It’s friday!

i2

Hei, mine fine venner! Håpar de har hatt fine kortveker og er klar til meir helg! Takk for at de er så fine og framleis kjem innom sjølv om det skjer lite her akkurat no, det varmar hjartet så innmari med mailar og kommentarar  Mi veke har vore så innmari full, eg har levert det som føles som tusen oppskrifter og ei spalte óg. I går låg Jostein og eg på golvet på soverommet vårt og maskerte opp til rutene me skal mala på golvet der, og det siste eg gjorde før helga var å ta glukosebelastningstest på legekontoret, oiiiiii. Kven skulle trudd at sukkerlake var ekkelt å drikka?

Denne helga køyrer me operasjon: normalisere gamlahuset. Me skal flytta ut sånt som me ikkje skal ha (inkludert eitt av to spisebord, tre av fire gyngestolar, to ubrukelige divanar), kasta all papp som flyt rundt her, vaska veggane (som har eit fint lag med støv på seg, alle saman!) og kaaaaaaaanskje kjøpa ein eføy som får stå på badet.

Eg sjølv hadde litt høgt blodtrykk hos legen i dag og har fått beskjed om å slappa aaaaav. Ein SÅNN frilansklisjé å sei det, men eg veit ikkje korleis? Berre tanken på å ikkje stressa gjer meg stressa. Tippar det inkluderer varmeflaske og film med hovudet i fanget til min mann. Men, eg har fått samla nokre linkar til dykk denne veka som eg håpar de likar så godt som eg likar dykk:

Kva gjer kvinner når ingen ser på?

26 karri-oppskrifter.

Spørsmål å stilla når nokon ikkje har det bra.

5 vårbøker.

Dårlige TV-program ein kan sjå på Netflix
.
Innekvelden er den nye utekvelden.

12 nydelege instagram-kontoar å elska.

Lærdommar frå terapi.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Det er mykje i sving når ein er gravid. Det er jo fantastisk, men ikkje berre moro. Kva med å seie til seg sjølv at no jobbar eg berre 50 %, rett og slett. Så kanskje du klarer å jobbe fram til perm. Det er viktig å tenkje på at det er etter fødsel du også treng krefter, så mitt tips er å verkeleg ikkje presse seg. Som mi jordmor sa til meg: Gravide kroppar er det ærlegaste som finst. Jobb horisontalt med beina høgt, gå tur, jobb halv dag og la mannen ta det meste praktiske som ikkje du får energi av å gjere. Du kjøper eføy og han vaskar veggar:-). Kroppen din jobbar på høggir medan han og andre kviler;-), lykke til med innspurten, kvar dag er nærare målet!

  • Disse linkene var perfekt fredagsinspirasjon i det som har vært et rutinepreget eksamenskjør denne uka, og et hardt år studiemessig. skal suge til meg all inspirasjon og visdom du har samlet opp her når jeg tar en pause i lesinga i morgen. Takk <3

    Så flott å få lov å få et innblikk i tankene dine rundt graviditeten – det får morsinstinktet i meg til å våkne veldig, til å glede meg til jeg skal få oppleve alt sammen. Ta det med ro og nyt som best du kan, Mariell! <3

  • Og takk til deg som fortsatt blogger, selv midt i alt som skjer rundt dere for tiden! <3
    Takk for fredagslinker, håper du får slappet av og at gamlahuset blir stadig mer hjemmet deres!

  • Hurra for fin fredagslesing, selv på en eksamensfylt søndag!
    Jeg heier på deg og setter pris på å lese om bo-normalisering og alt annet. Skal selv skifte bo om to uker, og ser så fram mot det, særlig med inspirasjon fra det du skriver om prosessen.

    God søndag, Mariell :)