Hello friday hello maternity leave!

Untitled

Typ akkurat no tek eg permisjon! Så innmari rart, når ein er frilans er det liksom ingen som seier “no har du fri!”, dei ringer ikkje fra NAV for å sei at eg må slutta å jobba. Så gøy om dei gjorde det. Men ÅH! Så innmari innmari deilig. Eg kjenner at eg treng å ha fri no, at det skal bli så godt å bruka desse kommande vekene på å samla krefter og få eit meir konkret forhold til det som no skal skje. Eg skal jo bli mamma! Det er så rart!

Eg har brukt dagen i dag på å gjera unna dei siste bitane med jobb, fakturering og den slags, pluss bestilt ein heiiiiiiiil masse ting som stod øverst på den mentale lista (babymonitor, tapet, ammebh-ar, eit norsk simkort til mobilen min, gulpeklutar), heilt enkelt sånt som gjer meg mindre redd for at ungen skal komma, og no skal eg snart teksta Jostein og da skal han komma springande over tunet som han alltid gjer og me skal baka pizza med heimelaga ricotta og alle urter me kan oppdriva i hagen og landa litt ilag, tenkte eg. Snakka om kven det er som skal sova i korga ved sidan av senga vår, er den ikkje fin? Den har vore i Jostein sin familie i veldig lang tid, og der skal bebis sova den første tida. Eit av helgeprosjekta på garden er å finna eit fint stoff og sy nytt rundt kanten oppe. Klarar nesten ikkje tenka på kor liten den dyna er, det er så altfor altfor fint.

I morgon kjem mamma og pappa for å hjelpa oss med det siste av rydding og flytting, mamma har óg med seg alle babykleda våre som ho har vaska og stroke kragane på (♥♥♥♥♥♥♥♥♥). God helg, alle saman! Eg håpar den blir full av eventyr og kvile, både for meg og for deg.

Right now begins my maternity leave! Sooo strange, because when you’re a freelancer noone will tell you “go home!”, they don’t call you to tell you to stop working. It would be nice if they did though. But OMG. So so so amazing. I really need some time off now, these upcoming weeks gathering strength and getting a more real life hold on what is actually happening. I’m going to be a mom! So strange!

I’ve used this day to get the last few bits of work done, billing and all of that, and ordered a whooooole lot of stuff that was at the very top of my mental checklist (a baby monitor, wallpaper, bras for breastfeeding, a norwegian simcard for my phone, muslin cloths), things that make me a little less scared this baby will arrive, and very shortly I will be texting Jostein. He will come running across the farm as he always does and we’ll bake a pizza with homemade ricotta and all the herbs we can find in the garden and land a little, together. Talk about who this person is who is going to sleep in that basket right next to our bed. The basket has been in Jostein’s family for a very long time, and that’s where baby will be for the first little while. One of our weekend projects is to find some fabric and stitch a new rim around it. I almost can’t think about how little that duvet is, just too cute.

Tomorrow, my parents are coming to help us with the last little pieces of clearing and moving, my mom is even bringing all our baby clothes that she has washed and ironed the collars of(♥♥♥♥♥♥♥♥♥). Happy weekend, everyone! I hope it will be full of adventure and rest, both for you and for me.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *