Honey watermelon sheep

WednesdayWednesday

I går var det onsdag, og den starta slik. Me sov altfor lenge, Jostein har pollenallergi og eg er gravid, ein kombinasjon som gjer oss såååå late om morgonen for tida. Eg kutta opp all frukten me hadde i kjøleskapet, me åt den med yoghurt, litt frukostblanding og dyr herleg akasiehonning som eg kjøpte på Gutta sist me var i Oslo. Me sat på benken framfor huset og åt og snakka og drog ut tiden enda meir, syns det er så fint kor flinke me allerede er til å omfavna dette livet.
Yesterday was wednesday, and it started out like this. We slept for way too long, Jostein is allergic to grass pollen and I am pregnant, a combination that makes us soooo lazy in the morning these days. I chopped up all the fruit we had in the fridge, and we ate it with yoghurt, some granola and lovely pricey acasia honey that I bought in Oslo. We sat on the bench in front of the house eating, talking, taking some time, I love how fully we have embraced this way of life.

Wednesday

Så sat/stod eg her og jobba, det er mykje oppskriftsjobbing no sidan eg prøvar å bygga ein liten bank av stoff. Skal jo vera i permisjon i ein liten evighet!
I sat/stood here working, a lot of recipe making these days, trying to build a little bank of stuff since I’ll be on leave for a small eternity!

Wednesday

Så var det lunsjtid, ein ganske stor fordel med å laga oppskrifter halve dagen. Vassmelonsalat og pannebrød vart det.
Then it was time for lunch, a great thing about making recipes all day. Watermelon salad and pan fried bread.

Wednesday

Så var det jobben min å ta bilder av meg sjølv! Det er jo superweird, men av og til treng ein nye bilder til noko, og onsdag var ein sånn dag. Eg er forresten heilt forelska i håret mitt no, var på Balanzera då eg var i Oslo og føler meg som eit ordentlig menneske! Meir om det seinare! Medan eg tok desse bildene vart eg var på at det foregjekk noko rart i hagen…
Then it was time to take photos of myself! That is kind of weird, but sometimes I need new photos for things and wednesday was one of those days. I’m actually loving my hair right now, I went to my favorite salon in Oslo, Balanzera, and I feel like a proper human! While taking these photos I became aware there was something going on in the garden…

Wednesday

Me hadde besøk! Denne svarte søya er så lur og snik seg ut av inngjerdingen. Den nederste delen av eigedommen her, ved elva, er på utleige til ein sauebonde, gaaaanske så koseleg og såklart morsomt at sånt kan skje.
We had visitors! This black sheep is very clever and knows how to sneak out. The bottom part of this property, by the river, is on loan to a sheep farmer which is super cosy and it’s so funny that these things can happen.

WednesdayWednesdayWednesday

Jostein lokka på søya med salt og eg hjalp til å gjeta dei, sjølv om herregud, eg er jo fra industribygd og veit jo ingenting om sau og blir berre stressa og forvirra. Jostein er så fin og var og vant til det, me holdt saltposen open heilt ned til dei andre sauane, dei kom springande då dei såg oss óg. Eg fekk mata med salt, vart sleika på armen og ei spesielt interessert søye prøvde å eta håret mitt.
Jostein gave the sheep some salt, and I helped to herd them, but oh my god, I am from a town of industry, not farming, and I don’t know anything about sheep at all. Jostein is so great and careful and used to it, we held the bag of salt open until we got down to the other sheep, they all came running when they saw us. I got to feed them salt, one of them licked my arm and another tried to eat my hair.

WednesdayWednesday

Jostein tok nokre fleire bilder av meg (etter kostymeskifte!), og resten av kvelden, nesten til det vart natt, sat eg og jobba og gløymte egentlig at eg var gravid og ikkje orkar så mykje. Sara og eg spelte inn ein podcast, den episoden er ute no (høyr på den da!!!) og eg laga ein liten bloggplan for den neste veka. Men i dag er ein ny dag, og eg har lova Jostein å vera riktig så lat!
Jostein took some more photos of me (after a costume change!), and the rest of the evening, almost until the night, I sat working, not really remembering I’m pregnant and don’t have the same tolerance as before. Sara and I recorded a podcast and I made a little blog plan for the next week. But today is a new day and I’ve promised Jostein I’m going to be super lazy!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *