noko som helst, kun for å snusa på! Men elllllskar hylleblomst, vil gjerne at nokon skal laga hyllesaft til meg!

Kan du anbefale noen fine grafiske magasiner eller bøker som du liker? Det er så fantastisk at jeg fant igjen bloggen din! Du er så utrolig inspirerende! :D Ha en fin sommer! Og lykke til med bebis <3
Hej og takktakk! Vart ikkje heilt klok på kva du meinte med grafisk, men om eg tolkar det som typ grafiske romanar og sånt så tipsar eg varmt om denne boka. Eg har ikkje så mykje erfaring eller peiling, men veit at Jostein skulle tipsa om både Maus og Logicomics! Også syns eg ein kan snakka med Anja Dahle om sånt, for ho er klok og sjukt flink.

Last week.

Angrer du noe på at dere dro fra London eller kjennes det bare riktig? Hvordan tar man sånne avgjørelser som er så store? Hvordan vet man at man har valgt rett?
Eg angrar absolutt ikkje på at me reiste, det var heilt rett for det livet me skal gå inn i no. For ein panikk eg hadde hatt om eg var så gravid og skulle føda i eit land heilt utan støttesystem og familie rundt oss. For vår del så var det noko me bestemte oss før egentlig før me snakka med kvarandre om det, og når eg først lufta det for Jostein så føltes det som om me allerede hadde bestemt oss, liksom. Eg trur alt sånt stort kjem snikande også plutselig, ein gir seg sjølv nok rom til å finna ut av det bakerst i hjerna også kjem det til overflata når ein er klar for det. Me bestemte oss jo for det før me vart gravide, men om eg hadde blitt gravid før hadde me flytta før, det var ikkje eit alternativ å få ungar i England. Og sjølv om ein har valgt rett betyr ikkje det at det er utan sorg, det er aldri enkelt å snu livet sitt oppned. Med det sagt så betyr ikkje det at eg ikkje saknar utrulig mange aspekt av liva våre der, mest av alt dei fantastiske folka våre men óg rare ting som deodoranten min som eg er på veg til å gå tom for, sjokoladetrøflar frå Charbonnel et Walker, det perfekte surdeigsbrødet, mandelcroissantar, energy bars (som eg har livnært meg på i graviditeten) og limonade på boks. Det er dei raraste tinga ein saknar, og óg som gjer at ein lengtar tilbake.

Eg veit du har nemnd at du følgjer med på ein del youtubarar. Kunne du sjølv tenkt deg å legge ut videoar som “A day in the life”?
Eg elskar å filma, og vil gjera det meir, men vil aldri filma sånn midt i fjeset eller med stemme over bildet eller noko. Du kan sjå alle videoar eg har laga her!

Du er så vakker. Jeg lurer på om du har tenkt mye på likestilling og feminisme ifht å få barn? Både når det gjelder forholdet mellom deg og Jostein, men også hvordan babyen dere skal bli foreldre til skal oppdras? Jeg syntes det er et så inderlig spennende og vanskelig tema. Føler veldig mange mister prinsippene sine når et barn er kommet til verden. Men sånn jeg tenkt det, så er det vel ingen tid det er viktigere å være likestilt i hjemmet, støtte hverandre, ta likt ansvar for bebis, bleie, vasking og mat. Jeg tenker også det er en gave for barnet om det tidlig får lov til å bare være mennesket og ikke kjønn, og at å se pappa bidra på samme måte som mamma bygger en masse underliggende bra holdninger. Uff dette ble jo langt, men jeg funderer så mye på dette og hadde vært spennende å høre dine tanker, virker som dere lever ganske likestilt før baby hvertfall
Takk, fine du! Jostein og eg har levd ilag i mange, mange år no, og bygd ein supersolid grunnmur i kvardagen der likestilling og respekt er det viktigaste i verda. Eg har ingen tvil om at ungane våre skal få sjå oss utføra like utgåver til lik grad, akkurat som det er no. Det er heldigvis ikkje sånn at me må tenka på det på den måten, for mellom oss er det allereie likt. For nokre år sidan hadde me eit megaoppgjer der eg fann ut at min frustrasjon som “kvinne i huset” var basert på at det var eg som skulle bestemma korleis ting skulle vera, også skulle han vera forventa å utføra halvparten av ansvaret for å oppnå det. Eg trur det er mange som lever sånn utan å tenka over det. Det funkar jo berre ikkje, det er ei katastrofeoppskrift. Det er verken mitt ansvar eller min rett å vera den som definerer, så ilag braut me ned heile greia og bestemte oss. Liksom, kva var viktig for oss: kor ofte støvsuger ein? Kor reint skal det vera i kvardagen og når ein får gjester? Det var så ekstremt frigjerande for meg som “kvinne i huset” som alltid var frustrert, for han som “mannen i huset” som alltid gjorde feil uansett og for oss som par som hadde frustrasjonar me ikkje heilt skjønte oss på. Prinsipp er éin ting, ein kan hevda prinsipp til ein blir blå i ansiktet, men VANAR er ein heilt annan sak og det er det viktigaste. For det er det ungar ser, kvardagen, grunnmuren. Det kan ein ikkje forklara seg forbi.

Setubal

Hei Mariell! Skal dere få husdyr nå som dere bor i hus? Katt eller hund? Eller begge deler? Jeg tenker dere hadde kledd en sånn elegant løpehund med langt hår, lange ører og lang hale. Og en rufsete, norsk skogskatt!
Nei, me har nok med oss sjølve og bebis. I framtiden vil eg absolutt ha ein hund (iiiiiikkje ein katt, eg går ikkje overens med kattar), men det er eit stykke fram. No gler eg meg til å kunna leva fritt med Jostein og barn til skulealderen startar, der me kan leva ein månad her og tre månader ein heilt annan plass. Og det kan ein liksom ikkje gjera med hund. Egentlig er det berre ei falsk forklaring, for eg har ikkje lyst på hund no heller, men når eg ser inn i framtida så er det definitivt ein hund der!

Hva tenker dere om kjønn? kjønnede farger, blå tøffe gutter, rosa prinsesse-jenter, Kommer dere til å ha et bevisst syn på kjønn i oppdragelsen? at barna deres får leke med de de vil og gå i de klærne dere vil? ellers, tilykke med duften av ny bebi (snart) Liker bloggen din så godt, den er så rolig og stille og full av fine ting!
Takk! Me har styrt heilt heilt heilt unna alle kjønna greier når det kjem til kva me har kjøpt, og fokus på kjønn er noko av det som har plaga meg aller aller aller mest i graviditeten, fordi folk i min umiddelbare nærhet har så sterke følelsar for det eine kjønnet over det andre og det gjer meg så syka trist at ein kan tenka sånn. Eg tenker at det er ein fin gave å la ungar få komma til jorda berre som dei er også finna ut av det sjølv. Med det meinar eg at om eg får prinsessejenter og traktorgutar så gjer eg det, men det er ikkje fordi eg har plassert dei der. Eg skreiv faktisk ein tekst til Kvinneguiden om dette som du kan lesa her!

Hva slags musikk setter du på når du trenger litt ekstra pepp? Og hva er topp tre låter i sommer-spillelista di? Hva savner du mest og minst med London? Hva er det beste med å flytte hjem?
Musikk: Louis Prima, ti av ti gonger! Det er så tullete og rart og annleis at det gjer meg skikkelig glad. Akkurat no høyrer eg ikkje på musikk av ein eller annan grunn, kun podcasts og Jostein som spelar piano. Eg har nokre sånne fasar av og til, ofte kan det gå over eit heilt år eller iallfall månader, der eg berre ikkje eingang tenker på musikk som eit alternativ.
London: Eg saknar mest folka våre og rutinene våre, dei faste plassane og alt det der, liksom. Eg saknar minst fulle folk som vil yppa. Det er jo så London som det får blitt. Og stresset, både mitt og andre sitt. No har eg andre typar stress, såklart, som kjem av denne nye måten å leva på, men det kan liksom ikkje heilt måla seg med desperasjonen eg har opplevd i London.
Flytta heim: Å ha så mykje plass og så mykje tryggleik. Har sakna det i livet.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Veldig kjekt å lese!
    Skal lagre dette innlegget og bruke det som utgangspunkt for en fremtidig samtale om barn og likestilling i hjemmet med kjæresten min :)

    • Hi, Kat! I don’t have the time to translate these posts myself, and the google translate for my language (new norwegian) really sucks, so if you have annnnnnnny questions at all I’d be happy to answer them in english. :)

  • Å, det er vanskeleg, dette med kjønn og likestilling. I utgangspunktet er det likegyldig for meg om den lille guten som kjem om ein måned blir kledd i rosa, blått eller grønt, om han får kjoøe eller bukse, men så er det familie og venner rundt som berre “nei, du kan vel ikkje ha rosa til ein gut” eller som ler når eg seier at babyen vel ikkje bryr seg om det er kjole han har på seg, så lenge han har det bra. Liksom at “joda Isabel, feministiske idear og tankar er fint det, men ein gut kan rett og slett ikkje ha på seg rosa eller kjole”. Så ender eg opp med å kjøpe kjønnsnøytralt då, brunt og kvitt og grønt og gult og når eg kjøpte sokkar i rosa fekk eg vondt i magen og når eg kjøpte klede i blått fekk eg vondt i magen. Det er jo heilt ufatteleg eigentleg, at to fargar skal vere så ladde og skape så sterke reaksjonar blant folk. Som om eg blir ei dårleg mor om eg kler han i rosa, men sjølv kjenner eg vel at eg er dårleg mor om eg alt frå han ligg i magen plasserar han i ein tradisjonell kjønnsboks. Enn om han som 4-åring allerhelst vil kle seg ut som prinsesse til karnevalet i barnehagen, men føler at han må seie at han vil vere Spiderman fordi alle dei andre gutane vil det? Eg vil så veldig gjerne vere som Underbara Clara som ikkje begrensar kva ungane får ha på seg utifrå kjønnwt deira, men eg synst det er så vanskeleg når alle rundt meg ler av meg når eg nevner det.

    Eg vil og prøve tøybleier og der har eg møtt skepsis både hos mor og svigermor. Liksom, alle nye idear og tankar rundt barneoppdragelse er teite og er vissst berre naiv og ung og eg lærar vel snart at blått tøy og eingongsbleier er best, det.

    Møter du på mykje slikt?

  • Så fint innlegg :) er ganske heftig det der å gå fra å være to personer i en relasjon til å plutselig bli tre stk. Jeg er like gammel som deg å fikk barn i juni 2014 :) vi bodde i en liten leilighet i Stavanger. Byen der vi traff hverandre, har ranglet på mange pubber sammen, ble voksne og fikk barn sammen. I fjor flyttet vi fra byen og nærmere min familie.
    Nå lengter vi tilbake igjen, for det er noe med disse vennene man får når man er voksen og hele det nettverket.. Heldigvis bor vi jo fortsatt kun noen timer fra Stavanger, men vi flytter nok tilbake igjen til neste år.
    Liker den filosofien din om å bo noen mnd her og der, jeg er akkurat lik :) kunne godt tenkt meg å bodd i Brighton, Sydney eller New York en liten stund.. Så lenge vi har en trygg base i Norge å vende hjem til. Verdensbarn jatakk;-)
    Lykke til med resten av graviditeten :-)
    P.S tror jeg så deg på Gardermoen i slutten av mai, følger deg på instagram også. Så ble litt “flau” av å kjenne deg igjen i tilfelle du så det. Haha! Blir du ofte gjenkjent :)?

  • Hei Mariell! Ble umiddelbart superinteressert (+ inspirert) da jeg leste svaret ditt om likestilling og fordeling i hjemmet, og “megaoppgjøret” dere hadde. Du skrev jo litt her, men kunne du utdypet enda mer?

    Takk for fin blogg!

  • Dette innlegget! “Eg tenker at det er ein fin gave å la ungar få komma til jorda berre som dei er også finna ut av det sjølv.” Så enig. Du skriver så fine svar!