For now it’s just us.

Untitled

[left]I dag er det tre veker til eg går ut i fødselspermisjon, tre bittebittesmå veker som skal pakkast fulle av skriving og oppskriftsmaking og koding. Dei siste vekene som har gått har eg levd ti meter framfor meg sjølv heile vegen, konstant bekymra for reiseplanar og pakking og flytting og å gå tom for tid før babyen kjem, men etter denne helga, denne herlige helga der me har fått så mykje hjelp fra mamma og pappa til å komma meir i orden i huset, føler eg endelig at eg kan leva litt i det som er akkurat no, at eg kan pusta. Dei neste vekene skal eg prøva å holda fast i no no no, for Jostein og eg, me får berre desse vekene. Me er no i veke 35 (av 40) av svangerskapet, om berre litt over ein månad er det nokon andre enn oss to som skal komma inn og prega livet i dette huset like mykje som oss, og eg treng og vil nyta denne tiden berre med han. Sjølv om me har to do-lister så lange som folk om hus og jobb, er dette det absolutt viktigaste. Planen er å:

– Plukka syriner og setta i den fine Klong-vasen me fekk av lillesøster til bryllupet

– Testa nye popcorn-oppskrifter

– Baka og kokkelera sånt me kan ha i frysen og snakka om livet som ligg der framme når me kjem til å trenga ein vidunderlig full frys med burgerbrød og tomatsaus

– Sjå alle episodar av Peaky Blinders

– Skriva ei lang liste over alle ting som bebisen har fått vore med på i magen og gøyma den ein lur plass til me har tid til å gjera noko fint med den

– Ta med oss iskald Solo opp i andre etasje og sortera bøkene våre i fargar, igjen, inn i den nye gigantiske bokhylla

– Mala ferdig golvet på soverommet og feira med å legga på heilt, heilt nye sengeklede

– Laga ein liten film av ein heilt vanlig dag der eg filmar og han lagar musikken

– Servera frukost i senga

– Spela kort ute når det er vindstille og bytta på å vinna

– Ha middagsrulett der ein av oss lagar hovudrett og den andre dessert, og alt er hemmelig

[/left][right]Today, my maternity leave is only three weeks away, three tiny little weeks I’m going to pack full of writing and recipe making and coding. These past few weeks I’ve been living so far ahead of myself, constantly worried about future travel plans and packing and moving and running out of time before baby gets here, but after this weekend, this lovely weekend where my parents’ have been absolute troopers and helped us out so much, I finally feel able to live in the now, like I can finally breathe again. The next weeks I will be hanging onto the present, because Jostein and I, we will only get these weeks. We are in week 35 (out of 40) of this pregnancy, and in just over a month someone else than us will be joining us and affecting this house just as much as we do, and I need and want to take this time to enjoy this time just with him. Even though we have to do lists as long as people in the house and at work, this is very much the top priority. The plan this far is to:

– Pick lilacs to put in the beautiful Klong vase my sister gave us for the wedding

– Test new popcorn recipes

– Bake and cook things to put in the freezer and talk about the life ahead of us when we’ll need a stocked freezer with burger buns and tomato sauce

– Watch all episodes of Peaky Blinders

– Write a long list of all the things this baby has been along for the ride on, and hide it somewhere safe until we have the time to do something special with it

– Bring some cold soda upstairs to sort our books into colors, again, and into the new giant book shelf

– Finish painting the bedroom floor and celebrate by finally using our brand new sheets

– Make a little film of a completely normal day, where I film and he makes the music

– Serve breakfast in bed

– Play cards outside when there’s no wind and take turns winning

– Do a dinner roulette where one of us cooks the main and the other makes dessert and everything is a secret[/right]

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *